Białowieżaskogen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Visent - Białowieżaskogen sitt «varemerke»

Białowieżaskogen (polsk Puszcza Białowieska, kviterussisk Белавежская пушча, Belaveskaja pusjtsja) er ein gamal urskog som strekker seg over eit vidstrakt område på begge sider av grensa mellom Polen og Kviterussland. Han er den einaste gjenvernade låglandsurskogen i Europa, og står på UNESCO si verdsarvliste. På den polske grensa er han freda som Nasjonalparken Białowieża (polsk Białowieski Park Narodowy). Urskogen si flatevidd er meir enn 150 000 ha.

Flora[endre | endre wikiteksten]

Ei gamal trestamme

Białowieżaskogen er den best bevarte naturskogen i det europeiske låglandet. Karplanter utgjer den største delen av plantene med 1 070 arter. Trefloraen tel 26 artar, 21 lauvtre og 5 bartre. Her finst vidare 19 artar bregner, 6 artar kråkefotplanter, 7 artar sneller, 54 arter levermose og over 200 arter bladmose. Ei lang rekkje bryofyttar og lav har berre overlevd i Białowieżaskogen, sidan dei er knytt til daude tre, eller barken og trestammene til gamle tre. Dei mest talrike karplantefamiliane i urskogen består av:

I Białowieżaskogen er den siste urskogen i det europeiske låglandet bevart. Lauvskog dominerer med ein overvekt av agnbøk (40 – 47 %) samt blandingsskogar (33 %). Trebestanden består i størst grad av gran (26 %), furu (24 %), svartor (17 %), sommereik (12 %) samt hengebjørk og vanleg bjørk (11 %). Her finst òg ask, lind, spisslønn og agnbøk. Lavtrea i urskogen opptrer sjeldan som einsarta trebestandar, og dannar som regel blandingsskog.

Białowieżaskogen er rik på unike artar som har døydd ut på andre stader. Her finst òg mange alminnelege treartar som har tatt heilt nye, unike former. Til dømes minnar forma til linden her om eik og pil, og veks opp til 22 meter. Den såkalla Tsareiken er derimot 42 meter høg, med ein diameter på 224 cm.

I skogen finst over 3000 soppartar og 400 artar lav. I tillegg inneheld dei daude trea i skogen store mengder sopp, bakteriar og små virvellause dyr, og mange av desse er knytt opp til det unike mikroklimaet og finst ikkje andre stader i verda.

Fauna[endre | endre wikiteksten]

I Białowieżaskogen er det funne over 12 000 dyreartar, men ein har estimert at berre 50 % av faunaen er utforska. Her finst 58 artar pattedyr, 250 artar fugl, 7 artar øgler (mellom anna europeisk sumpskilpadde og slettsnok), 13 artar krypdyr, 32 artar fisk, over 9 000 artar insekt, 331 artar edderkoppar, 20 artar igler. Dei virvellause dyra utgjer over 95 % av alle dyreartane i Białowieżaskogen. Denne villmarka er dessutan det ytste grenselandet for dei såkalla boreale artane – artar som er knytte til dei nordlege barskogane (taigaen). Blant dei mest verdifulle fugleartane finst fleire artar ugler (mellom anna lappugle) og heile 9 artar hakkespett (mellom anna tretåspett).

Pattedyra er den best identifiserte dyrefamilien i skogen. Urskogen sitt «varemerke» er visenten (bisonen), som har ein bestand på over 450 stykk, og som er den einaste i sitt slag. I skogen finst òg pattedyr som ulv, gaupe, oter, grevling, flaggermus og gnagarar. Spesiell merksemd får leislerflaggermusa, som bur i reirhol i gamle tre, og blant gnagarane bjørkemusa og lappspissmusa, som representerer eit borealt element i faunaen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Białowieżaskogen

I tidleg mellomalder og fram til 1200-talet danna ikkje Białowieżaskogen eit avgrensa skogkompleks, men var knytt saman med skogane i Polesie og Hrodna. Den noverande Białowieżaskogen vart delt mellom herregardane i Bielsk, Kamieniec og Wołkowysk, og slik oppstod namna Puszcza Bielska, Puszcza Kamieniecka og Puszcza Wołkowyska. Den nordlege delen av Puszcza Kamieniecka vart etter kvart kalla Puszcza Białowieska (etter herregården i Białowieża). Utviklinga og busetnaden i området utrydda Puszcza Bielska (den einaste gjenverande delen er den litle Puszcza Ladzka), og Puszcza Wołkowyska vart delt opp i mindre einingar, (mellom anna Puszcza Świsłocka, Puszcza Mścigobowska og Puszcza Jałowska). Puszcza Jałowska forsvann som følgje av busetjinga, medan den privateigde Puszcza Świsłocka i 1832 vart innlemma i Puszcza Białowieska. Slik er Puszcza Białowieska i dag dei bevarte delane av dei tidlegare urskogane Puszcza Białowieska, Puszcza Ladzka og Puszcza Świsłocka.

I Det polske kongedømet[endre | endre wikiteksten]

I byrjinga høyrde til Białowieżaskogen Troki-voivodskapet. I 1513 vart han del av det nye Podlasie-voivodskapet, som i 1569 vart innlemma i Den polske krona. Busetnad og jakt i urskogen var forbode for dei lokale innbyggjarane, og naturressursane i skogen (som til dømes tre eller høy) kunne berre brukast etter lov (den såkalla wchod). Fra 1400-talet hadde ein spesielle skogvaktarar kalla osoka, som passa på skogane og kontrollerte wchodane.

