Ringdue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ringdue
Ringdue
Ringdue
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Ringdua si utbreiing i verda markert med gult for hekkebestand, grønt for fuglar heile året, og blått for overvintringsbestand
Ringdua si utbreiing i verda markert med gult for hekkebestand, grønt for fuglar heile året, og blått for overvintringsbestand
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Columbimorphae
Orden: Duefuglar Columbiformes
Familie: Duefamilien Columbidae
Slekt: Columba
Art: Ringdue C. palumbus
Vitskapleg namn
Columba palumbus

Ringdua (Columba palumbus) er den største og mest utbreidde duearten i Europa. Ringdua lever i dei fleste skogtyper, og har dei seinare år tilpassa seg parkar og hagar.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Ringdua er den største av dei europeiske dueartane med ei kroppslengd opp imot 45 cm. Vengespennet er 65-80 cm og vekta 400-550 gram. I tillegg til storleiken skil ringdua seg frå tamdua mellom anna på større bryst, lengre stjert, og eit proporsjonalt mindre hovud. Dette skil også ringdua frå dei ville artane i familien Columbidae. Iblant kan arten forvekslast med den liknande skogdua, som til skilnad frå ringdua manglar ein kvit halsflekk.

Fjørdrakta er mest grå (lysare over ryggen) med grønblåskimrande innslag, spesielt på hovudet og i nakken. Stjert og vengar har tydelege svarte markeringar og brystet er rosafarga, undersida meir lysegrå. Vidare har fuglen kvite flekkar på sidene av halsen (ikkje nokon eigentleg ring altså) og kvite tverrband på oversidene av vengane. Desse er godt synlege i flukta. Beina er korte, relativt kraftige og brunaktige i fargen. Den vaksne fuglen sin nebb er gul med raudaktig vokshud, medan nebb og vokshud er gråaktige på ungfuglen. Også augene er gule eller oransje på dei vaksne, og grå på ungfuglane.

Kjønna er like på storleik og utsjånad, men unge individ har større rosa innslag i drakta og manglar kvite halsflekkar. Desse flekkane kjem så smått til syne når fuglane vert meir enn eit halvt år.

Flukta er rask med klippande vengeslag. Fluktspelet er karakteristisk. Først ei bratt oppstiging med støyande vengeslag, følgd av glideflukt med steile vengar og utbreidd stjert.

Læte[endre | endre wikiteksten]

Ringdua sin låt er ei femstava kurring med trykk på første stavinga: "co-co-coo, cåå-cåå...". Denne strofa vert repetert tre til fem gonger utan pause. Den siste strofa vert avslutta med eit co. Ein annan låt er den intense smatrande lyd som kan høyrast i oppflukta. Denne oppstår når vengane vert slegne mot kvarandre, og fungerer som varsellæte. I hekketida let fuglen høyre ein svak murrande, hoande låt som kan skrivast "hoo-hroo". Ringdua sin song kan lett forvekslast med skogdua sin meir svake og tostava.

Utbreiing og taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Ringdua er utbreidd over heile Europa unnateke på Island og lengst nord i Russland og Skandinavia. Fuglen finst også vest i Asia og i eit belte som strekker seg frå Tyrkia til det nordvestre India og vestre Kina. Ringdua finst også som hekkefugl i delar av det nordvestre Afrika. I Europa reknar ein med det lever 18-34 millionar individ.

Ringdua vert delt inn i fem underartar, derav ein er utdøydd:[2][3]

Somme reknar den nordafrikanske bestanden som ein eigen underart, C. palumbus excelsa.

I dei vestre og sørlege delane av utbreiingsområdet er ringdua standfugl, medan resten flytter dit på hausten.

Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg reknar ein med 100-500 tusen par, og arten er i framgang. Dei tettaste bestandane finst på Austlandet, Sørlandet og i Trøndelag. I Nord-Noreg finst arten spreidd. Granplanting og einsidig kornproduksjon er ein føremon for ringduene, som profiterer på monokulturar i landbruket.Ein ser også at ringduene flyttar inn mot bymessige strok.[4]

Ringdueegg.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Ringduene plasserer reiret 3-8 meter over marka. Reiret er bygd av turre kvistar og byggverket er så skrøpeleg at ein ofte kan skimte egga gjennom reirbotnen. Ringduene legg ofte to kull. Det første i april-mai, og det andre i juni-juli. Begge gongane legg hoa to egg, kvite og nesten runde, som vert ruga av begge foreldra i 17 døgn. Ungane forelet reiret etter 33-34 døgn.

Livsførsel og føde[endre | endre wikiteksten]

Ringdua er ein sosial fugl og kan sjåast i flokkar utanfor hekkesesongen. Makane held saman for livet. Ringdua er planteetar og lever nesten berre av frø, bær, skot og knoppar, men også andre spede plantedelar inngår i kosten. I mindre grad et fuglen også mark og sniglar. Til vanleg søker ringdua føde i flokk på opne felt og åkrar. Vinterstid er det ikkje uvanleg at små flokkar eller enkeltindivid finn mat på foringsplassar og fuglebrett.

Trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Etter hekkeperioden fartar ringduene flokkvis omkring i jordbrukslandskapet. Hausttrekket foregår frå seint i september til tidleg i november. Fuglane overvintrar i Frankrike, Spania og Portugal. Dei kjem tilbake til hekkeplassane i mars og først i april.

Jakt[endre | endre wikiteksten]

Mellom jegerar er ringdua et vanleg bytte, som vert skatta over store delar av utbreiingsområdet. Det beror delvis på at fuglen er lite velsedd i landbruket, der ringdua vert sett på som eit skadedyr, då dei ofte i flokk et av nysådde åkrar og skitnar til modne åkrar med avføringa si.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av ringdue Columba palumbus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022. 
  2. World Birds Taxonomic List - Columbiformes
  3. Lars Larsson, Birds of the world
  4. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ringdue