What's New av Linda Ronstadt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
What's New
Studioalbum av Linda Ronstadt
Utgjeve September 1983
Innspelt 30. juni 1982 til 4. mars 1983
Studio The Complex i Los Angeles
Sjanger Tradisjonell pop
Lengd 36:35
Selskap Asylum
Produsent Peter Asher
Linda Ronstadt-kronologi
Get Closer
(1982)
What's New Lush Life
(1984)


Singlar frå What's New
  1. «What's New»
    Utgjeve: Oktober 1983
  2. «I've Got a Crush on You»
    Utgjeve: Januar 1984
  3. «Someone to Watch Over Me»
    Utgjeve: April 1984

What's New er det tolvte studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt, gjeve ut i 1983. Det representerer det første i ein trilogi av album Ronstadt spelte inn i 1980-åra med bandleiaren og arrangøren Nelson Riddle. John Kosh seigna plateomslaga for alle dei tre albuma.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Albumet var ei stor stilendring for Ronstadt, som vart rekna som dei leiande kvinnelege rockevokalisten på denne tida.[1][2][3] Både plateselskapet og manageren hennar, Peter Asher, var særs motvillige til å la Ronstadt lage dette albumet, men ho klarte å overtyde dei og brakte denne musikken frå swing-æraen og tida før ut til ein ny generasjon.[4] Songane ho spelte var tidlegare blitt sungne av Frank Sinatra, Ella Fitzgerald, Tony Bennett, Rosemary Clooney, Peggy Lee og andre, som i 1960- og 1970-åra var redusert til Las Vegas-artistar og heismusikk. Ronstadt sa seinare at ho tok del i å redde desse songane ho kalla «små juvelar av kunstnarisk uttrykk» frå «å bruke resten av liva sine på å køyre opp og ned i ein heis.»[5] Dena ndre singelen frå albumet, «I've Got a Crush on You» hadde alt vore ein del av repertoaret til Ronstadt i fleire år, og ho hadde spelt han i 1980 på The Muppet Show.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[6]
Robert ChristgauC-[7]
Rolling Stone3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[8]
Time4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[9]

What's New kom ut i september 1983 og låg 81 veker inne på albumlista til Billboard. Utgjevinga kom samstundes med at radioformatet Adult Standards byrja å sende program som spesialiserte seg på popmusikk frå tida før rock and roll slo gjennom og songar frå Great American Songbook til amerikanske lyttarar. Albumet låg fem veker på rad på tredjeplassen på albumlista, bak Michael Jackson sitt Thriller og Lionel Richie sitt Can't Slow Down. Albym nådde òg andreplassen på jazzalbumlista. Det selde til 3x platinaplate for over tre millionar selde eksemplar i USA aleine. Globalt selde det over fem millionar eksemplar. Ronstadt vart nominert til Grammyprisen for beste kvinnelege popsong. To singlar frå albumet, tittelsporet og «I've Got a Crush on You», vart hittar på Adult Contemporary-radio og tittelsporet gjekk inn på topp 50 på Billboard Hot 100.

Alle songane kom ut på samleplata «'Round Midnight», på Asylum Records i 1986.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«What's New?»Johnny Burke, Bob Haggart3:55
2.«I've Got a Crush on You»George Gershwin, Ira Gershwin3:28
3.«Guess I'll Hang My Tears Out to Dry»Sammy Cahn, Jule Styne4:13
4.«Crazy He Calls Me»Carl Sigman, Sidney Keith Russell3:33
5.«Someone to Watch Over Me»George Gershwin, Ira Gershwin4:09
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«I Don't Stand a Ghost of a Chance with You»Bing Crosby, Ned Washington, Victor Young4:06
7.«What'll I Do»Irving Berlin4:06
8.«Lover Man (Oh Where Can You Be?)»Jimmy Davis, Jimmy Sherman, Roger «Ram» Ramirez4:18
9.«Goodbye»Gordon Jenkins4:47
Total lengd:36:35

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk

  • Peter Asher – produsent
  • George Massenburg – lydteknikar, miksing
  • Barbara Rooney – innspelingsassistent, mikseassistent
  • Robert Spano – innspelingsassistent, mikseassistent
  • Doug Sax – mastering i The Mastering Lab (Hollywood, California).
  • Gloria Boyce – albumkoordinator
  • John Kosh – kunstnarisk leiar, design
  • Ron Larson – kunstnarisk leiar, design
  • Brian Aris – fotografi
  • Genny Schorr – stylist


Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1983/84) Plassering
Australia (Kent Music Report)[10] 26
Canada RPM Top Albums 18
Storbritannia (Official Charts Company) 31
USA (Billboard 200) 3

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «What's New (Linda Ronstadt album)» frå Wikipedia på engelsk, den 7. desember 2020.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. «Rolling Stone». Rock's Venus. Henta 7. desember 2020. 
  2. «The Daily News». Work's out fine,best female voice in rock and roll. Henta 7. desember 2020. 
  3. «Time». The Linda Ronstadt Interview. Henta 7. desember 2020. 
  4. «Jerry Jazz Musikar». The Peter Levinson Interview. Henta 7. desember 2020. 
  5. «NPR». Wait Wait...Don't Tell Me!, 28. april 2007 · Music legend Linda Ronstadt plays a game called «They Said We Were Mad at the Academy! Mad I Tell You!» Three questions about strange, but real, patents in recent years. Henta 7. desember 2020. 
  6. Allmusic review
  7. Robert Christgau review
  8. Rolling Stone review
  9. Time review
  10. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 258. ISBN 0-646-11917-6.