Ardennes
- Ardennes er òg det franske namnet på fjellområdet Ardennane
Ardennes | |
---|---|
Våpenskjoldet til Ardennes | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 08 |
Region: | Rhône-Alpes |
Préfecture: | Charleville-Mézières |
Sous-préfectures: | Rethel Sedan Vouziers |
Arrondissement: | 4 |
Kantonar: | 37 |
Kommunar: | 463 |
Président du conseil général: | Benoît Huré |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 75. |
-1999 | 290 130 |
Folketettleik: | 55/km² |
Landareal¹: | 5 229 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Ardennes er eit departementet nordaust i Frankrike i regionen Champagne-Ardenne. Préfecture eller administrasjonsstad er Charleville-Mézières. Departementet har 290 130 innbyggjarar (1999), og har sitt namn frå fjellområdet Ardennane, som heiter Ardennes på fransk.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Departementet er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta den 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det er kalla opp etter landskapet Ardennane som ligg nordaust i Frankrike, sør i Belgia og i Luxembourg. Det består av delar av dei tidlegare franske provinsane Champagne og Argonne (keltisk: «Ar Gonn», som tyder «djup skog») og av fyrstedømet Sedan.
Namnet Ardennnane vart først nemnd av Julius Cæsar, som i «Krigen om Gallia» tala om ei keltisk gudinne kalla Arduinna, ei krigsgudinne som vanlegvis vart vist ridande på eit villsvin.
Området har vore utsett for mange kamphandlingar, både i den første og den andre verdskrigen, slik som Slaget ved Ardennane og Ardennaroffensiven.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Departementet er omringa av dei franske departementa Meuse, Marne og Aisne, og grensar til Belgia i nord.
Ardennes ligg i Ardennane og har store område med tett skog. Den største elva i området er Meuse
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Folketalet i Ardennes har minka sidan 1982 på grunn av flytting frå distrikta til byane. Med om lag 290 000 innbyggjarar er departementet eit av dei minst folkesette i Frankrike.