Sørlege Afrika
Sørlege Afrika er den sørlegaste subregionen på det afrikanske kontinentet, sør for Aust- og Sentral-Afrika. Han kan definerast ut frå geografi eller geopolitikk.
Innhaldsliste |
Geografisk definisjon [endre]
Ut frå geografi kan ein setja grensa for regionen ved elvane Kunene og Zambezi, slik at han omfattar Sør-Afrika, Lesotho, Swaziland, Namibia, Botswana, Zimbabwe og den sørlege delen av Mosambik. Denne definisjonen er mykje brukt i Sør-Afrika i samband med naturvitskapar, men ikkje i politisk eller samfunnsvitskapleg samanheng ettersom han deler Mosambik i to.
Geopolitiske definisjonar [endre]
I SN si liste over subregionar, utgjer fem land sørlege Afrika:
Den sørlege afrikanske tollunionen omfattar desse landa.
Samarbeidsorganisasjonen for sørlege Afrika omfattar fleire land: Angola, Botswana, Lesotho, Den demokratiske republikken Kongo, Madagaskar, Malawi, Mauritius, Mosambik, Namibia, Seychellane, Sør-Afrika, Swaziland, Tanzania, Zambia og Zimbabwe.
I tillegg kan også øyane Komorane, Mayotte og Réunion i det indiske havet reknast til regionen.
Sjå og [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Southern Africa» frå Wikipedia på engelsk, og «Sørlige Afrika» frå Wikipedia på bokmål den 15. juni 2010.