Canciones de Mi Padre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Canciones de Mi Padre
Studioalbum av Linda Ronstadt
Utgjeve 24. november 1987
Innspelt 1987
Sjanger
Lengd 39:41
Selskap Elektra/Asylum Records, Rhino
Produsent Peter Asher
Linda Ronstadt-kronologi
Trio
(1987)
Canciones de Mi Padre Cry Like a Rainstorm, Howl Like the Wind
(1989)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Rolling Stone2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

Canciones De Mi Padre (spansk for «Far min sine songar») er femtande studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt og det første albumet hennar med meksikansk, tradisjonell mariachi-musikk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart raskt ein stor hit. Det selde 2,5 millionar eksemplar i USA og er det bestseljande ikkje-engelskspråklege albumet i amerikansk platehistorie.[3] Albumet selde til dobbel platinaplate (for over 2 millionar selde eksemplar) i USA og Ronstadt vann Grammyprisen for beste meksikansk/meksikansk-amerikanske album.

Tre songar var ein stor del av familietradisjonane og dei musikalske røtene til familien til Ronstadt. Tittelen Canciones de Mi Padre syner til eit hefte som University of Arizona publiserte i 1946 for den avdøde tanta til Ronstadt, Luisa Espinel, som hadde vore ein internasjonal songar i 1920-åra.[4] Songane kom frå Sonora og Ronstadt tok med favorittane sine på albumet. Ronstart var inspirert av syngestilen til den meksikanske songaren Lola Beltrán, og fortalte at ho ofte var heime hos familien hennar. Eduardo «Lalo» Guerrero, opphavet til chicano-musikk, son ofte til Ronstadt som barn med desse songane.[5]

I heftet som følgde plata var den spanske teksten trykt ved sidan av den engelske omsetjinga, og ein diskusjon om bakgrunnen til songane og kvifor han var viktig for Rosntadt. Dette var ikkje med på CD-utgåva. Rubén Fuentes var musikalsk leiar. Oppfølgjarane til dette albumet var Mas Canciones, Frenesí og Rhino Records-samlinga Mi Jardin Azul: Las Canciones Favoritas, som samla alle dei tre spanskspråklege albuma hennar. Canciones de mi Padre er òg det einaste albumet med det som skal vere dei tre beste mariachi-banda i verda samstundes: Mariachi Vargas, Mariachi Los Camperos og Mariachi Los Galleros de Pedro Rey. Fram til 2012 har Canciones de Mi Padre selt nesten 10 millionar eksemplar verda over.

Sjølv om albumet ofte vert omtalt som den første spanskspråklege innspelinga til Ronstadt, hadde ho sunge på spansk mange gonger før, som «Lo Siento mi Vida» i 1976 på albumet hennar Hasten Down the Wind, og «Lago Azul», ein spansk versjon av «Blue Bayou» i 1977.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Por Un Amor» (For a Love)Gilberto Parra2:56
2.«Los Laureles» (The Laurels)José López2:25
3.«Hay Unos Ojos» (There Are Some Eyes)Rubén Fuentes2:45
4.«La Cigarra» (The Cicada)Ray Pérez y Soto3:45
5.«Tú Sólo Tú» (You, Only You)Felipe Valdez Leal3:09
6.«Y Ándale» (Get on with It)Minerva Elizondo2:32
7.«Rogaciano El Huapanguero» (Rogatian The Huapanguero)Valeriano Trejo3:00
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
8.«La Charreada» (The Charreada)Felipe Bermejo3:49
9.«Dos Arbolitos» (Two Little Trees)Chucho Martínez Gil2:34
10.«Corrido De Cananea» (Ballad of Cananea)Rubén Fuentes3:24
11.«La Barca De Guaymas» (The Boat from Guaymas)Rubén Fuentes3:25
12.«La Calandria» (The Lark)Nicandro Castillo3:00
13.«El Sol Que Tú Eres» (Sun That You Are)tradisjonell, arr Daniel Valdez2:57
Total lengd:39:41

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Linda Ronstadt – vokal
  • Michael J. Ronstadt – vokal
  • Danny Valdez – vokal, gitar
  • Gilberto Puente – gitar
  • Jorge Lopez – gitar
  • Samuel Gutierrez– gitar

Pedro Flores-Vihuela

Victor «el Pato» Cardenas-Vihuela

  • Felipe Perez – fiolin
  • Antonio Ramos – fiolin
  • Salvador Torres – fiolin

Heriberto Molina - vokal Ricardo Cisneros - vokal

  • Steve Fowler – fløyte
  • Ron Kalina – munnspel
  • Juan Gudiño - trompet
  • Ignacio N Gomez – trompet
  • Jim Self – tuba
  • Larry Bunker – perkusjon
  • Pedro Rey - vokal med Linda Ronstadt
  • Pedro Rey jr. - vokal

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Peter Asher - produsent
  • Ruben Fuentes - produsent
  • Edd Kolakowski - assisterande produsent
  • Shawn Murphy - innspeling og miksing
  • Sharon Rice - assisterande lydteknikar
  • Dwayne Seykora - assisterande lydteknikar
  • Doug Sax - mastering
  • John Kosh - design og kunstnarisk leiar
  • Bob Blakeman - fotografi
  • Gilbert Ronstadt - måleri på baksida
  • J.Roy Helland - smike og hår
  • Manuel - garderobe
  • Janet Stark - assistent til Ronstadt

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1987/88) Plassering
Canadian RPM Top Albums 54
USA (Billboard 200) 42

Sal og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[6] 2× Platina 2 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. Canciones de Mi PadreAllmusic. Henta 8. desember 2020.
  2. Rolling Stone review
  3. Linda Ronstadt Album and CD Releases 1983 - 1990. Henta 8. desember 2020.
  4. «Tucson'sRonstadtFamily». The Arizona Library. Arkivert frå originalen 15. juni 2007. Henta 8. desember 2020. 
  5. «AARP Segunda Juventud Online». Linda Ronstadt, The music legend opens up to AARP Segunda Juventud Online,By Anita Mabante Leach, August 2007. Arkivert frå originalen 28. august 2008. Henta 8. desember 2020. 
  6. «American album salstrofé – Linda Ronstadt – Canciones de Mi Padre». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH