The Piper at the Gates of Dawn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Piper at the Gates of Dawn
Studioalbum av Pink Floyd
Utgjeve 5. august 1967
Innspelt Februar-juni 1967, Abbey Road Studios
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 41:52
Selskap Columbia/EMI Storbritannia
Capitol USA
Produsent Norman Smith
Kritikk
Pink Floyd-kronologi
The Piper at the Gates of Dawn A Saucerful of Secrets
(1968)

The Piper at the Gates of Dawn er debutalbumet til Pink Floyd og det einaste albumet med Syd Barrett som frontmann, sjølv om han medverka litt på oppfølgjaren A Saucerful of Secrets. Det er rekna for å vere ein av dei platene med størst innverknad gjennom musikkhistoria og hadde svært stor innverknad på den psykedeliske rocken på den tida, og mykje av musikken som følgde. Tekstane er underlege om fugleskremsel, nissar, syklar og eventyr i lag med psykedeliske instrumentalparti. Albumet vart spelt inn i Abbey Road Studios samtidig som The Beatles spelte inn Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band.

Songane på albumet er hovudsakleg skrivne av Barrett, og viser poetiske tekstar og eit breitt utval av musikk, frå den avantgardistiske «Interstellar Overdrive» til underlege songar som «The Scarecrow», inspirert av The Fens, eit landleg område nord for Cambridge. Både Barrett, Gilmour og Waters voks opp i denne byen og kjende kvarandre frå barndomen. Tekstane er surrealistiske og refererer ofte til segner, som i «The Gnome». Musikken inneheldt nyare teknologi innan elektronikk som bruk av stereopanorering og elektriske tangentinstrument.

Tittelen på albumet er henta frå det sjuande kapittelet i boka The Wind in the Willows (norsk Det suser i sivet) av Kenneth Grahame, der Vassrotta og Moldvarpen har ei andeleg oppleving medan dei leitar etter eit bortkome dyr. «Dette er staden i songdraumen min, staden som musikken spela for meg», kviskra Rotta, som om han var i transe. «Her er den heilage staden, og om vi nokon gong skal finne Han, må det vere her!» Fløytespelaren (The Piper) som det vert referert til er den greske guden Pan. Vic Singh fotograferte og designa omslaget på plata, i motsetnad til andre Pink Floyd-album.

LPen (i monomiks) vart gjeve ut 5. august 1967, og ein månad seinare i ein stereofonisk miks. Den nådde 6. plass på den britiske albumlista, og den amerikanske versjonen (som berre var kalla Pink Floyd med songane i ei anna rekkefølgje) nådde 131. plass der. Her var òg enkelte av songane bytta ut. «See Emily Play» erstatta «Astronomy Domine», «Flaming» og «Bike» på den originale amerikanske vinylutgjevinga. Stereomiksen vart først gjeve ut på CD i 1987, og på ny med betre digital lyd i 1994. Tre år seinare gav EMI ut ein ny monomiksversjon av albumet i eit solid pappomslag med tredimensjonalt bilete på framsida. Opplaget var derimot lite.

Plata vart ein hit i Storbritannia, der ho nådde sjetteplass, men fekk lite merksemd i Nord-Amerika, og klarte berre 131. plass i USA. I 2000 plasserte musikkmagasinet Q The Piper at the Gates of Dawn på 55. plass på lista over dei 100 beste britiske platene gjennom tidene. I 2003 rangert Rolling Stone som det 347. beste albumet gjennom tidene.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skrive av Syd Barrett, bortsett frå der andre er nemnde.

