Finland i mellomalderen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Finlands riksvåpen er kjend siden 1580-talet. Krumsablen, som blir trampa på av løva, symboliserer Russland eller Novgorod, det vil seia trusselen austfrå, medan det rette sverdet, som løven svingar, står for Vesten. Dei ni rosene er tolka som symbol for dei ni historiske landskapa i Finland.

Finsk mellomalderhistorie omfattar eit tidsrom på rundt 500 år frå 1000-talet til 1500-talet, der det finske samfunnet gjennomgjekk store endringar. Blant desse forandringane er innføringa av svensk overhøgd, danninga av ein kyrkjeleg organisasjon, innflyttinga av ein svenskspråkleg folkesetnad i kyststroka og oppdyrking av og busetjing i tidlegare samiske område.

Ved byrjinga av mellomalderen vart Finland mål for krosstog både austfrå og vestfrå, men tre svenske krosstog vart fort dominerande og avgjerande for den vidare utviklinga av landet. Det første av krosstoga skal ha funne stad i andre halvdel av 1150-åra og ha retta seg mot kysten i dei sørvestlegaste delane av dagens Finland, det andre skjedde i 1249. Det var leia av Birger jarl og retta seg imot Tavastland heilt fram til Karelen. Ingen av desse første krosstoga førte til at svenskane fekk fast grep om landet. Eit tredje forsøk fann stad i 1290-åra og resulterte i kampar som varte fram til 1323, då det vart inngått ein fredsavtale mellom Novgorod og Sverige, referert til som Nöteborgstraktaten. Avtalen medførte at Novgorod de facto anerkjende svensk overhøgd over heile Finland. Traktaten hadde ei uavklart og derfor seinare omstridd grense mot nord.

Den svenske kyrkja sette i gang bygging av kyrkjer i heile det dåverande Finland og skipa også eit finsk bispesete i Åbo. I tillegg til kyrkjer vart det oppretta nokre få kloster i landet. Viktigare var det likevel at det òg vart oppretta kjøpstader for å fremje handelen. I tillegg til Åbo var dette òg Ulfsby (Ulvila) ved Kumo älv, Närpes (Närpio), Korsholm (Mustasaari) og Pedersöre (Pietersaari), Raumo, Borgå og Vyborg. Attåt desse kjøpstadene vart det grunnlagt handelsplassar uten privilegium.

Størstedelen av folkesetnaden budde på landet og levde av landbruk, mot vest i landsbyar, mot aust i form av svibruk. Ved kystane både ut mot Bottenvika og Finskebukta og ved innsjøar og elvar spelte fiskeri likeeins ei betydeleg rolle.

Maktpolitisk fekk både kontinuerlege konfliktar mellom Danmark og Sverige i Kalmarunionen og len gjeve til den svenske makteliten tyding for den vedvarande uroa i landet gjennom heile mellomalderen, og etter at Moskva la under seg Novgorod, kom det til nye konfliktar med Russland. Reformasjonen skjedde glidande, men munkane unngjekk ikkje fordriving frå dei finske klostera sine. I 1554 vart det tidlegare samla stiftet delt, og Paul Juusten vart biskop i det nyopretta Vyborg stift 1554-1563.

Bakgrunn: krosstogstida[endre | endre wikiteksten]

Kart over svenskane sitt første (raudt), andre (grønt) og tredje (blått) krosstog til sørfinske område.

Finland låg i den tidlege mellomalderen mellom to av dei viktigaste handelsmaktene i Nord-Europa, Sverige og Novgorod. Ein viktig handelsveg kryssa Austersjøen via Åland og den verna kystskjergarden og følgde den nordlege sida av Finskebukta fram til munningen av Neva og vidare til Ladoga. Finnane deltok ikkje sjølv i handelsreisene, men handla med pelsverk. Det låg i både Sverige og Novgorod si interesse å kontrollera dette området. På grunn av at busetnaden var spreidd oppstod det ingen politisk organisasjon i Finland som kunne motverka dette.

Den katolske kyrkje hadde komme til Svealand på 800-talet, og den religiøse omvendinga vart fullført på 1000-talet. Finlands første kontaktar med kristendomen kom likevel austfrå, noko som kjem tydeleg fram ved at sentrale kristne omgrep på finsk er slaviske lånord.[1] Men snart vart påverknaden frå vest sterkare. Overgangen til ein ny gravleggingsmåte fann stad på Åland kring år 1000, i Egentliga Finland og i Tavastland mellom 1150 og 1200 og i Karelen så seint som kring år 1300. Befolkninga i Finland kan likeeins ha komme i kontakt med kristendommen gjennom handel med Gotland.

Kva tid brotet mellom den svenske vikingtidsbusetnaden i Russland og Sverige fann stad er uklart. I 1054 skjedde brotet mellom den katolske og den ortodokse kyrkja, eit russisk åtak på ein svensk flåte på 60 skip på veg til Novgorod skjedde i 1142, og same år herja ifølge russiske annalar ein gjeng tavastarar sørbreidda av Ladoga, mens karelearar det følgjande året gjorde åtak på Tavastland, og finnar herja den svenske kysten.[2][3]

Første krosstoget[endre | endre wikiteksten]

Erik den heilage og biskop Henrik.

Der finst ei overlevering om at den svenske kongen Erik den heilage organiserte eit felttog til Finland i andre halvdel av 1150-talet. Opplysingane om dette er svært knappe. Dei fortel at den svenske kongen i 1157 samla ein hær og drog til Finland. Ifølgje tradisjonen baud han dei heidenske finnane å ta imot kristendomen, og då dette vart avvist, overvann han dei i eit stort slag, og deretter vart finnane døypte med tvang.[4] Erik vende deretter heim, men sette biskop Henrik til å ordna med kyrkjelege tilhøve for finnane. Denne overleveringa finst nedskriven frå 1270-åra. I følgje finsk folketradisjon var Henrik engelskmann og biskop i Uppsala. Han byrja med å døypa dei overlevande heidningane i Kuppis kjelde i Åbo. Allereie under den første vinteren sin i Finland vart Henrik i følgje kjeldene slått ihel av ein av dei døypte, Lalli, på den isdekte Kjulomyra.[5][6] I 1164 drog svenskane ifølge russiske krøniker med 55 skip på herjingstog mot byen Staraja Ladoga ved munningen til Volkov-elva i Ladoga, som høyrde under Novgorod.[7][8]

