Ummagumma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ummagumma
Album av Pink Floyd
Utgjeve 25. oktober 1969
Innspelt 1969
Sjanger Eksperimentell rock
Lengd 86:11
Selskap Harvest, EMI Storbritannia
Harvest, Capitol USA
Produsent Pink Floyd (studio), Norman Smith (konsert)
Kritikk
Pink Floyd-kronologi
Music from the Film More
(1969)
Ummagumma Atom Heart Mother
(1970)

Ummagumma er eit progressivt dobbeltalbum av Pink Floyd frå 1969. Den første plata er eit konsertalbum med nokre av dei mest kjende songane deira frå den tida, medan den andre plata inneheld individuelle komposisjonar av kvart bandmedlem, ei halv vinylside kvar til David Gilmour, Richard Wright, Nick Mason og Roger Waters. Konsertbiten vart spelt inn på Mothers Club i Birmingham den 27. april 1969 og den neste veka på Manchester College of Commerce den 2. mai.

Sjølv om albumet vart eit soloprosjekt og ei konsertplate, var det opphavleg tenkt at ho skulle vere ei rein avantgarde blanding av lydar frå tilfeldige instrument som ein «fann». Bandet var svært eksperimentelle på studioplata, som inneheld Waters-visa «Grantchester Meadows», eit atonalt og disharmonisk pianostykke («Sysyphus»), progressiv rock («The Narrow Way») og lange perkusjonssoloar («The Grand Vizier’s Garden Party»). Store delar av studioplata var tidlegare spelt live som ein del av konseptet «The Man/The Journey». Konsertplata inneheld opptak av nokre av bandet sine mest populære songar frå denne perioden, og gjorde at albumet fekk betre kritikk enn dei to førre albuma. Albumet var Pink Floyd sitt mest populære så langt, og nådde femteplass på listene i Storbritannia og 74. plass i USA. Dermed var albumet den første plata til bandet som kom inn på Topp 100 i USA. Bandet fekk gullplate for albumet i USA i februar 1974, og platina i mars 1994.

I 1987 kom albumet ut på CD, og med ny og betre digital lyd i 1994. Ingen av CD-versjonane hadde med bilete av den første kona til Waters, som hadde vore med på innsida av omslag til den originale vinylutgåva.

Omslaget på den originale utgåva var litt forskjellig på den britiske og den amerikanske utgåva. På omslag til den britiske versjonen kan ein sjå albumet Gigi lent opp mot veggen like over «Pink Floyd»-bokstavane på golvet, medan albumet berre var farga kvitt på den amerikanske versjonen, visstnok på grunn av problem med opphavsrett til bilete av albumet.

Tittelen «Ummagumma» var eit slangord for kjønnsleg omgang utbreidd i Cambridgeshire, som bandmedlemmene Barrett, Gilmour og Waters kom frå.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Konsertalbumet
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Astronomy Domine»   Syd Barrett 8:29
2. «Careful with That Axe, Eugene»   David Gilmour/Roger Waters/Richard Wright/Nick Mason 8:50
3. «Set the Controls for the Heart of the Sun»   Waters 9:12
4. «A Saucerful of Secrets»   Gilmour/Waters/Wright/Mason 12:48
Studioalbum
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Sysyphus Part 1»   Wright 1:03
2. «Sysyphus Part 2»   Wright 3:30
3. «Sysyphus Part 3»   Wright 1:49
4. «Sysyphus Part 4»   Wright 6:59
5. «Grantchester Meadows»   Waters 7:26
6. «Several Species of Small Furry Animals Gathered Together in a Cave and Grooving with a Pict»   Waters 4:59
7. «The Narrow Way Part 1»   Gilmour 3:27
8. «The Narrow Way Part 2»   Gilmour 2:53
9. «The Narrow Way Part 3»   Gilmour 5:57
10. «The Grand Vizier’s Garden Party Part 1: Entrance»   Mason 1:00
11. «The Grand Vizier’s Garden Party Part 2: Entertainment»   Mason 7:06
12. «The Grand Vizier’s Garden Party Part 3: Exit»   Mason 0:38

På den opphavlege vinylutgåva var «The Narrow Way» og «The Grand Vizier's Garden Party» enkle spor med tida 12:17 og 8:44. På den nye digitale utgåva frå 1994 var del 1 av «Sysyphus» delt inn i to spor og kalla «Part 1» og «Part 2». «Part 2» på vinylutgåva vart då «Part 3» på CD, medan «Part 4» på CD-utgåava består av «Part 3» og «Part 4» frå vinylutgåva.