Britisk utgjeving Amerikansk utgjeving Japansk utgjeving
  1. «Astronomy Domine» – 4:12
  2. «Lucifer Sam» – 3:07
  3. «Matilda Mother» – 3:08
  4. «Flaming» – 2:46
  5. «Pow R. Toc H.» (Syd Barrett/Roger Waters/Rick Wright/Nick Mason) – 4:26
  6. «Take Up Thy Stethoscope and Walk» (Roger Waters) – 3:05
  7. «Interstellar Overdrive» (Syd Barrett/Roger Waters/Rick Wright/Nick Mason) – 9:41
    • Instrumental
  8. «The Gnome» – 2:13
  9. «Chapter 24» – 3:42
  10. «The Scarecrow» – 2:11
  11. «Bike» – 3:21
  1. «See Emily Play» – 2:53
  2. «Pow R. Toc H.» (Syd Barrett/Roger Waters/Rick Wright/Nick Mason) – 4:26
  3. «Take Up Thy Stethoscope and Walk» (Roger Waters) – 3:05
  4. «Lucifer Sam» – 3:07
  5. «Matilda Mother» – 3:08
  6. «The Scarecrow» – 2:11
  7. «The Gnome» – 2:13
  8. «Chapter 24» – 3:42
  9. «Interstellar Overdrive» (Syd Barrett/Roger Waters/Rick Wright/Nick Mason) – 9:41
  1. «Astronomy Domine» – 4:12
  2. «Lucifer Sam» – 3:07
  3. «Matilda Mother» – 3:08
  4. «Flaming» – 2:46
  5. «Pow R. Toc H.» (Syd Barrett/Roger Waters/Rick Wright/Nick Mason) – 4:26
  6. «Take Up Thy Stethoscope and Walk» (Roger Waters) – 3:05
  7. «Interstellar Overdrive» (Syd Barrett/Roger Waters/Rick Wright/Nick Mason) – 9:41
  8. «The Gnome» – 2:13
  9. «Chapter 24» – 3:42
  10. «The Scarecrow» – 2:11
  11. «Bike» – 3:21
  12. «See Emily Play» – 2:53

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

og

Songar[endre | endre wikiteksten]

Astronomy Domine[endre | endre wikiteksten]

Songen er sunge av Barrett og Rick Wright, og har ein uvanleg akkordsamansetting for ein 1960-talssong, og står i skarp kontrast til akkordar frå andre pop-, vise- og bluessongar på denne tida: E Eb G A. Akkordprogresjonen i lag med bruk av binsonklang på gitaren gjev songen ein særeigen psykedelisk karakter. I opninga av songen kan ein høyre Peter Jenner, som var manageren deira på den tida, som les opp namn på stjerner gjennom ein megafon. «Domine» i tittelen vert uttalt [ˈdɒmɪneɪ] og ikkje [dəʊˈmiːn] eller [dəʊˈmaɪn].

Songen vart spelt ein del på konsertar heilt fram til midten av 1971, og ein konsertversjon av songen vart gjeve ut på albumet Ummagumma i 1969. På denne tida var det David Gilmour som song songen i staden for Wright. Konsertversjonane var lengre med første verset to gonger og eit instrumentalparti i midten som innehaldt ein roleg orgelsolo før siste verset. Denne versjonen var òg meir i stil med progressiv rock enn psykedelisk rock.

Songen vart igjen spelt på konsertar på bandet sin turné i 1994, og ein konsertversjon frå Miami kom ut som b-sida til singelen «Take It Back», medan ein versjon frå ein av konsertane i London vart gjeve ut på konsertalbumet P*U*L*S*E. David Gilmour spelte òg songen på nokre av sine konsertar i 2006.

Lucifer Sam[endre | endre wikiteksten]

Songen er bygd rundt ein fallande akkordprogressjon, der det dominerande instrumentet er elektrisk gitar gjennom ein ekkomaskin, og resultatet har vore kalla ein «vond» Duane Eddy-liknande gitar.[1] Lucifer Sam var katten til Syd Barrett, og i songen har han eit slags forhold til Barrett sin dåverande kjæraste, Jenny Spires (som vert referert til i songen som «Jennifer Gentle»). Den opphavlege tittelen på songen var «Percy the Rat Catcher», og vart spelt inn mellom april og juni 1967.[2]. Songen vart berre spela på konsertar i 1967.[2] Introen på songen har seinare vore brukt i filmen Austin Powers: International Man of Mystery (1997).

Matilda Mother[endre | endre wikiteksten]

Songen er i praksis eit eventyr fortalt av ei mor til barnet sitt, og er for det meste sungen av Richard Wright, men i lag med Barrett på siste verset. Songen byrjar med svært karakteristisk og uvanleg bass og orgel, der bassen vert spelt med doble stoppslag. Gitaren spelar sjeldan akkordar, noko som er uvanleg for mange songar på denne tida. Mest uvanleg til å vere rockemusikk (sjølv psykedelia) er Wright sin orgelsolo i ein fiss frygisk #6 skala. Songen endar i ein ein valsetakt med ordlause vokalharmoniar av Wright og Barrett.

