Vågstranda kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vågstranda kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Indre Romsdal
Stad Vågstranda
Arkitekt G. Olsen
Teknikk tømra
Material tre
Innvigd 1870
 - Endringar restaurert i 1970
Skip Eitskips hallkyrkje
Kyrkjegard ligg ved kyrkja
Altartavle Altertavla er frå 1870 og måla av Balle Lund
Kart
Vågstranda kyrkje
62°36′21″N 7°19′17″E / 62.6058°N 7.3213°E / 62.6058; 7.3213
Wikimedia Commons: Vågstranda kirke

Vågstranda kyrkje ligg på Vågstranda i Rauma kommune. Kyrkja vart bygd i 1870 og restaurert til hundreårsjubileet i 1970.

Kyrkja har et ytre omriss som ei langkyrkje. Ho er bygd i lafta tømmer, hugd ved Trondheim, der kyrkja òg først vart sett opp som råbygg. Tømmerstokkane vart så merka og plukka ned, frakta til Vågstranda og sett opp att. Byggmeister var G. Olsen (Trondheim).

Kyrkjeklokka er støypt på Bolsøya, av klokkestøypar Christensen.

Tidlegare, før 1870, sokna vågstrendingane til Gamle Veøy kyrkje, på Veøya, i Romsdalsfjorden.

Interiøret[endre | endre wikiteksten]

Altertavla er frå 1870, måla av Balle Lund frå Trondheim.

Orgelet er frå 1973 og har seks stemmer. Tidlegare var det eit harmonium i kyrkja, frå 1923.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Thaule, John Ove; Ubostad, Ingar; Pedersen, Bjørn. 1990. «Kyrkjene våre» i Ei bok om Rauma, Rauma Kommune. s 207-210

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]