Bandet spelte òg inn ein ein konsertversjon av «Interstellar Overdrive» (frå The Piper at the Gates of Dawn) som var planlagt for konsertalbumet, men vart droppa i siste liten, truleg på grunn av dårlegare lydopptak enn dei andre konsertspora.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Roger Waters - bassgitar, gitar og vokal på «Grantchester Meadows», alle effektar på «Several Species…»
  • David Gilmour - Alle instrument og vokal på «The Narrow Way»
  • Richard Wright - Alle instrument på «Sysyphus»
  • Nick Mason - Trommer og perkusjon på «The Grand Vizier's Garden Party»

med

  • Lindy Mason (Mason si dåverande kone) - Fløyte på «The Grand Vizier’s Garden Party»

Fakta[endre | endre wikiteksten]

  • Som det seinare konsertalbumet Delicate Sound of Thunder vart det seinare lagt til innspelingar frå studio oppå konsertopptaket.
  • Det er det siste Pink Floyd-albumet som har bilete av bandmedlemmene på utsida av omslaget.
  • Den opphavlege planen til bandet var at då songane på konsertalbumet var gjevne ut skulle dei slutta å spele dei. Albumet vart derimot så populært at publikum kravde å få høyre songane, så dei vart framleis spelt dei neste to-tre åra.
  • Merknadene på omslaget sa at konsertane var innspelt i juni 1969, medan dei faktisk var innspelt i april og mai 1969.

Songar[endre | endre wikiteksten]

Sysyphus[endre | endre wikiteksten]

Dette avantgardistiske instrumentalstykket i fire delar er skriven at Richard Wright, og inneheld stort sett lydar av diverse tangentinstrument. Tittelen liknar namnet til den greske mytiske figuren Sisyfos, men ein finn ingen referansar til dette i musikkstykket.

Grantchester Meadows[endre | endre wikiteksten]

Dette er ei roleg, akustisk vise av Waters med fuglelydar. Teksten skildrar ein draumeliknande episode på ei eng i Grantchester i Cambridgeshire i England. Dette er staden som David Gilmour voks opp. Sjølv om songen har ei idyllisk skildring kan ein i slutten høyre ei floge som nokon slår og drep. Songen vart spelt på konsertar i konseptet The Man and the Journey som «Daybreak».

Several Species of Small Furry Animals Gathered Together in a Cave and Grooving with a Pict[endre | endre wikiteksten]

Sporet inneheld fleire minutt med lydar som høyrest ut som gnagarar og fuglar. Lydane var laga av Roger Waters, men spelt i forskjellige snøggleikar, i tillegg til lydar av strengeinstrument. Til slutt kjem ein tekst som Waters les med ein overdriven skotsk aksent. «Picts» tyder piktar, som var eit av dei første folkeslaga i Skottland.

Det er ei «gøymd melding» i songen etter om lag 4:22. Om songen vert spelt med langsamare snøggleik[1][2] kan ein høyre Waters eller David Gilmour[3] som seier «That was pretty avantgarde, wasn't it?»

The Narrow Way[endre | endre wikiteksten]

Del 1 av songen vart kalla «Baby Blue Shuffle in D major» då dei spelte han på BBC radio 2. desember 1968, og han er òg svært lik songen «Unknown Song» som vart spelt inn for filmen Zabriskie Point. Del 3 av songen vart spelt på konsertar som del av konseptet The Man and the Journey i 1969.

The Grand Vizier's Garden Party[endre | endre wikiteksten]

Dette instrumentalstykket av Nick Mason er delt i tre delar og er særs eksperimentelt:

  • «Entrance» er eit kort stykke med fløyte og trommer.
  • «Entertainment» er heilt annleis dei to andre delane og inneheld forskjellige instrument og ein trommesolo mot slutten.
  • «Exit» sluttar med eit kortare fløytestykke lik opninga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]