Finsk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joan Blaeus Atlas Maior, Magnvs Dvcatvs Finlandiæ (Amsterdam 1662): Kart over Storfyrstedømmet Finland 1662

Finsk historie er historia om ulike innvandra folk i Finland som i eit hardt klima utvikla ein tidleg jordbrukskultur med austlege kulturelle impulsar, men som gjennom årtusena kom i stadig sterkare kontakt med dei germanske nabofolk, og i dag er eit nordisk demokrati. Finland har ein svært lang busetjingshistorie med restar av busetjing frå siste mellomistid for 120 000 til 125 000 år sidan.

Finland har vore utsett for skiftande og sterke stormaktinteresser: Landet var ein del av kongedømmet Sverige frå 1200-talet og fram til 1809 då det vart erobra av Russland – som det sjølvstyrte Storfyrstedømmet Finland. I kjølvatnet av det russiske samanbrotet i første verdskrigen og den russiske revolusjonen i 1917 erklærte Finland sjølvstende. I borgarkrigen mellom sosialistane, «dei raude», og dei konservative, «dei kvite», vant til slutt dei kvite. I løpet av andre verdskrigen var Finland to gonger i krig med Sovjetunionen, og måtte gje opp store delar av det austlegaste landområdet sitt, Karelen. I løpet av 1900-talet utvikla Finland seg frå å vera eit av Europas fattigaste land, til gjennom industrialisering, å verta eit moderne, stabilt demokrati innanfor EU og Norden.

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Inngangen til Varggrottan (sperra med gitter).

Det er funne spor etter busetjing i Finland frå siste mellomistid (om lag 120 000–125 000 år sidan), i Varggrottan (finsk: «Susiluola») ved Kristinestad. Pollen og reiskapar stammar frå inntil 123 000 før vår tidsrekning (f.Kr.), medan det òg er dateringar som kan vera 72 000 før vår tidsregning. Varggrottan inneheldt reiskapar av raud sandstein, og bebuarane var utvilsamt neandertalarar.[1] Det landområdet som i dag utgjer Finland, vart busett på nytt rett etter istida, frå ein gong rundt 8500 f.Kr. I Karelen er det funne fiskegarn som er mellom 8422 og 8107 år gammalt. Vidare er det gjort funn av ein fem meter lang slede i Lappland som er 6000 år gammal.

Finland vart busett frå sør, og frå tida 4200–3200 f.Kr. er det funne kulturelle restar etter den nordausteuropeiske kamkeramikkulturen (finsk kampakeraaminen kulttuuri, engelsk Comb Ceramic Culture). Reiskapane som er funne, vart truleg importert, sidan det ikkje var nokon folkevandring på den tida.[2] Funn av kopar ved innsjøen Onega og usikre lokasjoner i dagens Finland, daterer seg til 3000 før vår tidsrekning.

Det første jordbruket fall saman med ei ny innvandring frå sør omkring 2500 f.Kr. På dette tidspunktet vart bandkeramikken tydeleg etablert som del av Stridsøkskulturen (finsk nauhakeraaminen kulttuuri, engelsk Corded Ware Culture), med funnstadar spesielt i det sørvestre Finland. Jordbruk frå 2500 f.Kr. er nesten utelukkande avgrensa til sørvest, men frå 2000 f.Kr. finst òg jordbruk inst i Bottenviken og lengre aust i det søraustre av dagens Finland rundt Finskebukta.[3] Det vart samstundes drive jakt og fiske. Ved Vanda har ein funne graver, økser og reiskapar av kvarts ved Jönsas. Bronsealderen vert datert til 1500–1300 f.Kr. Omtrent på same tid vart òg Åland permanent busett.

Det første folkesetnaden vi har nokon kjennskap til i Finland var samiskspråkleg. Som dei mest vestlege språka i den uralske språkgruppa vart dei samiske språka i hundreåra før vår tidsrekning snakka nord for Finskebukta og finsk og dei andre austersjøfinske språka snakka sør for Finskebukta. Begge språkgreinene var påverka både av urgermansk og etter kvart av baltiske språk. Frå og med århundra etter vår tidsrekning ekspanderte både dei austersjøfinske språka frå dagens Estland og både nordvestover til den finske vestkysten og nordaustover til det som i dag er Karelen. Dei trengde gradvis samisk nordover, slik at den opprinnelege paleoeuropeiske folkesetnaden på Nordkalotten vart samifisert.