Både tyske og danske flåtar var verksame i området, og svenskane innsåg at dei måtte forsterka grepet for ikkje å mista kontrollen med Finland. Den danske kongen Knud VI la under seg det nordlege Estland ved eit krosstog i 1196, og attåt dette retta han ein del av verksemda si mot Finland både i 1191 og i 1202.[9][10]

I samsvar med ein paveleg bulle utferda av pave Innocens III i 1216 hadde den svenske kongen Knut Eriksson organisert fleire felttog for å styrke svenskane si stilling i Finland.[11] Sverige og Novgorod var ikkje dei einaste maktene som hadde interesser i området. Ifølgje danske annalar drog danskane i 1191 i krosstog til Finland, og det er òg opplysingar om eit fornya dansk forsøk på å erobra Finland i 1202.[10] Den danske kongen Knud VI stod i spissen for eit krosstog til Estland i 1196, og dette landet kom på danske hender.[9] Russiske kjøpmenn vart overfalne av gotlendingar i 1188. Tyskarane si rolle for handelen over Austersjøen voks likeeins, etter at byen Lübeck vart grunnlagt i 1140-åra.[12]

Den svenske kongen Erik Knutsson fekk paven si velsigning til at Finland uttrykkeleg skulle vera eit svensk misjonsområde. Svenskane hadde endå ingen innverknad i det fjerntliggande Karelen, og fyrst Jaroslav av Novgorod gjennomførte eit krosstog i Tavastland i vinteren 1226-1227 for å omvenda innbyggjarane til den ortodokse trua. Tavastlendingane på si side herja Karelen året etter.[13]

Pave Gregor IX erklærte i 1229 eit apostolisk vern over Finland og påbaud dessutan ein handelsblokade mot Novgorod.[8][14] I Tavastland byrja eit opprør mot den kristne misjonen vinteren 1236-1237, kanskje med støtte frå Novgorod eller Karelen.[15] I desember 1237 utferdiga paven ein krosstogsbulle som retta seg mot dette opprøret av «heidningar».[16][17]

I følgje Novgorodkrønika invaderte ein skandinavisk hær munningen av Neva i 1240. Den novgorodiske fyrsten Aleksandr gjekk til motåtak, og slaget vart innleitt om morgonen den 15. juli 1240. Ifølgje krønika leid skandinavane store tap og trekte seg tilbake.[15][18]

Det andre krosstoget[endre | endre wikiteksten]

Birger jarl attgjeven i Varnhem klosterkyrkje.

I følgje Erikskrønika, nedteikna kring år 1330, fann det andre svenske krosstoget stad i 1249.[19] Leia av Birger jarl gjekk svenskane til åtak på Tavastland heilt fram til Karelen. Birger jarl måtte likevel venda attende til Sverige, fordi kong Erik døydde i 1250. Dateringa er problematisk, og ein teori er at krosstoget fann stad i samband med tavastlendingane sitt opprør 10 år tidlegare. For dette talar at svenskane ikkje skulle ha kunna organisera eit krigstokt til Finland 1249-1250, fordi landet då var i ein alvorleg krise med Noreg. Somrane 1248 og 1249 vart svenskane møtt av nordmennene ved Göta älv. Kong Erik døydde i februar 1250, og Birger jarl fekk sonen sin Valdemar vald til konge. Dette tronvalet vekte stor motstand som ikkje vart overvunnen før i 1251. Etter denne teorien er det meir sannsynleg at det andre krosstoget skjedde i anten 1238, eller snarare i 1239.[20][21] At opprøret vart slått ned kan sjåast som ein føresetnad for å gjennomføra åtaket på Neva-området i 1240.[22] Det er påfallande at i dette krosstoget i 1240 deltok finnar og tavastarar.[15][23] Seinare, i 1249, angreip Birger jarl tavastlendingane,og etter at ha sigra over dei grunnla svenskane ei festning, Tavastehus, for å kunne halde på kontrollen.[24][25] Dei eldste delane av Tavastehus er daterte til 1260-åra, men det er meir sannsynleg at brorparten av slottet er oppført samtidig med Åbo slott, dvs. kring 1280. Dei eldste skriftlege belegga for ein fut i Tavastland er frå 1297.[26]

Den svenske kontrollen med Finland vart understreka med bygging av borger, og kong Magnus Ladulås utnemnde i 1284 bror sin Bengt til hertug av Finland.[27][28] Frå byrjinga av 1250-talet, kanskje tidlegare, vart det innleidd ei svensk kolonisering langs Nyland og austkysten av Bottenvika.[29]

Det tredje krosstoget[endre | endre wikiteksten]

Russisk kopi av Nöteborg-avtalen.

I løpet av dei siste tiåra av 1200-talet fortsette krigen mellom Novgorod og Sverige. I 1292 gjekk Novgorod til angrep på Tavastland.[30][31] Seinare same år gjekk svenske troppar til angrep på Karelen og Ingermanland. Året etter samla regenten til sveane Torgils Knutsson ein stor leidangsflåte som gjekk til angrep på handelsplassen Soumenvedenpohja i Karelen, og oppførte ei borg med namnet Vyborg.[32][33][34] Den svenske leidangsflåten segla ifølgje krøniken heim hausten 1293. Neste vår, den 30. mars 1294, vart Vyborg festning angripen av novgorodarane, anført av fyrsten Roman Glebovitsj av Smolensk. Festninga var bygd på ein holme og vart for vanskeleg å innta då isen rundt om smelta. Seinare same år vende den svenske flåten attende, og svenskane gjekk til åtak mot trefestninga Kexholm, som vart erobra. Tidleg i 1295 angreip novgorodarane Kexholm, og berre to av forsvararane slapp unna. For svenskane var krigstoktet til Karelen ein stor siger, då dei med festninga Vyborg som base no kunne ta kontroll over det vestlege Karelen.[35]

