I Knew You When

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I Knew You When
Singel av Billy Joe Royal
frå albumet Down in the Boondocks
A-side Steal Away
Utgjeve 1965
Sjanger Rock
Lengd 2:32
Selskap Columbia 43390
Låtskrivar(ar) Joe South
Billy Joe Royal-kronologi
«Down in the Boondocks»
(1965)
I Knew You When «I've Got to Be Somebody»
(1965)


I Knew You When
Singel av Linda Ronstadt
frå albumet Get Closer
B-side Talk to Me of Mendocino
Utgjeve 23. november 1982
Sjanger Rock
Lengd 2:53
Selskap Asylum
Låtskrivar(ar) Joe South
Produsent Peter Asher
Linda Ronstadt-kronologi
«Get Closer»
(1982)
I Knew You When «Easy for You to Say»
(1983)


«I Knew You When» er ein song skriven av Joe South. Han vart ein populær hit i 1965 då han vart spelt inn av den amerikanske pop- og countrysongaren Billy Joe Royal. Det har òg vore andre hitversjonar av songen, spelt inn av mellom andre Donny Osmond og Linda Ronstadt.

Billy Joe Royal-versjonen[endre | endre wikiteksten]

«I Knew You When» vart først spelt inn av Billy Joe Royal i 1965 for albumet Down in the Boondocks. Songen nådde 14. plassen på Billboard Hot 100 veka 6. november 1965.[1] Songen gjekk til topps på den kanadiske musikklista i november 1965.[2]

Donny Osmond-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Donny Osmond gav ut ein versjon i 1971 som B-sida til «Hey Girl» som nådde niandeplassen på Hot 100 som ein dobbelsidig hit.[3]

Linda Ronstadt-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Linda Ronstadt spelte inn ein versjon for albumet Get Closer i 1982.[4] Singelen hennar vart produsert av Peter Asher og kom ut på Asylum Records. Med hjelp av ein populær musikkvideo nådde han 30. plassen på Cash Box Top 100-lista og 37. plassen på Billboard Hot 100-lista, som den andre singelen frå albumet.

I tillegg nådde han 84. plassen på countrylista og 90. plassen på den britiske singellista.[5] Songen nådde òg 36. plassen på singellista i Australia, tidleg i 1983.[6] Songen gjorde det best på adult contemporary-listene og nådde 29. plassen i USA og 17. plassen i Canada.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]