Hurt So Bad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hurt So Bad
Singel av Little Anthony & The Imperials
frå albumet Goin' Out Of My Head
B-side

Reputation

Utgjeve 29. desember 1964[1]
Sjanger Soul, pop
Lengd 2:15
Selskap DCP
Låtskrivar(ar) Teddy Randazzo, Bobby Weinstein, Bobby Hart
Produsent Teddy Randazzo, Don Costa
Little Anthony & The Imperials-kronologi 
«Goin' Out Of My Head»
(1964)
Hurt So Bad «Take Me Back»
(1965)


«Hurt So Bad» er ein song skriven av Teddy Randazzo, Bobby Weinstein og Bobby Hart. Balladen vart ein hit i 1965 for Little Anthony & The Imperials. Linda Ronstadt fekk òg ein topp 10-hit med sin versjon i 1980. Songen er blitt spelt av mange andre artistar, som The Lettermen, som tok songen til 12. plassen på singellista i USA i september 1969.

Little Anthony & The Imperials-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Little Anthony & The Imperials-utgåva var spelt inn for albumet Goin' out of My Head. Singelen var oppfølgjaren til tittelsporet frå dette albumet, som òg vart ein stor hit og nådde topp 10 på Billboard-lista.[2] Denne versjonen nådde tiandeplassen på Billboard Hot 100. Han vart òg framført av gruppa første gongen dei var på The Ed Sullivan Show. Han vart skriven spesifikt for The Imperials av Teddy Randazzo, ein mangeårig ven av gruppa, i lag med Bobby Weinstein og Bobby Hart, og vart produsert av Don Costa for selskapet DCP, som seinare gjekk saman med United Artists Records.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Linda Ronstadt-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Hurt So Bad
Singel av Linda Ronstadt
frå albumet Mad Love
B-side

Justine

Utgjeve Mars 1980
Sjanger Rock, new wave
Lengd 3:17
Selskap Asylum Records
Låtskrivar(ar) Teddy Randazzo, Bobby Weinstein, Bobby Hart
Produsent Peter Asher
Linda Ronstadt-kronologi 
«How Do I Make You»
(1980)
Hurt So Bad «I Can't Let Go»
(1980)


Linda Ronstadt spelte inn ein versjon av «Hurt So Bad» for albumet Mad Love i 1980. Han var produsert av Peter Asher for Asylum Records, og vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet. Gitarsoloen på denne versjonen vart spelt av Danny Kortchmar. Han står som ein av dei mest suksessrike versjonane spelt inn av songen og han nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100 og niandeplassen på Cash Box Top 100-lista våren 1980.[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er blitt spelt inn av følgjande artistar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.45cat.com/record/dcp1128
  2. Steve Huey. «Little Anthony & the Imperials Biography & Awards». Billboard. Henta 7. desember 2020.. 
  3. «Linda Ronstadt - Chart history». Billboard. Henta 7. desember 2020. 
  4. William Ruhlmann. «Hurt So Bad». Allmusic. Henta 7. desember 2020. «The Lettermen, who had previously covered «Goin' out of My Head,» revived it in 1969 for a Top 20 hit; Jackie DeShannon combined it in a medley with «You Keep Me Hangin' On» that reached the charts in 1976.»