Våren 1300 samla Torgils Knutsson ein stor flåte, som ankra opp ved elva utløpet av Neva i Finskebukta.[36] Der byrja svenskane å oppføra ei festning på ein landtange mellom Neva og Okhta. Festninga fekk namnet Landskrona.[37] Innan kort tid vart festninga likevel angripe, sannsynlegvis av novgorodar, men åtaka mislukkast. På hausten let svenskane berre ein liten styrke vere att i Landskrona, og då troppar frå Novgorod på nytt angreip den 19. mai 1301, lukkast dei i å erobra festninga.[38][39]

Freden i Nöteborg og den finske grensa[endre | endre wikiteksten]

Nöteborgstraktatens moglege grense mellom Sverige og Novgorod

Noko riksgrense eksisterte ikkje då Sverige byrja krosstoga sine, men Novgorod-fyrsten Dmitrij hevda i 1278 å ha teke karelarane under sitt vern.[40] Novgorod lét dei områda som dei kontrollerte bli inndelte i skattedistrikt, kalla pogoster (karelsk pokosta, svensk gisslalag). I storleik kunne desse omtrent svara til eit sokn, eit herad eller berre ein del av eit sokn.

Etter at novgorodarane hadde herja Åbo i 1318[41] og angripe Vyborg i 1321 og 1322, medan svenskane hadde angripe Kexholm i 1322, vart det slutta ein fredsavtale mellom Novgorod og Sverige i 1323 i grensefestningen Nöteborg, kjend som Nöteborgstraktaten.[42] Novgorod avstod dei delane av Karelen som Sverige allereie kontrollerte, pogostane Savolax, Jääskis og Äyräpää.[43] Dei bestemte nøye korleis grensa skulle gå: frå Systerbäck (finsk Rajajoki) til elva Vuoksen, herfrå vestpå til Noisniemi, via sjøane Helisevä, Äitjärvi og Toisajärvi til den søraustlegaste bukta av Saimen, Särkilahti. Strekninga deretter er uklar, men retningsgjevende var Samosalo, Siitti sør for Verkaus, Karjalankoski, Kolimakoski, Petojeki (feilstava for Pathajoki?) til Kajana eller Hälsing hav. Der er usikkerheit om fleire av desse stadnamna, og der er fleire teoriar om korleis grensa vart dregen. Historikaren Jalmari Jaakkola meinte i 1926 at grensa gjekk langs den tavast-karelske stammegrensa og enda ved Pattijoki ved Bottenvika. Ifølgje ein teori målboren av historikaren Ragnar Rosén gjekk grensa heilt ut til Bottenvika ved munningen av Pyhäjoki-elva. I 1968 publiserte historikaren Jarl Gallén ei undersøking der han rett nok var samd i oppfatninga om at grensa slutta i den botniske vika, men hevda at området nordafor denne var ei allmenning der både Sverige og Novgorod hadde interesser.[44]

Kyrkja i Finland[endre | endre wikiteksten]

Kalkmåleri frå mellomalderen av Sankt Helena med krona og krossen - i Heilagkrossen kapell i Åbo domkyrkje.

Nesten inkje er visst om korleis kyrkja i Finland virka i den tidlege mellomalderen. Ifølgje ei biskopskrønike frå slutten av 1400-talet vart biskop Henrik etterfølgd av Rodulf frå Västergötland, som sjølv vart etterfølgd av kanniken Folkqvinus frå Uppsala. Åbo stift, oppretta på 1200-talet, var underlagt erkebiskopen i Uppsala. Biskopskrønika kan likevel ikkje bli sett på som påliteleg med omsyn til den eldste perioden.[13]

Dei eldste steinkyrkjene frå 1200-talet er på Åland. På fastlandet er soknekyrkjer av stein først vorte oppførte frå slutten av 1200-talet. Åbo stift vart på 1200-talet Sveriges rikaste stift etter erkestiftet i Uppsala og i løpet av hundreåret vart det oppretta kyrkjesokn i rask takt. I 1300 vart Åbo domkyrkje vigsla. Biskopen i Åbo hadde ikkje berre makt over kyrkja men sat òg i riksrådet og kunne dermed påverka politikken i landet. Etter 1350 vart biskopen formelt utnemnd av paven, men i praksis av domkapitelet. Då kyrkja kravde tame i å lesa, skriva og tala latin, vart Katedralskolen oppretta i Åbo for å undervisa i dette.[45]

Biskopar i Finland var Bero (1245-1258), Ragvald (1258-1266), Catillus (Kettil, 1266-1286), Johannes I (1286-1290), Magnus I (1291-1308), Ragvald II (1308-1321), Benedictus (Bengt, 1321-1338), Hemming (1338-1366).[46][47]

Frå og med andre halvdelen av 1200-talet var kyrkja i Finland inne i ei sterk utvikling. Ved sida av biskopen i Åbo vart det oppretta eit domkapitel, som i 1286 valde biskopen for første gong. Frå slutten av 1200-talet vart det oppretta ei rekke kyrkjesokn, først i det eigenlege Finland, der talet på sokn vaks frå 17 i byrjinga av 1300-talet til kring det doble ved midten av hundreåret. I Nyland vart det oppretta sokn i Lojo, Tenala, Borgå og Sibbo på denne tida. I Tavastland og Österbotten er dei eldste kyrkjesokna frå 1200-talet.[48]

Kloster i Finland[endre | endre wikiteksten]

Det vart berre oppretta eit par kloster i Finland.

Dominikanarane kom sannsynlegvis til Finland i samband med det andre krosstoget og oppretta i 1249 eit Sankt Olofs kloster i Åbo og eit kloster i Viborg i 1392.[49][50] Eit birgittinarkloster vart oppretta i Masko sokn i 1438 og fekk namnet vallis gratiae (det noverande Nådendal).[51] Eit fransiskanarkloster vart oppretta i Vyborg i 1403, og i Kökar på Åland vart det oppretta eit fransiskanarkloster før 1472.

Landbruk[endre | endre wikiteksten]

Svedjebrug i Eno i Finland, 1893. Svedjebruket i mellomalderen har neppe vore ulikt dette.

