Hn/Oden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Odin».
Truleg ei framsyning av Oden som rid på Sleipnebilætsteinen Tjängvidesteinen frå Gotland.
Oden med ramnom og våpni sine. Frå eit islandsk manuskript frå 1700-talet.

Oden (uttala /²uː(d)ən/, frå norrønt Óðinn) er namnet på guden åt hovdingom i norrøn gudetru. Han er hovdingen åt gudom, og er òg den guden norrøne hovdingar blóta til. Oden er den måttugaste og visaste av gudom i den norrøne gudelæra. I seinare tid er gudenamnet vorte eit nogo uvanlegt fyrenamn, og hev òg gjeve namn til Odinfeltet fyre naturgass i Nordsjoen.

Gudelæra[endre | endre wikiteksten]

Oden som gudekong på truna med ramnar, ulvar og «vikinghjelm» med vengjer. Illustrasjon frå 1880-åra av Carl Emil Doepler.

Foreldri åt Oden er guden Bor og gygri Bestla, medan Ve og Vilje ero brørne.[1] Kjerringi er Frigg; med henne fekk han Balder, Hod og Hermod,[1] men ein knyter òg Frøya til honom. Han er far åt den folkekjære guden Tor, som han fekk i lag med Jord (Fjorgyn).[1] Med Rind fekk han Våle, og med Grid fekk han Vidar. Oden er òg nemnd som far åt Ty, Brage og Heimdall.[1]

Oden var upphavleg gud fyre stormar og natti, men vart seinare fremda til hovudgud. Han er stridsgud, og gud fyre visdom, trolldom (seid), runemagi, skaldekunst, med meir. Oden er òg gud fyre kongsmakt. I dei norske kongssogom (Heimskringla) vert kongsætti Ynglingeætti førd attende til sonen åt Oden, Frøy (Yngve-Frøy).

Bustaden åt Oden heiter Valaskjalv. Der sit han i høgsætet Lidskjalv som er slik at han kann sjå heile verdi derfrå. Oden eig spjotet Gungne og gullringen Draupne.[1]

Valhall[endre | endre wikiteksten]

Oden styrer i Valhall.[1] Veggane i denne gildehalli ero gjorde av spjot, og taket av skjold. Valhall hev 540 portar, som alle ero so breide at 800 stridsmenn kunna ganga gjenom deim. Her samnast alle som hava falle i strid, og dei halda fram med stridingi her. I Valhall er det slik at alle som døya medan dei slåst, koma til live att, og kunna halda fram med å eta og drikka.

Maten få dei frå galten Særimne. Han vert eten kvar dag, men um kvelden er han like heil att. Kokken her heiter Andrimne, og kjetelen Eldrimne. Geiti Heidrun fyller eit kar med mjød kvar dag, og det er rikelegt til alle. Oden sjølv drikk berre vin, som både er mat og drykk. Det er valkyrjone Rist og Mist som bera drikkehorni til Oden.

Geiti Heidrun og hjorten Eiktyrne standa på taket av Valhall og eta bladi frå asketreet Yggdrasel.

Dyri åt Oden[endre | endre wikiteksten]

Oden hev ein hest, Sleipne, som gjeng gjenom verdi med åtte bein. Ingen hest i verdi spring like snøgt som Sleipne. Han spring på land, på vatn, gjenom fjell og i lufti.

På kvar oksl hev Oden ein svart ramn, ramnane heita Hugen og Munen[1] (hug og minne). Dei sjå kvar einaste rørsla nedre på jordi og dei høyra kvart einaste litle ljod. Inkje er løynt fyre Hugen og Munen.

Oden hev tvei ulvar, Gjere og Freke.[1] Både namni tyda hæken eller grådug.

Kunnskapsguden[endre | endre wikiteksten]

Oden i ørneham stel mjøden åt Suttung. Norrøn skildring frå Gotland.

Oden er millom anna gud fyre visdom og kunnskap.[1] Kunnskapen fekk han då han ofra eit auga fyr’ å drikka av kunnskapsbrunnen (brunnen åt Mime). Oden er difyre einøygd. Ofringi gjorde han fyr’ å skyna den verdi han hadde skapa. Mime vart seinare halshoggen, og Oden nytta hovudet til å rådføra seg.

Ved eit anna høve skal Oden ha’ «ofra seg sjølv til seg sjølv» ved å stinga seg sjølv i sida og hengja seg halvt daud og halvt livande i heimsstreet Yggdrasel. Hendingi er nemnd i Håvamål.[1] Slik denne versesamningi ligg fyre i Den eldre Edda, skal heile Håvamål vera tala åt ‘den høge’, eller Oden. Oden stend stundom fram og gjev råd eller fortel um seg sjølv.

Kunnskap åt Oden femner òg um trolldom og spådomskunst, som er knytt til runekunna. Han er òg gud fyre skaldekunst, som han fekk kunnskap um gjenom å forføra Gunnlod og drikka mjøden som høyrde til far hennar, Suttung.[1]

Skapargud[endre | endre wikiteksten]

Oden, Lodur og Høne skapa Ask og Embla (1895) av Lorenz Frølich.

Både i den eldre og den yngre Edda er Oden reikna som ein av dei tri gudom som skapa Ask og Embla, dei fyrste menneski.

