Get Yer Ya-Ya’s Out! The Rolling Stones in Concert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Get Yer Ya-Ya’s Out! The Rolling Stones in Concert
Konsertalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 4. september 1970
Sjanger Rock
Lengd 47:36
Selskap Decca/ABKCO (UK)
London/ABKCO (USA)
Produsent The Rolling Stones, Glyn Johns
Kritikk
The Rolling Stones-kronologi
Let It Bleed
(1969)
Get Yer Ya-Ya’s Out! The Rolling Stones in Concert Sticky Fingers
(1971)

Get Yer Ya-Ya’s Out! The Rolling Stones in Concert er eit konsertalbum av The Rolling Stones gjeve ut 4. september 1970Decca Records i Storbritannia og på London Records i USA. Det vart spelt inn i New York City og Baltimore i november 1969, like før Let It Bleed kom ut.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mange, inkludert The Rolling Stones, reknar dette som det første offisielle konsertalbumet deira, trass i at Got Live If You Want It! vart gjeven ut i USA i 1966 for å oppfylle ein platekontrakt. Ei av årsakene for å gje ut eit konsertalbum var for å imøtegå bootlegplata Live’r Than You'll Ever Be frå ein konsert i Oakland på same turne, som til og med vart omtalt i musikkmagasinet Rolling Stone.

The Rolling Stones hadde ikkje turnert sidan april 1967 og var ivrig etter å legge ut på turne i 1969. Med god kritikk for dei to siste albuma, Beggars Banquet og Through the Past, Darkly (Big Hits Vol. 2), var publikum forventningsfulle. Den amerikanske delen av turneen i november og desember 1969 med Terry Reid, B.B. King (stundom erstatta av Chuck Berry) og Ike and Tina Turner som oppvarming, gjekk for fulle hus. Turneen var den første Mick Taylor hadde med The Rolling Stones etter at han erstatta Brian Jones kort tid før Jones døydde i juli 1969.

Opptaka som hamna på albumet vart spelt inn 27. og 28. november 1969 i Madison Square Garden i New York City, medan «Love in Vain» vart spelt inn i Baltimore den 26. november 1969. Enkelte lydspor vart spelt inn i januar og februar 1970 i Olympic Studios i London, men bortsett frå noko vokal, vart ikkje lydspor med instrument lagt til konsertopptaka.

'Get Yer Ya-Ya’s Out!' The Rolling Stones in Concert kom ut i september 1970, medan bandet heldt på med innspelinga av det neste studioalbumet deira, Sticky Fingers. Det vart godt teke imot både av tilhengjarane og musikkpressa, og nådde førsteplassen i Storbritannia og sjetteplassen i USA. Bortsett frå enkelte samlealbum, var dette det siste albumet Rolling Stones gav ut gjennom Decca Records i Storbritannia og London Records i USA, før dei starta sitt eige plateselskap, Rolling Stones Records.

Tittelen på albumet kom frå songen «Get Yer Yas Yas Out» av Blind Boy Fuller.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Jumpin’ Jack Flash»   4:02
2. «Carol» (Chuck Berry) 3:47
3. «Stray Cat Blues»   3:41
4. «Love in Vain» (Robert Johnson) 4:57
5. «Midnight Rambler»   9:05
Side to
# Tittel Lengd
6. «Sympathy for the Devil»   6:52
7. «Live with Me»   3:03
8. «Little Queenie» (Chuck Berry) 4:33
9. «Honky Tonk Women»   3:35
10. «Street Fighting Man»   4:03

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Ian Stewart – piano på «Carol», «Little Queenie» og «Honky Tonk Women»
  • J. P. Hawkes – tamburin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Entertainmen Weekly