I mellomalderen i Finland spelte landbruk ei hovudrolle som næringsveg. Endå ved slutten av mellomalderen utgjorde sjølvstendige skattebønder 96 % av landbefolkninga, medan ufrie bønder berre utgjorde 4 %, underlagd kyrkja, krona, adelen eller borgarar.[52]

Det finske landbruket var delt i to klart skilte område: i det vestlege Finland (Eigenlege Finland, Satakunta, Nyland, Tavastland og Sydösterbotten) fanst åkerbruk og her vart òg funne eigenlege landsbyar, i det austlege Finland (Savolax og Karelen) var svibruk utbreidd, og her låg gardane spreidd.[53] I midtre og nordlege Österbotten låg gardane i rekker langs bekkar og elver. Undersøkingar tyder på at det i eldre tid òg i det austlege Finland fanst store samla busetnader i samband med jakt og fiske, men at med svibruksteknikken med store arealkrav vart ei slik samling uheldig, og følgja var at det fann stad ei spreiing av busetnaden.[54]

Det er uklart kva tid teigskifte vart innført. Den første omtalen på Åland stammar frå 1386 og 1400, 1401 og 1403, men deretter skal ein fram til 1500-talet før det vert omtalt.[55] Første omtalen av teigskifte i Satakunda er frå 1402 og deretter 1447. Det vert derfor meint at det først er vorte innført i første halvdelen av 1400-talet, der det vert omtalt i sokna Eura, Euraåminne, Vittis, Kumo, Loimijoki, Ulvsby og Kjulo fjerding.[56] I Tavastland er det likeeins frå kjend frå andre halvdelen av 1400-talet.[57] I Nyland er det òg kjend frå første halvdelen av 1400-talet.[58] Der er indisium på at det er adel og kyrkje, som har teke initiativ til overgangen til dette jordskiftet.[59]

Mot slutten av mellomalderen skjedde òg eit landnåm i Finland, nemleg i Savolax på 1500-talet, der nyrydda jord i tidlegare allmenning kunne verta fordelt til særskilde gardar om dei var omgjevne av ei graven grøft.[60]

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Fiske føregjekk i alle delar av Finland. Skattebøker frå 1500-talet viser at krona freista å skattleggja fisket i både skjergarden, innsjøar og elver.[61]

Skjergardsfiske gjekk føre seg i Finskebukta. Her vart det fanga bøkling. Fiskarar kom ikkje berre frå Finland men òg frå Estland og Karelen for å delta i fisket, som skjedde i båtar med 2-9 mann, oftast 4 mann.[61] I fiskesesongen budde fiskarane i fiskevær på dei ytre skjera. Kvart båtlag hadde si eiga hytte.[62] I Bottenvika fann eit liknande fiske stad. Mange av fiskarane kom frå langt inne i innlandet og frå Sverige, noko som førte til klagar frå borgarane i Åbo.

Fisket i Karelen er omtalt i Nöteborg-traktaten, der det blant anna vert bestemt at dei karelske sokna, som vart verande under Novgorods overhøgd, skulle eiga halvdelen av visse fiskevatn ved Viborg.[63]

I innlandet kunne fleire landsbyar dele same fiskevatn og fordelaktige fiskegrunner, t.d. kunne elveosar vera felles for fleire sokn.[63][64] Ein viktig fiskeplass vart funnen ved Ule älv.[65] Fiske i elvar vart regulert.[66] Fisket i ferskvatn omfatta særleg laks og sik.

Handel[endre | endre wikiteksten]

Tre viktige handelsvegar låg i tilknyting til Finland.

Den første var austrvegr, ruta frå Austersjøen gjennom Finskebukta og vidare langs Neva til Ladoga og herfrå sørpå langs Volkhov til Novgorod.[67] I tillegg til transitthandel med Novgorod spelte sjøvegen òg ei rolle for lokal handel, såleis vert det omtalt i ein pavebrev frå 1229 og i to andre dokument frå 1260-åra at det var kjøpmenn frå Gotland i Karelen, og i 1285 stadfesta Magnus Ladulås gotlendingane sine rettar med omsyn til handelen på Karelen.[68]

Den andre handelsruta med samband til Stockholm gjekk via Ålandsøyane opp langs den finske vestkysten i Bottenvika.[69] Allereie tidleg vart stillinga til Stockholm fastlagt ved det som sidan vart kjend som bottniska handelstvånget, der det vart bestemt at alle menn frå Finland, bortsett frå borgarar frå Åbo, Nyland, Roden, Hälsingland eller Gästrikland, ikkje skulle driva handel med nokre andre skip bortsett frå i Stockholm.[70] Bestemminga kunne likevel ikkje hindra dei finske byane i òg å handla i Tallinn, og skiftande svenske regentar gav òg handelsprivilegium med fri seilas til utlandet til fleire byar, såleis til Raumo i 1442 og på nytt i 1476, deretter vart rettane oppheva att i 1502.[71]

Den tredje handelsruta gjekk tvers gjennom landet via eit nettverk av elver og sjøar og strekte seg frå Ladoga (Nevajärvi) over Pühajärvi, Orivesi, Pielis älv (Pielisjoki) til Pielis, vidare over Nuasjärvi, Ule träsk (Oulujärvi) og Ule älv (Oulujärvi) til Uleborg ved Bottenvika.[72] Ei sidegrein gjekk frå Pielis over Lieksajoki, Repola, Kiimasjärvi, Paanajärvi til Kemi älv og enda ved Kem ved elvemunningen i Kvitsjøen. Denne handelsruta er sannsynlegvis karelarane sin gamle handelsveg til Bottenvika, og det kan ha spelt inn ved grensefastsetjinga mellom Sverige og Novgorod i Nöteborg-traktaten frå 1323, i det heile ruta kom til å ligga innanfor interessesfæra til Nöteborg.

