Linda Ronstadt, Stone Poneys and Friends, Vol. III

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Linda Ronstadt, Stone Poneys and Friends, Vol. III
Studioalbum av The Stone Poneys
Utgjeve 29. april 1968
Innspelt 1967-68
Sjanger Folkrock
Lengd 27:18
Selskap Capitol
Produsent Nik Venet
The Stone Poneys-kronologi
Evergreen, Volume 2
(1967)
Linda Ronstadt, Stone Poneys and Friends, Vol. III Stoney End
(1970)
Linda Ronstadt-kronologi
Evergreen, Volume 2
(1967)
Linda Ronstadt, Stone Poneys and Friends, Vol. III Hand Sown ... Home Grown
(1969)
Singlar frå Linda Ronsatdt, Stone Poneys and Friends, Vol. III
  1. «Up to My Neck in Muddy Water»
    Utgjeve: 19. februar 1968
  2. «Some of Shelly's Blues»
    Utgjeve: 20. mai 1968
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Linda Ronstadt, Stone Poneys and Friends, Vol. III er det tredje og siste studioalbumet til The Stone Poneys, gjeve ut 29. april 1968. Songaren Linda Ronstadt gav ut det første soloalbumet sitt året etter.

Sjølv om det er eit Stone Poneys-album, representerer det ein overgang og ei ny retning i forhold til dei to. Det markerte Ronstadt som solosongaren, etter krav frå Capitol Records og oppfordring frå produsenten Nik Venet, som alle såg potensialet hennar som soloartist etter suksessen med singelen «Different Drum» frå det førre albumet deira. Singelen vart merka «med Linda Ronstadt» og ho vart akkompagnert av andre musikarar i staden for bandmedlemmane Kenny Edwards og Bobby Kimmel. Det førte til krangling bandet, og det førte til slutt til at bandet gav seg. Edwards slutta i gruppa under innspelinga av dette tredje albumet, etter ein kort turné tidleg i 1968, og Kimmel slutta eit år seinare.[2]

Med den ny eretninga fekk trioen med seg ekstra musikarar, og songane som Edwards og Kimmel skreiv vart byta ut til fordel av songar i andre sjangrar. I staden for folkrock-stilen frå dei to første Stone Poneys-albuma, var dei fleste songane på Vol. III i ein countryrockstil som Ronstadt fortsette med på dei neste albuma sine. Dette gjaldt særskild singlane «Some of Shelly's Blues» og «Up to My Neck in High Muddy Water».

Alle dei tre bandmedlemmane var avbilda på omslaget til dei to første albuma, medan berre Ronstadt vart avbilda på dette albumet. På baksida kan ein sjå ho i lag med ei gruppe vener og naboar (som musikkforskaren Charles Seeger og visesongaren Tim Buckley) føre eit hus på Hart Avenue i Santa Monica i California, der Ronstadt budde. Seeger og Buckely budde i nærleiken.[3][4]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut i april 1968 på Capitol i både monolyd og stereo. Det kom òg ut på 8-spors lydband. Albumet kom ut på CD i 1995.

Vol. III inneheld berre to songar skrivne av Bobby Kimmel og Kenny Edwards. Resten av songane henta Ronstadt frå kjende låtskrivarar som Tim Buckley og Laura Nyro, i tillegg til låtskrivarar ho hadde sunge på dei to første albuma, som Michael Nesmith, Steve Gillette og Tom Campbell, som hadde skrive dei korte songframenta som opnar albumet.

Den einaste songen frå albumet som gjekk inn på singellista var «Up to My Neck in High Muddy Water», som nådde 93. plassen på Billboard Hot 100.

Nesmit sin «Some of Shelly's Blues» kom òg ut på singel, men gjekk ikkje på nokre salslister. Nesmith var mest kjend som medlem av The Monkees på denne tida.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Fragments: Golden Song» / «Merry-Go-Round» / «Love Is a Child»Steve Gillette / Tom Campbell / Steve Gillette1:40
2.«By the Fruits of their Labors»Bob Kimmel, Ken Edwards2:05
3.«Hobo»Tim Buckley, Larry Beckett3:00
4.«Star and a Stone»Kimmel, Edwards3:33
5.«Let's Get Together»Chet Powers3:10
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Up to My Neck in High Muddy Water»Kathy Wakefield, Robert Yellin, John Herald2:35
2.«Aren't You the One»Tim Buckley2:30
3.«Wings»Tim Buckley3:00
4.«Some of Shelly's Blues»Mike Nesmith2:10
5.«Stoney End»Laura Nyro3:35

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

[5]

Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. Ronstadt, Linda (2013). Simple Dreams: a musical memoir. New York: Simon & Schuster. pp. 42-44, 48. ISBN 978-1-4516-6872-8.
  3. Ronstadt, Linda (2013). Simple Dreams: a musical memoir, p. 35.
  4. «Linda Ronstadt, Homecoming Queen, April 1995». Mojo. Henta 29. november 2020. 
  5. Bandmember List Only, allmusic. Henta 29. november 2020.