Get Closer av Linda Ronstadt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Get Closer
Studioalbum av Linda Ronstadt
Utgjeve September 1982
Innspelt August 1981 til august 1982
Sjanger Rock
Lengd 36:31
Selskap Asylum
Produsent Peter Asher
Linda Ronstadt-kronologi
Greatest Hits, Volume 2
(1980)
Get Closer What's New
(1983)


Singlar frå Get Closer
  1. «Get Closer»
    Utgjeve: September 1982
  2. «I Knew You When»
    Utgjeve: November 1982
  3. «Easy for You to Say»
    Utgjeve: April 1983

Get Closer er det ellevte studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt, gjeve ut i 1982.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter det førre albumet hennar, Mad Love i 1980, hadde karrieren til Ronstadt teke ho bort frå countryrocken ho hadde slått gjennom med i 1970-åra. I 1980-1981 gjekk ho inn i lett opera på Broadway (The Pirates of Penzance), og under produksjonen av musikalen fekk ho eit ønske om å spele inn eit album med standardsongar. I 1981, spelte ho inn albumet Keeping Out of Mischief med produsenten Jerry Wexler, men var ikkje nøgd med kvaliteten og skrinla utgjevinga.[1] Sjølv om ho seinare prøvde seg på nytt og enda opp å gje ut ein trilogi med album i lag med Nelson Riddle, spelte ho inn Get Closer for å gjere selskapet hennar nøgd. Her gjekk Ronstadt attende til sjangrar som hadde gjeve ho stor suksess i 1970-åra, igjen med produsenten Peter Asher.

Albumet inneheld to originale spor, som var tidlegare spelt inn av andre artistar, men ikkje gjeve ut på album før. Den første var ein song av George Jones, «Sometimes You Just Can't Win», som vart spelt inn i juni 1977 med J.D. Souther på harmonivokal og meint for albumet Simple Dreams. Den andre var ein Dolly Parton-song frå 1971, «My Blue Tears», som vart framført med Parton og Emmylou Harris som ein del av eit planlagt trio-album som det ikkje vart noko etter at dei var i studio i lag i januar 1978. Dei spelte seinare inn og gav ut albumet Trio i 1987. Get Closer inneheld ein duett med James Taylor i ein versjon av Ike and Tina Turner sin «I Think It's Gonna Work Out Fine». Minst to songar, «Tell Him» og «Get Closer», vart spelt inn i 1981.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
Robert ChristgauC+[3]
Rolling Stone4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[4]

Asylum Records gav ut Get Closer seint i september 1982.[5] Kritikarane skreiv om ein ny sjølvtillit i vokalen til Ronstadt. Ken Tucker i Rolling Stone skreiv at «røysta til Linda Ronstadt har aldri vore betre enn på Get Closer...»[4]

Albumet selde skuffande og nådde 31. plassen på den amerikanske albumlista til Billboard seint i 1982,[6] og vart det første albumet hennar som ikkje nådde topp 5 på albumlsita sidan 1973. Det selde likevel til gullplate for eit sal på over 500 000 eksemplar, og hadde selt over 900 000 i USA aleine før det gjekk ut av salslista.

Det drivande tittelsporet, «Get Closer», vart skriven avJon Carroll,[7] som var medlem av Starland Vocal Band. Songen har ein uvanleg 7/4-takt og vart seinare nytta i ein reklamefilm for tannkremen Close-Up. Med hjelp av ein populær musikkvideo på MTV nådde «Get Closer» 29. plassen på Billboard Hot 100 og topp 20 på Cash Box-lista. Han vart mykje spelt på AOR-radio. Oppfølgjaren, «I Knew You When», fekk òg god hjelp av ein populær musikkvideo og nådde 37. plassen på poplista, 25. plassen på Adult Contemporary-lista og 84. plassen på countrylista.

Ronstadt si tolking av Jimmy Webb-songen «Easy For You To Say», vart ein overraskande topp 10-hit på Billboard Adult Contemporary-lista våren 1983. «Sometimes You Just Can't Win», B-sida til singelen «Get Closer», nådde 27. plassen på Billboard Hot Country Songs-lista.[8]

Ronstadt vart nominert i 1983 for Grammyprisen for beste kvinnelege popsong og beste kvinnelgee rockesong for albumet og songen «Get Closer», men tapte for høvesvis Melissa Manchester og Pat Benatar.[9] Albumet vann derimot Grammyprisen for beste plateomslag, som gjekk til designarane Ron Larson og Kosh.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Get Closer»Jon Carroll2:29
2.«The Moon Is a Harsh Mistress»Jimmy Webb3:03
3.«I Knew You When»Joe South2:53
4.«Easy for You to Say»Jimmy Webb4:03
5.«People Gonna Talk»William Wheeler, Lee Dorsey, Morris Levy, Clarence L. Lewis2:38
6.«Talk to Me of Mendocino»Kate McGarrigle2:57
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«I Think It's Gonna Work Out Fine» (med James Taylor)Rose Marie McCoy, Sylvia McKinney4:01
8.«Mr. Radio»Roderick Taylor4:07
9.«Lies»Buddy Randell, Beau Charles2:35
10.«Tell Him»Bert Berns2:35
11.«Sometimes You Just Can't Win»Smokey Stover2:30
12.«My Blue Tears»Dolly Parton2:40
Total lengd:36:31

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]


Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Peter Asher – produsent (spor 1-11)
  • Brian Ahern – produsent (spor 12)
  • George Massenburg – lydteknikar (spor 1-11)
  • Val Garay – lydteknikar (spor 1-11)
  • Stuart Taylor – lydteknikar (spor 12)
  • Niko Bolas, Barbara Rooney og Bruce Wildstein – assisterande lydteknikarar (spor 1-11)
  • Doug Sax – mastering
  • Edd Kolakowski – piano- og gitarteknikar
  • Aaron Rapoport – fotografi
  • John Kosh med Ron Larson – kunstnarisk leiar og design
  • Gloria Boyce – albumkoordinator


Studio

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982/83) Plassering
Australia (Kent Music Report)[10] 31
Canadian RPM Top Albums 48
USA (Billboard 200) 31

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Get Closer (Linda Ronstadt album)» frå Wikipedia på engelsk, den 7. desember 2020.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. Bloom, Steve. «An Intimate Conversation with Linda Ronstadt (originally published in Downbeat, July 1985)». Linda Ronstadt Homepage. Henta 7. desember 2020. 
  2. Allmusic review
  3. «Robert Christgau: CG: Linda Ronstadt». www.robertchristgau.com. 
  4. 4,0 4,1 «Get Closer». 
  5. «Linda Ronstadt Album and CD Releases». Ronstadt-linda.com. Henta 7. desember 2020. 
  6. «Linda Ronstadt Top Pop Albums». www.ronstadt-linda.com. 
  7. «Jon Carroll». Jon Carroll. Henta 7. desember 2020. 
  8. «Linda Ronstadt Top Country Singles». www.ronstadt-linda.com. 
  9. «Grammyprisens for Linda Ronstadt». www.ronstadt-linda.com. 
  10. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 258. ISBN 0-646-11917-6.