Eigenlege handelsprivilegium var i mellomalderen få: Åbo var lenge den einaste byen i Finland med handelsprivilegium. Dei eldste trur vi at går attende til Birger jarl si tid, og kjend frå seglet til byen fra 1309, men den første omtalen av privilegium stammar frå 1428.[73] Handelsprivilegia til byen vart bekrefta i 1444, 1461 og 1476.[74] Andre stadar som oppnådde rett til handel var Ulfsby (Ulvila) ved Kumo älv i 1347, Närpes (Närpio), Korsholm (Mustasaari) og Pedersöre (Pietersaari) i 1348, gjeve av Magnus Eriksson og bekrefta 1357 av Erik Magnusson.[75] I 1361 fekk Ulfsby utvida handelsretten sin til å omfatta heile Norrbotten. Raumo hadde fått privilegium i 1442 og 1476, og etter opphevinga i 1502 fekk byen nye privilegium på internasjonal handel i 1504, på ny oppheva i 1505, og på ny gjeve i 1512. Endeleg fekk Borgå stadsprivilegium sannsynlegvis i 1347, og Vyborg fekk kjøpstadsprivilegium i 1403.

Ved sida av dei priviligerte kjøpstadane var det ei rekkje handelsplassar med marknad, blant dei Uleåsalo (Oulunsalo) ved Ule älvs munning, kanskje frå 1415.[76]

Dei viktigaste importvarene var salt og korn, medan dei viktigaste eksportvarene var storfe, skogprodukt og vilt.[77][78] Det ser ut til at det sørlege Finland fekk det meste av saltet sitt frå Tallinn, mens Savolax kanskje fekk saltet sitt frå Kvitsjøen.[79] Smør vart eksportert dels av kyrkja (bisp, domprost, sokneprestar), dels av slottshøvdingane på Åbo, Vyborg og Raseborg.[80][81] Tjøre, som blant anna vart brukt ved skipsbyggeri, vart produsert og eksportert frå kystsokn langs Finskevika, iser Raseborgs län, Borgå län og Karelen og frå kjøpstadene Åbo, Helsingfors, Vyborg og Raumo.[82][83] Tran og selspekk vart eksportert frå Åbo og Viborg, Borgå og Pernå til især Tallinn.[84] Endeleg skjedde ein omfattande tømmereksport, i form av sparrar til kogger, plank frå Nyland og frå Åbo, Raumo og Helsingfors og ved til brensel (særleg via Åland).[85][86][87] Denne eksporten er først dokumentert i 1430-åra og ser ut til å ha vakse inn i 1500-talet.

Politiske hendingar[endre | endre wikiteksten]

Åbo slott.
Svensk og russisk kavaleri stod mot kvarandre ved Finskebukta. Det var meir eller mindre kontinuerlege krigar med Novgorod på 1300- og 1400-talet. Detalj frå Olaus Magnus Carta marina, 1539

Ved slutten av 1200-talet hadde statsmakta tre festningar å støtta seg på: Åbo, Tavastehus og Viborg (Vyborg). Det var òg eit embetsverksapparat, som kravde inn skattar i form av dagsverk og tiend. Frå byrjinga hadde ein med omgrepet Finland meint den søvestre delen, det eigenlege Finland, men med tida kom òg seinare erobra område som Tavastland og Karelen til å verta medrekna. I prinsippet hadde grensa vorte fastlagt ved Nöteborg-traktaten i 1323, men i praksis respekterte ikkje Sverige grensedraginga, ettersom dei nordlege områda (der grensa ikkje var fastlagd i detalj) vart fylt med svenske og finske kolonistar (birkarlar), der området i realiteten kom under kontrollen til den svenske krona.[46]

I slutten av 1340-åra fortsette svenskane den offensive politikken i aust. Kong Magnus Eriksson vitja Vyborg i 1347, og våren 1348 segla ein flåte som etter kringsetjing inntok Nöteborg ved Neva. Etter å ha etterlate ein mindre styrke vende hovuddelen av hæren attende til Sverige. Styrkar frå Novgorod kringsette deretter svenskane, som måtte overgje seg i februar eller mars 1349. Svenskane freista å gjenerobra Nöteborg i 1350, men det mislukkast. o staden herja novgorodarane byen Vyborg den 21. mars 1351, men dei kunne ikkje innta Vyborg festning.[88]

I 1352 vart Finland gjeve som hertugdømme til Bengt Algotsson, noko som vart ein utløysande faktor til borgarkrigen mellom kong Magnus og sonen hans Erik i 1356. Frå denne tida finst ei kunngjering som gjev finske lagmenn rett til å delta i kongeval på same vilkår som lagmenn frå gammal tid hadde hatt. Denne bestod i retten til å vera til stades ved valet saman med prestar og tolv mann frå ålmugen. Utover kongane Håkan og Magnus har alle bispane i riket og ti stormenn sett segla sine på kunngjeringa. Kunngjeringa er datert til 15. februar 1362. Dermed hadde Finland vorte likestilt med andre delar av det svenske riket.[47] Av praktiske og geografiske grunnar vart denne retten til å delta i kongeval aldri gjennomført.[89]

Maktkampen mellom nordisk og tysk[endre | endre wikiteksten]

Raseborg slott.

Sverige vart herja av borgarkrig i mange år framover, men det enda med at kong Magnus sin systerson Albrecht av Mecklenburg vart vald til svensk konge den 15. februar 1364.[90] Folkungaslægten hadde framleis støtte i Finland, og Åbo slott vart først etter ei lengre kringsetjing overgjeve til Albrecht.

I løpet av resten av 1360-åra voks motviljen mot at kong Albrecht lét tyskarar få stadig større innverknad i embetsverket. Då ein bondehær trua med å innta Stockholm, greidde sonen til Magnus Eriksson, Håkan Magnusson, og riksrådet å tvinga Albrecht til ei handfesting som gjorde han nesten makteslaus.[91][92]

Den verkelege makthavaren var riksdrosten Bo Jonsson Grip, som til han døydde i 1386 hadde heile Finland i forlening.[47] Ved ulike tiltak vart han den største jordeigaren i Skandinavia nokonsinne, og åtte i 1374 alle futedøma i Finland. Ifølge ei kjelde åtte han gardar i 340 sokn i riket. Han oppførte i tillegg Kastellholm på Åland, Raseborg i vestre Nyland, Korsholm slott i Österbotten og ei treborg ved munningen av Ule elv.[93] Etter at han døydde i 1386 freista kong Albrecht å få att den tidlegare maktstillinga si.[94] Albrecht tok tyske forbundsfellar til hjelp medan dei svenske stormennene fekk hjelp av den danske kongen sin formyndear, dronning Margrethe.[95] Ho vart de facto vald til svensk regent den 20. mai 1388.[96] Den 24. februar 1389 møttest to hærar i slaget ved Åsle utanfor Falköping, slaget slutta med siger for danskane.[97] Trass i at Albrecht vart fengsla, hadde tilhengarane hans kontroll over slotta i Stockholm og Kalmar, og striden heldt fram til 1395.[98]

