New Morning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
New Morning
Studioalbum av Bob Dylan
Utgjeve 19. oktober 1970
Innspelt juni–august 1970
Sjanger Rock, countryrock, country
Lengd 35:21
Selskap Columbia
Produsent Bob Johnston
Kritikk
Bob Dylan-kronologi
Self Portrait
(1970)
New Morning Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II
(1971)

New Morning er det 11. studioalbumet til Bob Dylan, gjeven ut på Columbia Records i oktober 1970.

Det kom ut berre fire månader etter det kontroversielle Self Portrait og fekk langt varmare mottaking av både tilhengjarar og kritikarar. Mellom anna vendte Dylan tilbake til den meir kjende, nasale stemma si, som han ikkje hadde nytta på plate sidan John Wesley Harding i 1967 (han hadde hatt ei langt meir fløyels- og countryaktig stemme i mellomtida). I ettertid vert ikkje albumet rekna av dei beste albuma til Dylan, og særleg etter Blood on the Tracks i 1975, som ofte vert sett på som betre.

Albumet nådde 7. plass i USA og selde raskt til gull. Det gav Dylan den sjette førsteplassen hans i Storbritannia. Den mest kjende songen frå albumet var truleg «If Not For You», som vart spelt av George Harrison og som vart ein internasjonal hit for Olivia Newton-John i 1971. Bryan Ferry spelte òg denne songen på albumet sitt Dylanesque.

Innspelinga[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom berre fire månader etter Self Portrait og det vart spekulert i om New Morning vart raskt spelt inn og gjeven ut som eit svar på den skarpe kritikken av Self Portrait. I røynda var det meste av New Morning alt ferdig då Self Portrait kom ut.

«Eg sa ikkje, 'å herregud, dei likte ikkje denne, la meg gje ut ei ny'», sa Dylan i 1975. «Det var ikkje slike det var. Det skjedde berre tilfeldig at det eine kom ut og det andre så kort tid etter som det gjorde. Self Portrait-albumet vart liggande eit års tid trur eg. Me arbeidde på New MorningSelf Portrait vart sett i saman».

I løpet av innspelingane i mars der det meste av Self Portrait vart spelt inn, spelte Dylan inn tre songar han seinare nytta på New Morning: «Went to See the Gypsy» (med elektrisk piano), «Time Passes Slowly» og «If Not For You». Fleire andre songar vart spelte inn, men ikkje rekna som gode nok.

Etter at Self Portrait nesten var ferdig, gjekk Dylan i studio i New York, frå 1. mai 1970. På den første innspelinga hadde han med seg George Harrison, bassist Charlie Daniels og trommeslagar Russ Kunkel. Fleire gamle Dylan-songar og andre sine songar vart spelte inn i tillegg til nye songar. Mellom anna vart «Went to See the Gypsy» spelt inn og gjeven ut på New Morning, medan det meste av det andre vart forkasta.

Ein gong på våren 1970 vart Dylan involvert i eit nytt skodespel av diktaren Archibald MacLeish. Ein musikalsk versjon av The Devil and Daniel Webster, med tittelen Scratch. «New Morning», «Time Passes Slowly» og «Father of Night» vart alle skrivne for propduksjonen. Til slutt førte ein krangel med produsenten om «Father of Night» til at Dylan forlet produksjonen og trekte attende songane sine.

Den neste innspelinga for New Morning vart først halde 1. juni. Då hadde Dylan skrive fleire ny songar, mellom andre «Three Angels», «If Dogs Run Free», «Winterlude» og «The Man in Me». I løpet av dei fem neste dagane spelte Dylan inn det meste av albumet. Han spelte òg inn eit par coverversjonar han hadde tenkt å ta med på New Morning.

Bob Johnston stod oppført som produsent på albumet, men var borte frå juli av. Al Kooper og Dylan tok over. Kooper overbeviste Dylan til å legge på strykarar på eit par av songane, samt andre lydspor på andre songar, men Dylan enda opp med å ikkje nytte nokre av dei. Dylan ønskte å spele inn nye utgåver av «If Not for You» og «Time Passes Slowly», og heldt ei siste innspeling den 12. august. Denne dagen spelte han òg inn «Day of the Locusts», som ikkje hadde vore ferdig tidlegare.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Kritikarane var raskt ute med å hylle New Morning då det kom ut. Ralph Gleason i Rolling Stone skreiv mellom anna «We've got Dylan back again» (Me har fått Dylan tilbake). Få plasserte albumet ved sidan av meisterverka hans frå 1960-åra, men det vart rekna som eit stort steg i riktig retning etter det førre albumet.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan. 

# Tittel Lengd
1. «If Not for You»   2:39
2. «Day of the Locusts»   3:57
3. «Time Passes Slowly»   2:33
4. «Went to See the Gypsy»   2:49
5. «Winterlude»   2:21
6. «If Dogs Run Free»   3:37
7. «New Morning»   3:56
8. «Sign on the Window»   3:39
9. «One More Weekend»   3:09
10. «The Man in Me»   3:07
11. «Three Angels»   2:07
12. «Father of Night»   1:27

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]