Beitunia
Beitunia | |||
بيتونيا, Beituniya, Beatonia | |||
kommune | |||
Byen sett frå vest
| |||
Namneopphav: Beitunia, førenamn[1] | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ramallah og al-Bireh guvernement | ||
Koordinatar | 31°53′20.24″N 35°10′03.12″E / 31.8889556°N 35.1675333°E | ||
Areal | 26,2 km² | ||
Folketal | 19 761 (2007) | ||
Folketettleik | 754 / km² | ||
Borgarmeister | Arafat Khalaf | ||
![]() Beitunia 31°53′20″N 35°10′03″E / 31.888955555556°N 35.167533333333°E | |||
Wikimedia Commons: Beitunia | |||
Nettstad: www.beitunia.ps |
Beitunia (arabisk بيتونيا), òg Bitunya er ein palestinsk by som ligg 3 km vest for Ramallah og 14 km nord for Jerusalem. Byen ligg i Ramallah og al-Bireh guvernement, sentralt på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 19 761 i 2007,[2] den tredje største i guvernement etter al-Bireh og Ramallah.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ein har funne potteskar frå bysantinsk tid, mamelukkane og tidleg osmansk tid.[3]
I 1883 skreiv Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine at Beitunia var krossfarar-landsbyen Uniet, som var ein av 21 landsbyar som kong Godfrey som eit len til Den heilage grav-kyrkja.[4]
Men i 1887 identifiserte Röhricht Beitunia med Beitiumen, eit anna len som kongen gav til kyrkja.[5][6] Conder meinte det var bevis på at dette var rett og derfor «særs tvilsamt» at Beitunia varUniet.[7] Abel, skreiv i 1931 at Beitunia var Beit Uniet, som var nemnt i ein tekst tidleg på 1100-talet.[3]
Ein stor kvelva bygning i byen, kalla Badd al Balad («oljepressa i landsbyen») er datert til krossfarar-tida.[8][9]
Osmansk tid
[endre | endre wikiteksten]Beitunia vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i skattelistene for 1596 låg landsbyen i Quds nahiya i Quds liwa. Folkesetnaden var 75 hushaldningar og 5 ungkarar, alle muslimar. Dei betalte skatt for kveite, bygg, oliven, vindruer, frukttre, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.[10]
Den amerikanske vitskapsmannen Edward Robinson vitja landsbyen i 1838,[11] og det same gjorde den franske oppdagaren Victor Guérin i 1870, som noterte at Beitunia hadde kring 600 innbyggjarar.[12]
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Beitunia som «ein ganske stor landsby i stein, omgjeve av oliven, i høgt lende på ein flat, steinete rygg, med ei slette i aust. I aust ligg cisterner, vinpresser, og ein dam (el Baliia), som inneheld vatn om vinteren. I nord og aust er det hogd ut graver i berget, med fine, men blokkerte inngangar.»[13]
Det britiske mandatet
[endre | endre wikiteksten]
I folketeljinga i 1922 hadde Beitunia eit folketal på 948, alle muslimar.[14] Dette hadde auka i folketeljinga i 1931 til 1 213, framleis alle muslimar, i 277 hus.[15]
På grunn av dårleg økonomi tidleg på 1900-talet, emigrerte mange folk. Somme kom til Chicago-området, og var involvert i oppstarten av Bridgeview-moskeen.[16][17]
I 1945 var folketalet 1 490, alle arabarar, medan det samla landarealet var 23 366 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[18] Av dette var 7 854 for plantasjar og irrigert land, 8 381 for korn,[19] medan 77 mål var klassifisert som utbygde område.[20]
Etter 1948
[endre | endre wikiteksten]Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, kom Beitunia under Jordan sitt styre.
Etter seksdagarskrigen i 1967 vart Beitunia okkupert av Israel.
Den israelske sperringa på Vestbreidda
[endre | endre wikiteksten]Beitunia har eit landområde som består av 26 174 mål, der 336,2 hektar er utbygde område. Israel si sperring på Vestbreidda skil byområdet frå 66 % av landsbygda, men det meste av det sperra området (Separasjonssonen) består av skog og opne område som er viktige jordbruksland og beitemarker.[21]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Palmer, 1881, s. 287
- ↑ 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.114.
- ↑ 3,0 3,1 Finkelstein et al, 1997, s. 346-7
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 11
- ↑ Röhricht, 1887, s. 205
- ↑ de Roziére, 1849, s. 98, 102: Beituimen; begge sitert i Röhricht, 1893, RRH, s. 16- 17, No 74
- ↑ Conder, 1890, s. 30, 32
- ↑ Pringle, 1997, s. 29
- ↑ Pringle, 2009, s. 235-240
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 121
- ↑ Robinson & Smith, 1841, vol 2, s. 133, 135
- ↑ Guérin, 1875, s. 46
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 8
- ↑ Barron, 1923, Table VII, Ramallah underdistrikt, s. 16
- ↑ Mills, 1932, s. 48.
- ↑ Hard-liners won battle for Bridgeview mosque[daud lenkje], February 8, 2004 Chicago Tribune
- ↑ Forget Poles: palestinarar find a home in suburban Chicago Arkivert 2016-02-05 ved Wayback Machine., February 7, 2013, webz.org
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 161
- ↑ Betunia: A palestinsk Community Victimized by the israelske Colonization Activities Arkivert 2007-12-15 ved Wayback Machine. Applied Research Institute - Jerusalem 2007-11-11.
- Denne artikkelen bygger på «Beitunia» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1883). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 3. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Conder, C. R. (1890). «Norman Palestina». Quarterly statement - Palestine Exploration Fund 22: 29–37.
- Finkelstein, Israel; Lederman, Zvi, red. (1997). Highlands of many cultures. Tel Aviv: Institute of Archeology of Tel Aviv University Publications Section. ISBN 965-440-007-3.
- Guérin, Victor (1875). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 2: Samarie, pt. 2. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Pringle, Denys (1997). Secular buildings in the Crusader Kingdom of Jerusalem: an archaeological Gazetter. Cambridge University Press. ISBN 0521 46010 7.
- Pringle, Denys (2009). The Churches of the Crusader Kingdom of Jerusalem: Volume IV The cities of Akko and Tyr with Addenda and Corrigenda to Volumes I-III. Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-85148-0.
- Robinson, Edward; Smith, Eli (1841). Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the year 1838 2. Boston: Crocker & Brewster.
- Röhricht, R. (1887). «Studien zur mittelalterlichen Geographie und Topographie Syriens». Zeitschrift des Deutschen Palästina-Vereins 10: 195–344.
- Röhricht, Reinhold (1893). (RRH) Regesta regni Hierosolymitani (MXCVII-MCCXCI) (på latin). Berlin: Libraria Academica Wageriana.
- de Roziére, red. (1849). Cartulaire de l'église du Saint Sépulchre de Jérusalem: publié d'après les manuscrits du Vatican (på fransk). Paris: Imprimerie nationale.
- Sharon, Moshe (1999), Corpus Inscriptionum Arabarum Palaestinae, Vol. II, B-C, BRILL, ISBN 9004110836