Krigar med Novgorod[endre | endre wikiteksten]

Krig og plyndringstog heldt fram mellom Sverige og Novgorod. Ifølge Novgorodkrøniken angreip desse ein tysk by eller borg nær ei elv ved den Bottenvika, som kallas Owla i 1377.[99] Novgorodkrøniken kallar alle katolikkar for tyskarar, og ifølge ein teori er Owla identisk med Uleå.[100] Ifølge krøniken angreip svenskane Ingermanland i 1395 og landet nordafor Ladoga i 1396. Etter nokre år med ro gjekk Novgorod til åtak på byen Vyborg den 26. mars 1411 og herja byen men klarte ikkje å innta festninga.[101] Uleå vart herja igjen i 1415.[102]

Kalmarunionen[endre | endre wikiteksten]

I 1396 vart dronning Margrethe sin søsterdotterson Erik av Pommern vald til konge i Danmark, Noreg og Sverige. Margrethe hadde likevel den faktiske kontrollen fram til ho døydde i 1412, og ho dreiv gjennom Kalmarunionen i 1397. Margrethe gjekk inn for å sentralisera embetsverket og dei finske slottslena, med unntak av Vyborg, vart forvalta av futar i staden for av adelen. Kong Erik besøkte Finland minst to gonger, og blant anna deklarerte han i 1411 at øydemarkene tilhøyrde krona. Desse avsides områda kunne ligga opptil 200-250 km frå heimbygda og dei vart brukt av landsbyane til jakt og fiske.[103]

På grunn av dei auka skattene braut det ut ein bondeopprør i øvre Satakunda i 1438, og det var uroligheiter både i Tavastland og Karelen.[104] Vi veit berre litt om desse bondeopprøra. Sveriges riksforstandar Karl Knutsson (Bonde) gjekk med på å la Christoffer av Bayern verta vald til konge i september 1440 men fekk sjølv nokre len i Sverige òg alle slott og len i Finland i forlening, bortsett frå Kastellholm Slott og Åland län.[47] Han budde etter dette på Vyborg Slott, inntil han i 1448 vart vald til svensk konge, men han mista trona att i 1465, vende tilbake til Finland og budde på Raseborg, inntil han atter for ein kortare periode, 1467-1470, vann kronen.

Christoffer av Bayern døydde plutseleg i 1448, og den 20. juni valde det svenske riksrådet Karl Knutsson (Bonde) til svensk konge. I september valde danskane likevel grev Christian av Oldenburg til dansk konge.[105] Den 20. november 1449 vart Karl krona til konge av Noreg i Trondheim. Åra etterpå vart prega av krig mellom Sverige og Danmark, fram til Kristian I òg vart vald til konge i Sverige den 29. juni 1457.[106] Dagen etter vart han samtidig vald til konge ved ein seremoni i Åbo. På denne måten kunne han unngå ei brysam kongeforsikring.[107]

Karl gjorde forsøk på å vinna attende den svenske trona og trua med å overgje Vyborg slott til russarane, men Christian sende ein hær og erobra att slottet og dreiv 30 000 fiendar på flukt.[108] I 1456 vart han skulda av Christian I for samarbeid med russarane, som vart sett på som heidningar av pavestolen i Roma.Ii eit brev datert 19. oktober 1457 erklærte pave Callistus III i forlenging av dette i eit brev til erkebiskopen i Uppsala, Jöns Bengtsson Oxenstierna, Karl for ein tyrann og heidningestøtte.[109] I 1463 skreiv Christian til pave Pius II at russane hadde gått til åtak på Sverige, Noreg og Finland som forklaring på at han hadde sendt ein hær til Finland for å forsvara landet. Christians tiltak vart sett på linje med krosstog.[110]

Nye grensestridar[endre | endre wikiteksten]

Olofsborg frå sjøsida.
Viborgska smällen (det viborgske brak).

Ved austgrensa til Finland var det relativt rolig, ettersom Novgorod var ramma av indre strid. Dei tre brørne Axelsson hadde kontroll over Finland – Erik Axelsen Thott hadde Vyborg og Tavastehus, Iver Axelsen Thott hadde Korsholm, medan Lars Axelsen Thott hadde Raseborg.[111][112] Oppdyrkninga av øydemarka hadde gjort at nybyggjarane hadde trengt over grensa både i Savolax og Österbotten. Erik Axelsson Thott styrkte forsvaret av Finland blant anna ved å bygga ein bymur rundt Vyborg. Han bygde òg ei festning, Olofsborg, ved sundet mellom Saimen og Haukivesi, kanskje på den russiske sida av grensa.[113]

Novgorod anerkjende i 1471 overhøgda til Moskva, og i 1478 var sjølvstendet til Novgorod slutt. I 1479 vart trakta kring Olofsborg herja av russarane, og Erik Axelsson Thott leia ein hemnekspedisjon året etter. Dei tre Axelssønene døydde i 1480-åra, og den svenske riksforstandaren Sten Sture den eldre fekk Vyborg og dei øvrige austfinske lena.[114]

I 1492 angreip russiske styrkar Vyborg slott, og svenskane måtte be riddarar frå den tyske ordenen i Baltikum om hjelp.[115] I 1493 innleidde kong Hans forhandlinger med russarane om grensefred med heider ved grensa frå 1323 som grunnlag og med utveksling av fangar.[116] I mellomtida vart det som i 1494 inngått ein fredsavtale mellom Moskva og den tyske ordenen, noko som undergrov svenskane sine høve til å få hjelp frå tyskarane i tilfelle av eit nytt åtak.[117] Den 21. september 1495 omringa russiske styrkar Viborg, men statshaldar Knut Jönsson Posse var i stand til å avverja det første åtaket.[118] Dei russiske styrkarne begynte å kringsetja festninga, og dei hadde dessutan artilleri som skadde tårn og murar. Den 30. november innleidde dei eit åtak som svenskane avverja trass svakare vilkår. Ifølgje legenda om den viborgska smällen skal russarane ha besett eit tårn, som svenskane fekk til å sprenga i lufta, men dette er sannsynlegvis berre ei skrøne.[119] Gjengar av russarar plyndra og herja deretter det austlege Finland og Tavastland, sannsynlegvis òg Österbotten. Året etter angreip svenske troppar den russiske festninga Ivangorod i Ingermanland, ho vart innteke og vart øydelagt til grunnen.[120] Deretter var både Sverige og Russland utmatta av krigen, og ein fredsavtale vart underteikna i Novgorod den 3. mars 1497.[121]

Svenske forleningar av Finland[endre | endre wikiteksten]

Svante Nilsson Stures segl.

