Rødven kyrkje
Utsjånad
| Rødven kyrkje | |||
| kyrkje | |||
Foto: Max Ingar Mørk | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Møre | ||
| Prosti | Indre Romsdal | ||
| Stad | Rødven | ||
| Arkitekt | J.Z.M. Kielland | ||
| Material | tre | ||
| Innvigd | 1907 | ||
| • Endringar | restaurert (reparert) i 1950-åra | ||
| Tårn | Klokketårnet er av treverk | ||
| Skip | Eitskips hallkyrkje | ||
| Kyrkjegard | ligg ved kyrkja | ||
![]() Rødven kyrkje 62°37′29″N 7°29′38″E / 62.6247°N 7.4938°E | |||
| Wikimedia Commons: Rødven kirke | |||
Rødven kyrkje ligg nede ved sjøen i bygda Rødven i Rauma kommune.
Kyrkja vart bygd i 1907 samstundes med dei to søsterkyrkjene, Veøy kyrkje på Sølsnes i Molde kommune og Holm kyrkje på Holm i Rauma kommune. Desse to kyrkjene var eit forbilde. Og dåtidas kyrkjebygg skulle gjerne ha dragehovud, men det fekk ikkje Rødven kyrkje. Eksteriøret vart forsøkt halde i stil med Rødven stavkyrkje som står like ved. Dei to kyrkjene er likevel ikkje særleg like: Stavkyrkja er ikkje måla og ho er brun av tjøre, medan kapellet er måla i raudt og kvitt. Kapellet er oppført i lafta tømmer (ikkje stavteknikk).
Ein gong i 1980-åra fekk kyrkja nytt orgel.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Thaule, John Ove; Ubostad, Ingar; Pedersen, Bjørn. 1990. Kyrkjene våre i Ei bok om Rauma, Rauma Kommune. s 207-210
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Rødven kyrkje på kyrkjesok.no Arkivert 2016-03-22 ved Wayback Machine.
- Rødven kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