Svensk overherredømme[endre | endre wikiteksten]

Finlands og Sveriges historiske landsdelar (grå grenser). Ulike ekspansjonsfasar har ulike nyansar. Dei lysaste områda viser det omtrentlege omfanget av Sverige på 1300-talet. Finlands noverande grense med Sverige er kvit.)
Finsk og svensk utbreiing etter 1330 er markert med fiolett.
Det sovjetiske angrepet under vinterkrigen.

Erik den heilage la Finland under svensk herredømme rundt 1150, under påskot av å føra eit krosstog. Den svenske erobringa heldt fram med Birger Jarl i 1250 og Torgils Knutsson i 1293. Ved freden i Nöteborg 1323 vart grensa trekt mellom svensk og russisk område. På 1500-talet vart reformasjonen innført av Mikael Agricola. Under Gustav Vasas styre var det ei tid med økonomisk framgang. I perioden 1555–1557 og 1570–1595 var det grensekrigar med Russland. I perioden 1596–1597 var det bondeopprør («klubbkriget»), og på denne tida vart finsk utvikla som skriftspråk. Universitetet Åbo Akademi vart grunnlagt i 1623. Det vart og ført ein ny krig mot Russland i periodane 1700–1721 (Den store nordiske krigen), 1741–1743 og 1788–1790.

Russisk styre, gryande nasjonalkjensle og sjølvstende[endre | endre wikiteksten]

Russland erobra Finland i 1808–1809, og Finland vart eit russisk storfyrstedømme, formalisert ved Borgå lantdag. Helsingfors vart hovudstad i 1812. I likskap med ei rekkje andre europeiske land, opplevde òg Finland ein sterk nasjonal rørsle på 1800-talet.

Elias Lönnrot gav ut Kalevala i 1835–1849, eit episk dikt som vert sett på som Finlands nasjonalepos. Diktet er eit av dei viktigaste finske litterære verka og har hatt stor tyding for finsk nasjonalt sjølvmedvit. Johan Ludvig Runeberg gav ut eigne dikt. Ei rekkje reformer vart innført i åra etter 1856. Finsk vart sidestilt med svensk i 1863.

Frå rundt 1890 og særleg under tsar Nikolaj II, med generalguvernør for Finland Nikolaj Ivanovisj Bobrikov 1898–1904, vart det likevel drive ein hard russifiseringspolitikk. Omtrent samstundes voks arbeidarrørsla fram, og russifiseringa gav grobotn for nasjonal kultur. Zacharias Topelius skreiv historiske romanar, medan Aleksis Kivi skreiv ei rekkje realistiske romanar. Målarane Albert Edelfelt og Akseli Gallen-Kallela produserte òg ei rekkje patriotiske verk.

I 1898 vart Nikolaj Bobrikov utnemnt som storfyrstedømmets generalguvernør for å nedkjempa den finske separatist-rørsla. Han førte ein streng politikk, noko som førte til at han vart forhatt og frykta av det finske folket. 16. juni 1904 utførte den unge nasjonalisten Eugen Schauman eit attentat mot Bobrikov, som døydde av skotskadar dagen etter. Attentatet førte til stengere russifisering av landet.

I åra 1905–1907 stoppa russifiseringa opp på grunn av intern uro i det russiske storfyrstedømmet etter ein mislukka krig mot Japan. Detta utnytta finnane, som fekk innført Riksdagen og allmenn røysterett i 1906. Russifiseringen auka att frå 1908.

Under den russiske revolusjonen erklærte Finland seg uavhengig. Den finske borgarkrigen vart utkjempa i 1918 mellom dei raude gardane og «dei kvite» under Carl Gustaf Emil Mannerheims leiing. Dei raude tapte, og mange vart drepne. Etter eit forsøk med å etablera kongeriket Finland med Fredrik Karl av Hessen som konge, vart republikken erklært sjølvstendig i 1919 . Åland vart i 1921 gjeve til Finland som demilitarisert og sjølvstyrt område. Detta var òg ein rik periode i finsk kultur, med store kunstnarar som Edith Södergran, Elmer Diktonius, Helene Schjerfbeck, Eero Saarinen og Jean Sibelius.