I 1497 vart riksforstandaren Sten Sture den eldre avsett, men den nye kongen, Hans, lét han få heile Finland med alle slotta i forlening på livstid.[122][47] Kong Hans tid som svensk konge vart likevel kort, og i 1501 braut det ut eit opprør, som retta seg blant anna mot dei utanlandske futane. Den 21. januar 1504 vart Svante Nilsson (Sture) vald til riksforstandar.[123]

Sverige var framleis i krig med Danmark. Den danske flåten herja kystane, og den danske kapteinen Søren Norby inntok Kastellholm på Åland i juli 1507. Året etter gjekk han til angrep på Borgå.[124] Den 2. august 1509 inntok den danske riddaren Otto Rud Åbo, plyndra byen og bortførte skattane i domkyrkja. Klosteret i Nådendal leid same lagnad.[125]

Krigen mellom Sverige og Danmark vart ført på lågbluss 1512-1516. Svante Nilsson (Sture) døydde i 1512 og kong Hans i 1513. Danskane gav det svenske riksrådet to alternativ: anten å velja Christian 2. til svensk konge eller å betala ein årleg tributt. Svenskane halte ut forhandlingane, og det braut ut ny strid, som slutta med at Christian II kunne innta Stockholm den 7. september 1520. Dermed var òg heile Finland formelt dansk.[126]

Befala på dei finske slotta hadde stilt seg bak Sten Sture den yngre. Dei vart no bytte ut med danskar: Lyder van Offense på Kastellholm, Wulff von Grevendorp på Åbo slott, Jöns Matson på Tavastehus, Tile Gisseler på Raseborg og Rolef Madsen på Vyborg og Olofsborg.[127] Likevel var det òg finske adelege som gjorde opprør mot det danske styret, som Erik Fleming, Ivar Fleming og Nils Grabbe.[126]

Kong Christian II bau heile den svenske makteliten til kroninga i Stockholm. Som vanen baud, utnemnde kongen unge adelsmenn til riddarar, men denne gangen vart berre danskar utnemnde med forklaringa at Sverige var erobra med våpenmakt. Det utlova amnestiet for lovbrot dei seinaste åra vart brote av kongen då han lét mange adelsmenn og biskopar gripa og dømma til døden ved Stockholms blodbad.[128]

Kongens politikk vart innleiinga til ein ny borgarkrig. Borgarkrigen førte til at Sverige endeleg forlét Kalmarunionen og førte til at ein ung adelsmann, Gustav Eriksson (Vasa) vart vald til svensk konge. I 1523 var det slutt med det danske styret i Finland.[126]

Reformasjonen[endre | endre wikiteksten]

Mikael Agricola skildra av Albert Edelfelt.

