Togkapellet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Togkapellet
kapell
Togkapellet-Rauma-Norway.JPG
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Rauma
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Indre Romsdal
Lengd 23 m
Innvigd 10. juni 2003
 - Byggjeår ca. 1935
 - Endringar til kapell 2003
Tårn Ingen
Skip jernbanevogn
Kyrkjegard Ingen
Altartavle Alteret er laga av jernbanesviller og skinner
Diverse lysestake av toghjul
Wikimedia Commons: Åndalsnes togkapell

Togkapellet ligg sentralt ved jernbanestasjonenÅndalsnes i Rauma kommune. Det er ei eldre jernbanevogn som innvendig er spesialdesigna som kyrkjeleg kapell og møteplass.

Togkapellet på Åndalsnes er det første i Noreg og visstnok det einaste i verda. Jernbanevogn er todelt med eit uformelt møterom og eit kyrkjeleg kapell. Det er ope heile året. Kapellrommet har 25 sitteplassar, totalt er det 55 sitteplassar. Togkapellet kan ha korte seremoniar, som mellom anna bryllaup.

Togkapellet vart vigsla 10. juni 2003, ved biskop Odd Bondevik med kong Harald og dronning Sonja som æresgjester. Togkapellet er eigd av ei tverrkyrkjeleg stifting som består av Den norske kyrkja, Frelsesarmeen og Pinsemenigheten Kilden.

Prosjektet[endre | endre wikiteksten]

Idéen kom under eit møte i Møre bispedømme i Molde i 2000. Sigurd Bredal fekk idéen då det var snakk om brygge- og gatekapell på stader nær der folk ferdast. Åndalsnes er stasjonsby og endestasjon for Raumabanen og det var difor ikkje unaturleg med kapell i ei jernbanevogn. Prosjektet hadde tittelen Kirka på sporet og var ei satsing frå den norske kyrkja for å få «alteret ut til folket». Togkapellet er eitt av om lag 30 kapell plassert i gater og på brygger i Noreg. Filosofien bak prosjektet var at livet er ei reise.

I samarbeid med NSB vart ei utrangert, men totalrenovert jernbanevogn vald. Ho hadde tidlegare gått på Bergensbanen.

Møterommet[endre | endre wikiteksten]

Møterommet har småbord og lause stolar, som utgjer sittegrupper. Det er tenkt som ei sosial avdeling der menneske uformelt kan møtast og snakke med kvarandre over ein kopp kaffi.

Kapellet[endre | endre wikiteksten]

I kapellet er det eit alter, ein stor lysestake og stolrekker. Stolane er gode å sitte i, originale togstolar, slik som er vanlege i tog. I taket er det fleire bibelsitat.

Alteret er teikna av Sigurd Bredal og laga av togsviller og jernbaneskinner. Det er plassert ved den eine veggen. Vindauget bak alteret har eit glasmåleri laga av Ine Harrang. Det har eit enkelt symbolspråk der hovudelementa er sirkelen (evigheita) og Jesu forsoningsblod.

Lysestaken er laga av eit toghjul, og fungerer som eit stort lysbord. Sjølve toghjulet veg fleire hundre kilo. I senteret er det eit stort lys, og rundt dette er det plass til mange mindre lys. I sommarsesongen er lysbordet ofte fullt av små lys. I 2007 hadde 20 000 menneske frå 46 nasjonar skrive i gjesteboka.

I adventstida er kapellet besøkt av skoleklasser. Ein gong kvar månad er det katolsk gudsteneste.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Nergaard, Richard. 2008. Kapell på skinner. Romsdals Budstikke, 19.mars 2008. side 16-17.