Finland under andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Område under finsk kontroll sommaren 1942.

I oktober 1939 stilte Sovjetunionen ei rekkje territoriale krav som Finland nekta å gå med på. Dette førte til Vinterkrigen (1939–1940) som igjen enda med at Finland måtte avstå økonomisk viktige landområde. Blant dem var det meste av Karelen med Viborg (finsk: Viipuri), landet sitt nest største by. 450 000 menneske flykta frå dei okkuperte område og til det som vart att av Finland.

Under framhaldskrigen 1941–1944 kjempa Finland på tysk side mot Sovjetunionen. Dette førte at den internasjonale sympatien for Finlands sak vart svekka, særleg fordi Finland under framhaldskrigen invaderte Sovjetunionen som ein del av Operasjon Barbarossa. Denne finske invasjonen skulle vinna tilbake dei områda landet hadde tapt under vinterkrigen. Invasjonen støtta òg tanken om eit Stor-Finland som omfatta Aust-Karelen, der folkesetnaden hadde nære kulturelle band til Finland. Invasjonen av Sovjetunionen førte til at Storbritannia erklærte Finland krig 4. desember 1941.

Våpenstillstandsavtala av september 1944 retta opp att grensene frå etter vinterkrigen i 1940. I tillegg måtte finnane avstå Petsamo og gje Sovjetunionen ein militærbase i Porkala ved Helsingfors. Finland måtte òg betala store krigserstatningar til Sovjetunionen.

Finland i etterkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Finland vart verande eit sjølvstendig demokrati, sjølv om landet til tider vart påverka av Sovjetunionen under den kalde krigen. I heile etterkrigstida, under presidentane Juho Kusti Paasikivi og Urho Kekkonen, var behovet for eit godt tilhøve til Sovjetunionen avgjerande for finsk utanrikspolitikk. I 1948 hadde dei to landa underteikna ein «venskaps- og bistandpakt» (finsk: YYA-sopimus), og Finland hadde særavtale med COMECON. 1956 fekk Finland Porkala attende. Kekkonen vart avløyst av Mauno Koivisto i 1982. I kulturlivet denne perioden markerte bilethoggeren Wäinö Aaltonen og arkitekten Alvar Aalto seg.

Dei politiske endringane i Sovjetunionen førte til at Finland i 1991 byrja å definera utenrikspolitikken sin på nytt. Landet innleidde ein prosess i retning av medlemskap i EU. Venskapsavtala med Sovjetunionen vart sagt opp i oktober 1991. Bortfallet av den sovjetiske marknaden og verknadene av den internasjonale krisen, førte Finland inn i ei omfattande økonomisk krise med høg arbeidsløyse frå 1992. Finland vart medlem av EU frå 1995, etter at ja-sida fekk 57 prosent oppslutning under folkerøystinga i oktober 1994. Finland var med i EFTA frå 1986 til 1994.

Riksdagsvalet i 1995 vart vunnen av sosialdemokratane, og Paavo Lipponen vart statsminister i ei brei samlingsregjering. Han vart attvald i 1999. Etter valet i 2003 danna ein koalisjon av Senterpartiet, Sosialdemokratane og Svenska Folkpartiet regjering med Anneli Jäätteenmäki (Senterpartiet) som statsminister. Ho gjekk av etter åtte veker etter at ho skulle ha loge for Riksdagen.

Matti Vanhanen (Senterpartiet) vart vald til ny statsminister i juni 2003. Sosialdemokraten Tarja Halonen var president frå mars 2000 til 2012. Sidan då har Sauli Niinistö frå Samlingspartiet vore Finlands president.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Utstillingsinformasjon, Finlands nasjonalmuseum, 2003. Varggrottan ligger under en stor heller, ble oppdaget i 1996, og utgravet i 1997.
  2. Utstillingsinformasjon, Finlands nasjonalmuseum, 2003.
  3. I. Vuorela og S. Hicks, 1994.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]