All My Life av Linda Ronstadt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
All My Life
Singel av Linda Ronstadt og Aaron Neville
frå albumet Cry Like a Rainstorm, Howl Like the Wind
Utgjeve 23. januar 1990
Innspelt Mars til august 1989, Skywalker Ranch, Marin County
Sjanger Poprock
Lengd 3:31
Selskap Elektra
Låtskrivar(ar) Karla Bonoff
Produsent Peter Asher
Linda Ronstadt og Aaron Neville-kronologi
«Don't Know Much»
(1989)
All My Life «When Something Is Wrong With My Baby»
(1990)


«All My Life» er ein song skriven av Karla Bonoff og opphavleg framført av Bonoff på albumet hennar New World (1988).

Året etter framførte Linda Ronstadt og Aaron Neville songen som ein duett på albumet til Ronstadt, Cry Like a Rainstorm, Howl Like the Wind (1989) og det vart den andre store hitten for duoen.

Songen vart gjeven ut på singel tidleg i 1990 og gjekk til topps på Billboard Adult contemporary-lista (der han låg i tre veker) og 11. plassen på Cash Box Top 100 og Billboard Hot 100-lista.[1] Songen nådde tiandeplassen i Canada og Irland.[2]

«All My Life» vann Grammyprisen for beste popsong av ein duo eller ei gruppe i 1991.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1990) Plassering
Canada Top Singles (RPM)[3] 88

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2006. Record Research. s. 209. 
  2. http://www.irishcharts.ie/search/placement
  3. «Top 100 Hit spor of 1990». RPM. Henta 26. november 2017.