Murder Most Foul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Murder Most Foul
Singel av Bob Dylan
frå albumet Rough and Rowdy Ways
Utgjeve 27. mars 2020
Sjanger Folk[1]
Lengd 16:56
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Bob Dylan-kronologi
«Wigwam»
(2013)
Murder Most Foul «I Contain Multitudes»
(2020)


«Murder Most Foul» er ein song av den amerikanske songaren og låtskrivaren Bob Dylan, gjeve ut på singel 27. mars 2020.[2][3] Songen omhandlar mordet på John F. Kennedy sett i kontekst av ei større amerikansk politisk og kulturell historie.[4][5]

I ei melding som kom i samband med songen, indikerte Dylan at «Murder Most Foul» var ei gåve til fansen for å ha støtta han i alle åra.[6] Somme kritikarar såg utgjevinga og innhaldet av songen som direkte knytt til covid-19-pandemien.[7][8]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

The day they blew out the brains of the king
Thousands were watching, no one saw a thing
It happened so quickly, so quick, by surprise
Right there in front of everyone's eyes

Bob Dylan (2020)

Songen kom uventa ut 27. mars 2020 på YouTube-kanalen til Bob Dylan.[9] Det var den første originale songen hans sidan 2012.[10][11] Songen varer 16 minuttar og 56 sekund og er den lengste songen Dylan har gjeve ut, kring 25 sekund lenger enn «Highlands».[10]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

National Public Radio (NPR) skildra songen som «ein langsam utfoldande song over eit delikat akkompagnement med fiolin, piano og ein roleg perkusjon. Røysta til Dylan er rik og uttrykksfull der han glir mellom skildringa av mordet, utfordringa av motkulturen, og ei oppramsing av musikarar, filmtekstar og andre popkulturreferansar» og meinte songen var «Dylan på sitt mest skarpe». NPR konkluderte med at «Murder Most Foul» var «verdt mange lyttingar og vil oppta mange Dylanologar i heimane sine».[12] NPR identifiserte over 70 referansar til andre songar i songen.[13]

The Guardian skreiv at songen skildra mordet på Kennedy med «nakne vilkår, og førestiller seg Kennedy bli ført til slaktinga som eit offerlam ... they blew off his head while he was still in the car / shot down like a dog in broad daylight» og at Dylan skapte eit «episk portrett av eit Amerika i forfall sidan den gongen» med ei form for frelse i popmusikken med referansar til The Beatles, Woodstock- og Altamont-festivalane, rockoperaen Tommy av The Who, Charlie Parker, Guitar Slim, Don Henley, Glenn Frey, Warren Zevon, Stevie Nicks, Lindsey Buckingham, Little Walter, Carl Wilson og andre.[6]

NBC News skreiv «Songen har nesten ikkje melodi, og i motsetnad til noko anna Dylan har gjeve ut, leverer Dylan teksten nesten snakkande, med ein medvitsstraumaktig tekst over eit enkelt akkompagnement av piano, fiolin og lett perkusjon.»[14] Rolling Stone hylla songen og skreiv songen «er i røynda om korleis musikk kan trøyste oss under eit nasjonalt traume. For dei av oss som ofte vitjar katalogen til Bob Dylan av nettopp den årsaka, kom 'Murder Most Foul' på akkurat rett tidspunkt.»[15]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Songen var den første Bob Dylan-songen som nådde toppen av ei Billboard-liste.[3]

Salslister for «Murder Most Foul»
Liste (2020) Plassering
Skottland (Official Charts Company)[16] 7
UK Download (Official Charts Company)[17] 6
US Digital Songs (Billboard)[18] 8
US Hot Rock & Alternative Songs (Billboard)[19] 5
US Rock Digital Song Sales (Billboard)[3] 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Graves, Wren (27. mars 2020). «Bob Dylan Shares First New Song in Eight Years “Murder Most Foul”». Consequence of Sound. Henta 4. mai 2020. 
  2. «Bob Dylan surprise-releases epic new 17-minute song, 'Murder Most Foul'». Los Angeles Times (på engelsk). 27. mars 2020. Henta 21. juni 2020. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Rutherford, Kevin (8. april 2020). «Bob Dylan Scores First-Ever No. 1 Song on a Billboard Chart with 'Murder Most Foul'». Billboard. Henta 21. juni 2020. 
  4. «Opinion | What is Bob Dylan's epic 17-minute new song about? You be the judge». NBC News (på engelsk). Henta 21. juni 2020. 
  5. Dettmar, Kevin. «What Bob Dylan Is Doing in «Murder Most Foul»». The New Yorker (på engelsk). Henta 21. juni 2020. 
  6. 6,0 6,1 Beaumont-Thomas, Ben (27. mars 2020). «Bob Dylan releases first original song in eight years, 17-minute track about JFK». The Guardian. Henta 21. juni 2020. 
  7. Moye, David (27. mars 2020). «Bob Dylan Responds to Coronavirus with Song About JFK Assassination». The Huffington Post (på engelsk). Henta 21. juni 2020. 
  8. Slate, Jeff (27. mars 2020). «Bob Dylan's 'Murder Most Foul' Is a 17-Minute New Song About JFK – and Maybe Coronavirus?» (på engelsk). NBC. Henta 21. juni 2020. 
  9. Hughes, William (27. mars 2020). «Bob Dylan Just Surprise-Released a 17-Minute Song About JFK, America, and also Freddy Krueger». The A.V. Club. Henta 21. juni 2020. 
  10. 10,0 10,1 Willman, Chris (26. mars 2020). «Bob Dylan Releases 17-Minute Song About JFK Assassination». Variety. Henta 21. juni 2020. 
  11. Sparey, Sara (27. mars 2020). «Bob Dylan has released a song about the Kennedy assassination - and it's 17 minutes long». CNN. Henta 21. juni 2020. 
  12. Onkey, Lauren (27. mars 2020). «Bob Dylan Releases Epic New Song, 'Murder Most Foul'». NPR. Henta 21. juni 2020. 
  13. Boilen, Bob (27. mars 2020). «A List Of The Songs Named In Bob Dylan's 'Murder Most Foul'». NPR. Henta 29. mars 2020. 
  14. Slate, Jeff (27. mars 2020). «Bob Dylan's 'Murder Most Foul' Is a 17-Minute New Song About JFK—and Maybe Coronavirus?». NBC News. Henta 28. mars 2020. 
  15. Vozick-Levinson, Simon (27. mars 2020). «‘Murder Most Foul’ Is the Bob Dylan Song We Need Right Now». Rolling Stone. Henta 21. juni 2020. 
  16. "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company. Henta 21. juni 2020.
  17. "Archive Chart" UK Download Chart. Official Charts Company. Henta 21. juni 2020.
  18. "Dylan?f=395&g=Singles Bob Dylan Album & Song Chart History" Billboard Digital Songs for Bob Dylan. Prometheus Global Media. Henta 21. juni 2020.
  19. "Bob Dylan Chart History (Hot Rock & Alternative Songs)". Billboard. Retrieved 21. juni 2020.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]