Korso Oden mun døya[endre | endre wikiteksten]

Dei trjå nornone hava sét at ved enden åt verdi, ved Ragnarok, skal Oden verta svelgd av Fenresulven. Sonen åt Oden, Vidar, drep dinæst Fenresulven.[1]

Dyrking og ættarband[endre | endre wikiteksten]

Oden og søner, der han er rekna som stamfar til angelsaksiske kongar. Frå Libellus de primo Saxonum uel Normannorum adventu frå 1100-talet.

Odensdyrking er nemnd i fleire gamle kjeldor, både frå Norderlondom og utlendske umkverve.[1] Oden vart rekna å vera stamfar fyre fleire norderlendske herskarætter, som skjoldungane i Danmark, og ynglingane i Uppsala og dei norske ladejarlane.[1]

Sidan er Oden vorten knytt til oskoreidi, som i norderlendsk og tydsk folketru fer gjenom verdi.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Georg von Rosen, Oden som vandringsman, 1886.

Det norrøne namnet til Oden var Óðinn, som hev samanhang med od ‘styrlaus, vill’.[1]dansk og i dei nynorske umsetjingane på midlandsnormalen er Oden kalla «Odin». På tydsk er han kalla «Wotan», som kjem frå det same upphavet som dei norderlendske namni: Frumgermanske *Wōdanaz eller *Wōdinaz. Detta er atter avleidt av *wōdaz ‘od’.

Guden hev òg mange andre namn eller kjenningar, som visa til mange eigenskapar og kunnor: Allfader, Arnhovde, Atrid, Audun, Biløyg, Bivlinde, Bjarke, Bjørn, Blind, Bolverk, Brage, Brun, Brune, Båløyg, Dorrud, Dresvarp, Ennebratt, Farmagud, Farmaty, Farmognud, Feng, Fimbultul, Fimbulty, Fjellgeigud, Fjølne, Forne, Fornolve, Frårid, Galga, Ganglere, Ganglere, Gangråd, Gangråde, Gaptrosne, Gaut, Gautaty, Gaute, Geirlodne, Geirolne, Geirty, Geirud, Ginnar, Gissur, Gjest, Gjestumblinde, Glapsvinn, Gollne, Gollor, Gollung, Gondle, Grane, Grim, Grim, Grimne, Gråskjegg, Gunnblinde, Haftagud, Hagvirk, Hangagud, Hangaty, Hange, Helblinde, Hengekjeft, Herblinde, Herfoder, Herglad, Herjafoder, Herjan, Hermod, Herteit, Herty, Hildolv, Hjarrande, Hjelmbere, Hord, Hott, Hvedrung, Hå/Håve/Høg, Hårbard, Jalfad, Jamnhå, Jolfud, Jolne, Jolv, Jormun, Jorund, Karl, Kjalar, Kvatmod, Kvatråd, Langbard, Langskjegg, Launding, Lefoder, Lefrøy, Lodung, Møttul, Nikar, Nikar-Fjølne, Nikud, Nikund, Njot, Olg, Ome, Oske, Ovne, Rame, Ramnagud, Rane, Rjod, Roft, Roftaty, Rosshårsgråne, Rosterus (hjå Saxo, truleg same som Hroptr, Roft), Sann, Sanngjetal, Sidhott, Sidskjegg, Sigde/Sigte, Sige, Sigerhovud, Sigfader, Siggaut, Sigmund, Sigrunn, Sigtro, Sigtrygg, Sigty, Skilving, Skollvald, Svalne, Svavne, Sveigte, Svidre, Svidud, Svidur, Svipal, Svipdag, Svolne, Svåne, Tekk, Trasar, Trigge, Tro, Trott, Tud, Tund, Tvegge, Tviblinde, Ud, Unn, Vak, Valfar (‘far åt dei falne’[1]), Vald, Valfoder, Valgaut, Valkjosande, Valtam, Valtogne, Vegtam, Veraty, Vidrimne, Vidur, Vingne, Voden, Våvud, Ygg/Yggr ('den skrekkelege'[1]), Yggjung, Yrung, Ivalde, Ørn, Øv og Øylund.

Oden nytta som namn[endre | endre wikiteksten]

Jamvel um Oden var den øvste av gudom, hev han ikkje sett mange spòr etter seg i norske stadnamn eller i tradisjonelle personnamn. Det finst ein del moglege Oden-avleidde stadnamn i Danmark, Sverige og Aust-Noreg, som Onsøy og Odense,[2] men ingen i Sørvest-Noreg eller Island.[1]

Dei tidlegaste dømi på bruk av Oden som mannsnamn finst i skriftlege kjelder frå 1700- og 1800-talet. I desse falli er det tala um uppdanska skriftform av mannsnamnet Audun. Det er først i nyare tid at Oden (i formi Odin) er vorte noko vanlegare som fyrenamn — stykkjomtil som uppkalling etter Audun og stykkjomtil inspirert av hovudpersonen Odin i romanserien Juvikfolke av Olav Duun. Kring 2200 nolivande norske menn hava namnet Odin som fyrste eller einaste fyrenamn (2014).

Derimot hev han gjeve namn til onsdag (‘odensdag’), på same måte som herskarguden Merkur gjorde i dei romanske målom.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Kjeldor[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 1,15 1,16 1,17 Magerøy, Hallvard. «Odin» (8. november 2011), Store norske leksikon. Henta 9. mai 2014.
  2. Magerøy, Hallvard. nordisk religion (7. juni 2013), Store norske leksikon. Henta 9. mai 2014.