Dei polske kongane frå og med Władysław II Jagiełło dreiv gjerne med jakt i Białowieżaskogen. Under Zygmunt Stary vart ein ny jaktherregard bygd. I 1538 fastsette han ei lov som forbaud all form for (med unntak av kongeleg) jakt i urskogen. Det var mellom anna forbode å tre inn i skogen med hund eller våpen, og drap på visentar kunne straffast med døden.

I 1639 sende Władysław IV Waza ut eit dekret som utvida osokaen, og delte skogen inn i 12 administrative vaktardelar (straże), med sentrum i Białowieża. Fram til Jan Kazimierz si tid var skogen for det meste utan busetnadar, men under hans styre seint på 1600-talet vart ei rekkje små landsbyar oppretta med småfabrikkar (dei såkalla rudnie) for å utnytte lokale jernressursar og budy for produksjon av tjære. Landsbyane vart folkesett med busetjarar frå Mazowsze og Podlasie, og mange av dei eksisterer framleis.

Tradisjonane for dei store kongelege jaktene vart innført på ny i saksartida. August II av Polen brukte og jakte på bjørn på eiga hand, og overlevde så vidt i 1705 ein slik «spasertur» i skogen. August III av Polen reiste ofte på jakt det store følgje sitt og utanlandske gjestar. Han utvida jaktherregarden og dyrereservatet, det sistnemnde oppretta av Stefan Batory.

Under tsarane[endre | endre wikiteksten]

Etter delinga av Polen byrja tsarinaen Katarina den store og hennar etterfølgjar Pavel I å fordele skogen mellom russiske aristokratar og generalar, og i resultatet vart alle jaktforbod samt osokaen, som dei polske kongane innførte, oppheva. Dei nye eigarane av skogen utnytta skogen på ein røvaraktig måte, men osokaen vart gjenoppretta i 1802 etter at dei neste tsarane såg omfanget av skadane utført under den russiske styringa. I 1820 vart det igjen innført forbod mot jakt på visent samt forbod mot trefelling. I 1811 vart ein stor del av skogen øydelagd av ein skogbrann som varte i 4 månader, og katastrofen var totalt då armèane til Napoleon plyndra herregardane til dei polske kongane.

I 1888 kom heile Białowieżaskogen under dei russiske tsarane, og vart igjen eit jaktreservat. Tsarane byrja å sende visentar som gåver til ulike europeiske hovudstader, samtidig som dei fekk tilsendt store mengder vilt til skogen: elgar, hjortar og dådyr. Dette fekk negative følgjer for skogen. Den siste tsarjakta fann stad i 1912.

På 1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Białowieżaskogen

Under Den første verdskrigen vart det påført store tap på Białowieżaskogen. Under tre og eit halvt år med tysk okkupasjon gjekk han gjennom ei tid med omfattande plyndring (av 32 millionar km³ tre vart 5 km³ felt) og dyrejakting (200 visenter vart drepne). I same tid vart over 300 kilometer skogjarnbanar bygd av tyskarane. Mot slutten av okkupasjonstida, den 25. september 1918, vart det innført forbod mot jakt. Dei tyske soldatane, krypskyttarar og sovjetiske marodarar heldt derimot fram med slaktjaktinga utan måtehald fram til februar 1919, da områda vart gjenerobra og anarkiet stansa av den polske hæren. Men den siste visenten hadde allereie falle ein månad før, og elgbestanden var òg utrydda (før krigen var det 700 visentar i skogen). Skogen kom for godt under polsk administrasjon i 1920 etter Den polsk-sovjetiske krigen, og vart omdanna til eit naturreservat.

I 1923 vart det oppdaga at berre 54 visentar hadde overlevd krigen i ei rekkje dyrehagar rundt om i verda – ingen av dei i Polen. Visentrestitueringa byrja i 1929 då den polske staten kjøpte fire visentar frå dyrehagar i Tyskland, Sverige og Pszczyna. For å verne dei vart mesteparten av skogen gjort om til eit nasjonalreservat i 1932 (Białowieski Park Narodowy – Nasjonalparken Białowieża). Restitusjonen viste seg å virke, og i 1939 var det 16 visentar i nasjonalparken. To av desse hadde kome frå dyrehagen i Pszczyna og var direkte etterkomarar etter visentane frå Białowieżaskogen, gjevne som gåve til Hertugen av Pszczyna av tsar Aleksander II i 1865.

Visentane overlevde Den andre verdskrigen, men krigen førte med seg liknande skadar i skogen som Den første verdskrigen. I 1939 vart etniske polakkar i området deportert til fjerntliggande delar av Sovjetunionen, og erstatta med sovjetiske skogarbeidarar. I 1941 vart skogen likevel okkupert av tyskarane, og dei sovjetiske innbyggjarane vart òg drive bort. Hermann Göring planla å skape det største jaktreservatet i verda her. Frå juli 1941 vart skogen ein gøymestad for polske og sovjetiske partisanar. Dei tyske styresmaktene organiserte massemord på folk som vart mistenkt for å samarbeide med motstandsrørsla. I juli 1944 vart området frigjort av Den raude arméen, men tyskarane rakk å sprenge den historiske Białowieża-herregarden i lufta.

Etter krigen vart om lag to tredjedelar av skogen innlemma i Sovjetunionen etter ordre frå Stalin. Den no noko mindre polske nasjonalparken vart gjenopna i 1947. Det finst i dag 350 visentar i den polske delen av skogen, og om lag 3 000 over heile verda – alle desse stammar nettopp frå Nasjonalparken Białowieża.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Białowieżaskogen