Svenskeveldet kom òg til å gjennomføre reformasjonen i Finland. Etter at den siste katolske biskopen i Finland, Arvid Kurck, døydde i 1522, vart Åbo biskopstift i åra 1524-1527 leia av Erik Svensson som ein valbiskop (electus), som ikkje utøvde full biskopsmyndigheit.[129] Etter avgangen hans vart Martin Skytte utnemnd til ny biskop i Åbo.[130] Han vart vigd til embetet sitt på tradisjonelt katolsk vis og vart sjølv verande katolikk, men hindra ikkje gjennomføringa av reformasjonen. I 1531 vart den første svenske messa gjennomført i Åbo, og kort tid etter vart det bestemt at gudstenesta i framtida skulle skje på landet sine eigne språk.[126] I 1537 brende dominikanerklosteret i Åbo, og i 1538 vart munkane i franciskanerklosteret i Raumo fordrivne. Ein liknande lagnad ramma dei andre klostera i landet, franciskanar- og dominikanerklostera i Vyborg og franciskanerklosteret i Kökar. Berre birgittinerklosteret i Nådendal overlevde fram til slutten av hundreåret. I takt med at dei katolske ordningane vart oppheva, inndrog Gustaf Vasa omsynslaust ein stor del av kyrkja sine innkomstar og eigedommar. Av stor tyding var det at rektoren ved Åbo katedralskola, seinare biskop i åra 1554-57 Mikael Agricola skreiv ei rekke kyrkjelege skrifter på finsk og laga omsetjingar av Bibelen til finsk. I 1554 vart stiftet delt, og Paul Juusten vart biskop i Viborgs stift 1554-1563.[131]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Heikkilä, s. 457
  2. Hornborg (1928), s. 547
  3. Hornborg (1928), s. 548
  4. Yrjö-Koskinen, s. 29
  5. Heikkilä, s. 464
  6. Edgren, Törnblom (1993), s. 286-288
  7. Yrjö-Koskinen, s. 30
  8. 8,0 8,1 Hornborg (1928), s. 549
  9. 9,0 9,1 Lind et al., s. 206
  10. 10,0 10,1 Lind et al., s. 158
  11. Heikkilä, s. 446f
  12. Edgren, Törnblom (1993), s. 291-293
  13. 13,0 13,1 Edgren, Törnblom (1993), s. 293
  14. Heikkilä, s. 461
  15. 15,0 15,1 15,2 Yrjö-Koskinen, s. 37
  16. Hornborg (1928), s. 550
  17. Edgren, Törnblom (1993), s. 293-295
  18. The Chronicle of Novgorod, s. 85
  19. Weibull, s. 13
  20. Heikkilä, s. 438
  21. Gallén (1946/1968), s. 87-102
  22. Edgren, Törnblom (1993), s. 295-296
  23. Heikkilä, s. 459
  24. Yrjö-Koskinen, s. 39
  25. Yrjö-Koskinen, s. 40
  26. Edgren, Törnblom (1993), s. 328
  27. Yrjö-Koskinen, s. 43
  28. "Bengt, biskop i Linköping 1286–91" (i: Nordisk Familjebok, 188-talsutgåvan bind 2 (1878), sp. 218
  29. Luukko, sp. 660
  30. Yrjö-Koskinen, s. 44
  31. Hornborg (1928), s. 551
  32. Hornborg (1928), s. 551f
  33. Yrjö-Koskinen, s. 45
  34. Hornborg (1928), s. 552
  35. Hornborg (1964), s. 37-38
  36. Gallén, sp. 648
  37. Yrjö-Koskinen, s. 46
  38. Yrjö-Koskinen, s. 47
  39. Hornborg (1964), s. 39
  40. Vilkuna, sp. 356
  41. Yrjö-Koskinen, s. 48
  42. Yrjö-Koskinen, s. 49
  43. Gallén, sp. 208
  44. Edgren, Törnblom (1993), s. 301-303
  45. Edgren, Törnblom (1993), s. 336, 344-347
  46. 46,0 46,1 Schybergson (1908), sp. 311
  47. 47,0 47,1 47,2 47,3 47,4 Schybergson (1908), sp. 312
  48. Edgren, Törnblom (1993), s. 314-317
  49. Heikkilä, s. 442
  50. Gardberg, sp. 542
  51. Gardberg, sp. 543
  52. Oja, sp. 204
  53. Saarenheimo, sp. 223
  54. Saarenheimo, sp. 224
  55. Orrman, s. 191
  56. Orrman, s. 194
  57. Orrman, s. 196f
  58. Orrman, s. 201
  59. Orrman, s. 214
  60. Virtanen, sp. 212
  61. 61,0 61,1 Luukko, sp. 306
  62. Luukko, sp. 307
  63. 63,0 63,1 Virtanen, sp. 337
  64. Virtanen, sp. 338
  65. Virtanen, sp. 340
  66. Virtanen, sp. 342
  67. Niitemaa, sp. 186
  68. Kivikoski, sp. 398
  69. Niitemaa, sp. 187
  70. Yrwing, sp. 46f
  71. Yrwing, sp. 47
  72. Niitemaa, sp. 188
  73. Niitemaa, sp. 155
  74. Niitemaa, sp. 157
  75. Niitemaa, sp. 156
  76. Niietemaa, sp. 145
  77. Kerkkonen, sp. 161
  78. Kerkkonen, sp. 162
  79. Kerkkonen, sp. 711
  80. Kerkkonen, sp. 334
  81. Kerkkonen, sp. 335
  82. Kerkkonen, sp. 424
  83. Kerkkonen, sp. 425
  84. Kerkkonen, sp. 561
  85. Kerkkonen, sp. 597
  86. Kerkkonen, sp. 598
  87. Kerkkonen, sp. 599
  88. Edgren, Törnblom (1993), s. 322-323
  89. Hornborg (1964), s. 46-47
  90. Christensen (1980), s. 82
  91. Christensen (1980), s. 90
  92. Christensen (1980), s. 91
  93. Edgren, Törnblom (1993), s. 333-335
  94. Christensen (1980), s. 109
  95. Christensen (1980), s. 117, 122, 124
  96. Christensen (1980), s. 117
  97. Christensen (1980), s. 122
  98. Christensen (1980), s. 128
  99. The Chronicle of Novgorod, s. 155
  100. Edgren, Törnblom (1993), s. 333-335
  101. The Chronicle of Novgorod, s. 181
  102. Riitta Kosonen: Oulun Kulttuuriympäristöohjelma; Oulun kaupunkisuunnittelu, A205; 2013; ASSN 0357-8194; s. 24
  103. Edgren, Törnblom (1993), s. 384-385
  104. Österberg, s. 174, 176
  105. "Kristian 1." (i: Nordisk Familjebok, Uggleupplagan, bind 14 (1911), sp. 1361)
  106. "Kristian 1." (i: Nordisk Familjebok, Uggleupplagan, bind 14 (1911), sp. 1362)
  107. Yrjö-Koskinen, s. 79
  108. Møller Jensen, s. 67
  109. Møller Jensen, s. 68
  110. Møller Jensen, s. 109
  111. "4. Erik Axelsson" (i: Nordisk familjebok; Uggleupplagan. 29. Tidsekvation-Trompe; Stockholm 1919; sp. 495
  112. "6. Laurens Axelsson" (i Nordisk familjebok; Uggleupplagan. 29. Tidsekvation-Trompe; Stockholm 1919; sp. 496
  113. "Nyslott" (i: Nordisk Familjebok, Uggleupplagan bind 20 (1914); sp. 278)
  114. Edgren, Törnblom (1993), s. 390-391
  115. Møller Jensen, s. 109
  116. Møller Jensen, s. 115
  117. Møller Jensen, s. 116
  118. Møller Jensen, s. 118
  119. Ericson et al., s. 33-40
  120. Møller Jensen, s. 119
  121. Edgren, Törnblom (1993), s. 393-395
  122. Møller Jensen, s. 120
  123. "7. Svante Nilsson S." i: Nordisk familjebok; Uggleupplagan. 27. Stockholm-Nynäs järnväg-Syrsor; Stockholm 1918; sp. 510)
  124. Schybergson (1908), sp. 313
  125. Edgren, Törnblom (1993), s. 398
  126. 126,0 126,1 126,2 126,3 Schybergson (1908), sp. 314
  127. Edgren, Törnblom (1993), s. 404
  128. Ericson Wolke (2006), s. 145-148
  129. Yrjö-Koskinen, s. 118
  130. Yrjö-Koskinen, s. 120
  131. "Juusten. 1. Paul J." i: Nordisk familjebok; Uggleupplagan. 13. Johan-Kikare; Stockholm 1910; sp. 338)