Tretåspett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tretåspett


Vaksen hann i Torneå, Finland.
Vaksen hann i Torneå, Finland.

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Aves
Orden: Piciformes
Familie: Picidae
Underfamilie: Picinae
Slekt: Picoides
Art: P. tridactylus
Vitskapleg namn
Picoides tridactylus

Tretåspett er ein fugl i spettefamilien.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

I sitt hekkeområde er den vaksne hannen umisskjenneleg fordi han er den einaste svarte og kvite spetta i sin storleik som heilt saknar raudt eller rosa i fjørdrakta og som har gul isse. Vaksne tretåspetter er 21,5-24 cm lange og har eit vengespenn på 32-35 cm. Fuglane er svarte på hovudet, vengane og overgumpen, og kvite frå halsen til magen. Sidene er kvite med svarte striper. Ryggen er kvit med svarte render og velet er svart med kvite ytterfjør med svarte striper. Hannen har gul isse. Flukta er kraftig bogeforma. I fallfasen vert vengane lagt tett inntil kroppen. Ved plutselege vendingar kan ein merke tydeleg vengesus.

Læte[endre | endre wikiteksten]

Tretåspetta er ein relativt taus spett. Fuglen høyrest lite og alle lydytringar, også tromminga, er relativt svake. Vanlegaste læta er ei som liknar flaggspett men er meir dempa, og kan skrivast gyg eller gygg, iblant også eit hardare kyk. I skrattet, som er noko langsamt, kjem fleire etterfølgjande element oftast i lett fallande tone på kvarandre. Arten har også ei rad triller og andre lydyttringar. Tromminga, som kjem frå begge kjønn, er mykje lik kvitryggspetta. Dei einskilde trommesekvensane er lange, i middel 1,3 sekund for 20 slag, og frekvensen av de siste 5 slaga er tydeleg akselererte. Dette gjer at ein kan skilje arten frå kvitryggspetta. Spetter som dannar par meddeler seg til kvarandre med langsame trommekvervlar.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Tretåspetta si utbreiing.

Arten har ei sirkumpolar utbreiing i taigaen i holarktis. Fuglen hekkar i det nordlege barskogsbeltet frå nordaust i Polen, Baltikum og midtre Skandinavia austover til Kamtsjatka, Sakhalin og Hokkaido. Isolert frå det store samanhengande utbreiingsområdet finst bestandar i Tibet og vestre Kina, særskilt i Tien Shan, liksom i visse fjelltrakter i Europa. Dei mellomeuropeiske og sørausteuropeiske utbreiingsområda, som vert sett på som leivningar frå Weichsel-istida, omfattar subalpine til alpine trakter i Alpane, Karpatane, dei dinariske Alpane og Rodopifjella. Det er truleg at hekking framleis førekjem i somme fjelltrakter i Hellas.

Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg reknar ein med 5 000 – 10 000 hekkande par. Etter som tretåspetta er ein utprega skogsart som likar gammal gran- og blandigsskog samt fjellbjørkeskog med stort innslag av daude tre er det truleg at arten går attende i samsvar med intensiv skogsdrift. Fuglen hekkar relativt fåtalig austafjells i Sør-Noreg frå Aust-Agder og Telemark og nordover. Frå Trøndelag og nordover er han nokså vanleg. På Vestlandet førekjem arten sporadisk. Tretåspetta er ein utprega barskogsfugl som først og fremst finst i gammal granskog med turre tre. I høgareliggjande område og i Nord-Noreg kan fuglen treffast regelmessig i furuskogar og også i blandingsskog av furu og bjørk. Av og til kan spetta hekke i rein fjellbjørkeskog. Tretåspetta vert sedd som den mest trelevande av alle spetter, og praktisk tala all næring vert henta frå meir elle mindre daude tre. Sjølv om fuglen er lite sky kan han vere vanskeleg å få auge på. Han ringar ofte grantre om våren for å ete kvae; då hakkar han små hol i borken sli at det dannar seg horisontale rekker rundt stomnen. Hannen har kraftigare nebb enn hoa og søker etter næring lågare og på tjukkare stomnar enn hoa. Dette er særskilt tydeleg om vinteren då næringsbehovet er størst. Utanfor hekketida held tretåspettene seg kvar for seg eller to i lag og forsvarar territorium, ofte langt frå hekketerritoriet. Storleiken på slike vinterterritorium er omvendt proporsjonal med næringstilgangen, og der det er god tilgang på daude tre kan territoriet gjerne vere kring 5 hektar.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

I Sør-Noreg vil paret ha gammal barskog som hekkehabitat. I motsetnad til andre spetter, som hakkar reirhol i lauvtre, vel tretåspetta oftast gran. I Nord-Noreg er daude furuer dei vanlegaste reirtrea. Innanfor territoria søker hannen og hoa mat til reirungane i ulike delar av området, truleg for å nytte området maksimalt. Tretåspeta hakkar ut reirhol som er nær sirkelrundt, om lag 4,5 cm i diameter, og gjerne nær 2 m over marka. Hoa legg 4-5 kvite egg i mai-juni og begge foreldra rugar. Ungane vert klekte etter 11 døgn. 22-25 dagar gamle flyg dei frå reiret, men treng framleis foreldra i over ein månad.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Fuglen et framfor alt insekt som han finn gjennom å hakke eller pirke i borken på daude eller sterkt skadde tre. larvar, pupper og kjønnsmogne individ av borkbillar, snutebillar, trebukkar og trekveps spelar stor rolle i arten sin næringsveg. Spetta et lite av vegetabilsk føde, men i knappe tider et ho granfrø, kanskje som komplement til den vanlege maten. Eit viktig innslag i matsøket er at tretåspetta (til liks med andre spetter på andre tre) lagar små hol i ring rundt granstomnar for å suge ut sevje. Truleg vert også ungane mata med noko sevje.

Trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Tretåspettene er i hovudsak standfuglar. Mange flyg likevel sørover om hausten slik at bestanden i Sør-Noreg er størst om vinteren. Av og til kan arten opptre invasjonsaktig. Tretåspetter som er skotne vinterstid i Noreg, Sverige og Finland er større enn fuglane som held seg her om sommaren, noko som tyder på trekk av større fuglar frå taigaområda i Nord-Russland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «» frå Wikipedia på svensk, den 3. april 2012.
  • Norsk Fugleatlas, 1994.