Flaming[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Flaming av Pink Floyd.

Songen opnar med ei ukarakteristisk fløyte spelt av Roger Waters. Songen vart gjeve ut på singel 5. august 1967 med «The Gnome» som b-side. Songen vart spelt på enkelte konsertar i 1968, sungen av David Gilmour. Den surrealistiske teksten og den muntre melodien var ganske annleis det andre Pink Floyd spelte på denne tida, og Gilmour virka svært lite entusiastisk då han song.

Pow R. Toc H.[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein av dei få songane på albumet som er skrivne av fleire enn Syd Barrett, og her medverka heile bandet. Songen inneheld eit pianostykke etterfølgd av merkelege lydar, skildra av enkelte som skumle jungelliknande lydar. I konsertstykke The Man and the Journey frå 1969 vart songen kalla «The Pink Jungle». Tittelen på songen, av Waters, var koden sambandsmenn i militæret nytta for The Talbot House, ein klubb der offiserar og meinige var likestilte. Toc H. vart seinare ein interdenominasjonal kristen felleskapsorganiasjon.

Take Up Thy Stethoscope and Walk[endre | endre wikiteksten]

Songen var den første songen skriven av Waters for eit Pink Floyd-album, og inneheld frenetisk gitarspel av Barrett. Songtittelen er ein referanse til Johannesevangeliet 5:8 - (på engelsk) «Jesus saith unto him, Rise, take up thy bed, and walk.» Teksten er makaber, og ganske annleis resten av albumet, men karakteristisk for mykje av det Waters skreiv seinare. Temaet i songen dukka seinare opp i songar som «Free Four» og «Comfortably Numb».

Interstellar Overdrive[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Interstellar Overdrive.

The Gnome[endre | endre wikiteksten]

Songen fortel historia om den vetle nissen Grimble Gromble. Bandet Grimble Grumble frå Chicago er kalla opp etter denne nissen. Songen var òg b-sida til singelen «Flaming».

Chapter 24[endre | endre wikiteksten]

Teksten til songen er inspirert av kapittel 24 av den eldgamle kinesiske boka Yijing (eller «Forandringane si bok»)

The Scarecrow[endre | endre wikiteksten]

Songen vart først gjeven ut på singelen «See Emily Play» to månadar før albumet kom ut. Songen inneheld tema om eksistensialisme og Barrett samanliknar sin eigen eksistens med fugleskremselet, som er «tristare», men som har «avfunne seg med lagnaden sin». Slike tema vart mykje brukt av bandet på seinare songar. Det finst ein kort video av songen der bandet spring rundt på eit jorde med eit fugleskremsel. I 1968 vart ein anna video filma i Brussel i Belgia med Gilmour i staden for Barrett.

Bike[endre | endre wikiteksten]

Songen er òg gjeve ut på samleplatene Relics (1971) og Echoes: The Best of Pink Floyd (2001). På alle tre albuma er dette siste song.

Teksten omhandlar Barrett som viser ei jente sykkelen sin (som han har lånt), ei kappe, ei heimlaus mus som han kallar Gerald, og ein klan av pepperkakemenn, fordi ho «passar inn i verda hans». Mot slutten av songen tilbyr han henne å vise henne eit «rom fylt av lydar». Etter det siste verset kjem det ein instrumental del, som kan kallast konkret musikk: Ein bråkete montasje av tonegeneratorar, klokker, ringeklokker, bjøller, manisk latter og andre merkelege lydar. Tilsynelatande er dette det «andre rommet» Barrett nemner i songen.

Songen vart skrive til kjærasten Barrett hadde på den tida, Jenny Spires. Ho er òg nemnd i songen «Lucifer Sam».

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Toby Manning (2006). The Rough Guide to Pink Floyd: p.155
  2. 2,0 2,1 Vernon Fitch (2005). The Pink Floyd Encylopedia: p.186

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Vic Singh sitt Pink Floyd-arbeid (arkivert nettside)