Norsk litteratur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Døme på den eldste norske litteraturen: Runestein ved Granavollen i Gran.
Foto: John Erling Blad

Norsk litteratur kan visa til litteratur og forteljekunstnorsk område og frå område som har høyrt til Noreg. Til litteraturen reknar ein eddadikt frå førkristen tid på 800- og 900-talet, skaldekvad frå både førkristen og kristen tid, norrøne sagaer frå Island, mellomalderdikting med stoff og påverknad frå Europa elles, verk skrivne av nordmenn i Danmark under dansketida, og den nasjonale litteraturen som utvikla seg saman med norsk skriftspråk på 1800-talet og seinare. Samstundes blei det også skapt utvandrarlitteratur, særleg blant norskamerikanarar i USA.

I tida etter at Noreg vann sjølvstende i 1814 markerte diktaren Henrik Wergeland seg som ein nasjonal forfattar med stor innverknad, medan dramatikaren Henrik Ibsen sette spor i den europeiske litteraturen og verdslitteraturen. Etter unionsoppløysinga i 1905 heldt den litterære voksteren fram, og landet fekk mellom anna to nobelprisvinnande forfattarar i Knut Hamsun og Sigrid Undset.

Runeinnskrifter[endre | endre wikiteksten]

Norrøn litteratur (800-1350)[endre | endre wikiteksten]

Seinmellomalder (1350-1500)[endre | endre wikiteksten]

Folkedikting[endre | endre wikiteksten]

Reformasjon og humanisme (1500-talet)[endre | endre wikiteksten]

Barokk (1600-talet)[endre | endre wikiteksten]

Opplysningstid og klassisisme (1700-talet)[endre | endre wikiteksten]

Romantikk (1800-1850)[endre | endre wikiteksten]

Frå romantikk til realisme (1850-1875)[endre | endre wikiteksten]

Realisme og naturalisme (1875-1890)[endre | endre wikiteksten]

Nyromantikk, heimstaddikting og realisme (1890-1905)[endre | endre wikiteksten]

Rundt 1890 skjedde eit markert stemningsskifte i litteraturen. Mange var gått leie av den kvasse moral- og samfunnsdebatten som prega tiåret før. Dei vende seg bort frå samfunnet og retta interessa mot natur, folketru og individuell psykologi. Vi fekk ein litteratur prega av sjel, fantasi, stemning, mystikk, kjærleik, angst og død.

Dei nye tendensane har blitt kalla nyromantikk og blitt tolka som ei oppattliving og ein variasjon av romantikken som prega første halvdel av 1800-talet. Men det er eit omdiskutert namn, 1890-talet var mangfaldig, og var no brotet så stort som ein kan få inntrykk av?

Som under den førre romantikken fekk vi ei oppblomstring av lyrikken. Ein av fornyarane her var Nils Collett Vogt (1864-1937). Verkeleg gjennomslag fekk lyrikken med Vilhelm Krag (1871-1933). Diktet Fandango frå 1890 har blitt kalla «nyromantikkens programdikt».

Den lyrikaren som har sett størst spor etter seg i ettertida er likevel stavangermannen Sigbjørn Obstfelder (1866-1900). Han blir i dag rekna som ein av dei fremste pionerane innan nordisk modernisme. I det vidgjetne diktet Jeg ser skildrar han ein undrande eg-person som kjenner seg framand i den verda han er fødd inn i. Obstfelder forkastar tradisjonelle diktformer og let dikta følgja sin eigen ujamne rytme, prega av bråe utrop og overraskande sprang. Han skil seg elles ut frå nyromantikarane ved at symbolet ikkje står så sterkt i dikta hans.

I prosadiktinga er Knut Hamsun (1859-1952) den store fornyaren. Med 90-talsromanane sine sette han eit skilje både i norsk og europeisk litteratur. I essayet Fra det ubevisste sjeleliv (1890) set han fram eit nytt program for litteraturen. Diktarane skal skriva om fantasilivet, «disse tankens og følelsens vandringer i det blå, skrittløse, sporløse reiser med hjernen og hjertet, selsomme nervevirksomheter, blodets hvisken, benpipenes bønn, hele det ubevisste sjeleliv». I gjennombrotsromanen Sult (1890) set Hamsun dette programmet ut i livet. Her skildrar han ein ung, fattig forfattar som går rundt og svelt i Kristiania. Men her er ikkje spor av samfunnskritikk, interessa samlar seg om hovudpersonen sine merkelege påfunn og fortvila kamp for å klara seg. Av 90-talsromanane hans blir særleg Sult, Mysterier (1892) og Pan (1894) rekna som epokegjerande modernistiske verk.

Hans E.Kinck (1865-1926) markerer seg som ein av Noregs fremste novellistar, bl.a. med samlinga Flaggermusvinger. Eventyr vestfra (1895). Han tek utgangspunkt i eit realistisk og lokalprega stoff, men hos personane hans flyt merkelege hendingar og handlingar saman med lengt, draum og angst.

Også mange av dei gamle realistane blir prega av dei nye tendensane. Arne Garborg gir i 1895 ut diktsamlinga Haugtussa, der han vev dei vakre og sterke forteljingane om Veslemøy saman med natur og folketru på Jæren, heimstaden sin. Jonas Lie gir ut to samlingar med eventyrnoveller, Trold I og Trold II, og Henrik Ibsen skriv sine psykologiske og symbolske drama.

Ein del forfattar held likevel fram med å skriva realistisk og naturalistisk. Dette gjeld både Arne Garborg, Bjørnstjerne Bjørnson og Amalie Skram. Vossingen Per Sivle gav i 1894 ut Streik, Noregs første arbeidarroman.

Ei ny og populær sjanger med eit realistisk preg er heimstaddiktinga. Sentrale namn her er Jens Tvedt (1857-1935), Hans Aanrud (1863-1953) og Tryggve Andersen (1866-1920).

Nyrealisme (1905-1925)[endre | endre wikiteksten]

Klassekamp, kulturkamp og psykologisk realisme (1925-1940)[endre | endre wikiteksten]

Okkupasjonstid (1940-45)[endre | endre wikiteksten]

Etterkrigslitteratur (1945-1965)[endre | endre wikiteksten]

Modernisme og sosialrealisme (1965-1980)[endre | endre wikiteksten]

Openheit og mangfald (1980-2000)[endre | endre wikiteksten]

Etter 2000[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artiklar[endre | endre wikiteksten]