Maltesisk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den fyrste store omleiringa av Malta (1565), målarstykke av Matteo Perez d'Aleccio, har stor symbolsk tyding for Maltas historie.
Kart som viser kvar Malta ligg i Europa.

Maltesisk historie byrjar kring 5200 f.Kr., då dei maltesiske øyane – den største øya Malta, den litt mindre Gozo og fire andre små øyar sør for Italia (som også samla vert kalla for «Malta») – vart folkesett frå Sicilia.[1] Seinare kom fønikarar og grekarar til Malta. Dei sistnemnde kalla øya for Μελίτη (Melite) i tyding «søt honning» eller «honningbie». Talrike folk og makter har hærteken øya gjennom hundreåra. Rundt 200 f.Kr. vart Malta lagt inn under Romarriket. Sidan var øya vunne og åtte av arabarar og normannar. I 1530 vart øya gjeven til krossfararordenen Malteserordenen for å verja Roma mot tyrkarar.

Den fyrste store omleiringa av Malta stod tyrkarane for i 1565, men øya gav aldri opp. Den andre store omleiringa skjedde under den andre verdskrigenaksemaktene bomba øya og hindra tilførsel av all gods, men enno gav ikkje Malta opp. For dette strevet vart Malta gitt heidersutmerkinga Georgskors av den britiske kongen for å vera «vitne til heltemotet og oppofringa til folket sitt». Georgskorset står enno i dag på flagget til nasjonen.

Etter napoleonskrigane vart Malta overteken av Storbritannia, og etter 164 år som britisk koloni fekk Malta sjølvstende frå Storbritannia i 1964. Malta vart medlem av Den europeiske unionen i 2004, og er i tillegg medlem av Samveldet av nasjonar og Dei sameinte nasjonane (FN).

Fornsoge[endre | endre wikiteksten]

Skjelett frå dvergelefant, Ghar Dalam Museum.
Foto: Hamelin de Guettelet
«Den feite dama frå Malta», forhistorisk hovudlaus skulptur.
Foto: Hamelin de Guettelet

Geologisk ligg Malta (og hine maltesiske øyane) på ein undervassrygg som strekkjer seg frå Nord-Afrika til Sicilia. Ein gong i fjern fortid låg Malta i kavet, noko ein kan sjå av sjøfossil i fjellet på det høgste punktet på øya. Etter kvart som ryggen vart pressa oppover og Gibraltarsundet enno var lukka, vart vasstanden i Middelhavet lægre. Malta var då lik ei bru av tørt land som strekte seg imellom dei to kontinenta Europa og Afrika, kringsett av store innsjøar. Sume grotter på Malta har synt fram bein frå elefantar, flodhestar og andre store dyr som no finst einast i Afrika, medan andre har vist bein frå dyr som berre finst i Europa. Etter kvart som havet steig, vart Malta til ei øy, og til liks med so mange andre isolerte øysamfunn vart då elefantane – i fråvær av rovdyr – mindre og meir beiteeffektive før dei til slutt døydde ut.[2]

Detalj frå megalittempelet Ħaġar Qim på Malta.

Menneskja kom fyrst til Malta ein gong kring år 5200 f.Kr. Desse fyrste neolittiske folka innvandra truleg frå Sicilia som ligg om lag 100 km lengre nord. Dette var eit folk som mest livberga seg med jordbruk og fiskje, men det finst ikkje lite prov for jakt. Dei levde etter syne i hòler og utandørs. I hundreåra som fylgde, er det prov på møte med andre kulturar som påverka desse samfunna, mellom anna på utforminga av keramikk og bruk av fargar.

Ein av dei mest oppsiktsvekkande tidbolkane i historia til Malta er tempelperioden som tok til kring 3600 f.Kr. Det forhistoriske tempelet GgantiaGozo, den nest største av dei seks øyane i Malta, er den eldste frittståande bygninga i verda. Mange av templa har form som fem halvsirkelforma rom sameinte i sentrum. Forskarar har lagt fram at desse kan ha representert hovud, armar og føtene til guddommen, sidan ein av dei vanlegaste typar statuar som er funnen i desse templa er av ei feit kvinne, eit symbol på frævleik. Tempelperioden varte fram til kring 2500 f.Kr., då det tykkjest at den sivilisasjonen som reiste desse store monolittane kvarv. Det er framleis diskusjon om dei vart jaga ut, eller om dei smelte saman men nye folk som innvandra.

«Hjulspora» ved Clapham Junction.

Etter tempelperioden kom bronsealderen. Frå denne perioden er det funne eit tal busetjingar og landsbyar forutan steindysjeraltarlike strukturar som vart sett saman av store steinplater og deretter dekt med jord (som no er forsvunne). Ein verna bautastein, som vart nytta for å byggja tempel, står på Kirkop, ein av dei få som framleis er i god stand.

Imellom dei meir mystiske leivningane frå denne tida, er «vognspora» som ein kan sjå på ein stad som heiter «Clapham Junction».[3] Desse er par av parallelle kanalar som er skorne ned i fjellyta, og strekkjer seg over lange distansar, ofte i ei nøgjen rett line. Vi veit ikkje kva dei vart nøytt til. Eit framlegg er at desse kanalane vart nytta av dragdyr som drog vogner etter seg, slik at dei ikkje kunna villast. Eit anna er at varer vart ført på sledar som skura spor i fjellet. Dei kunne òg vera ei form for vatningssystem. I tillegg har langt meir fantasifulle framlegg kome.[4]

Fønikarar og grekarar[endre | endre wikiteksten]

Det samfunnet som bygde desse digre strukturane døydde knapt ut, men vart blanda med nye folkegrupper som kom til øya. Ein gong mellom 1100 f.Kr. og 800 f.Kr. kom eit handelsfolk på sjøvegen frå den austlege delen av Middelhavet til Malta. Dette var fønikarar frå byen Tyr i Midtausten. Fønikarane kalla den store øya for MLT (Malet) og den mindre øya for GL (Gol). Fleire tiår med ekteskap mellom lokalfolket og handelsfolket frå aust førte til ei etnisk blanding, der innbyggjarane tok opp fønikisk sed og skikk. På Malta vart det reist eit fønikisk tempel. Fønikarane nytta Malta som utpost for vidare gransking og kolonisering av den vestlege delen av Middelhavet, og dei bygde ut hamnene på øya òg. Det tykkjest at øyane var sjølvberga, men det finst ingen rapportar som tyder på kva varer det vart handla med. Truleg var olje eit viktig produkt, og fønikarane innførte produksjonen av keramikk ved hjelp av dreieskive.

Symbolet for den puniske guden Tanit er funne på Gozo.

Då Tyr gjekk inn i ein nedgangsperiode, vart Malta overteke av punarar frå Kartago i Nord-Afrika, som sjølv var ein gammal fønikisk base, ein gong rundt år 400 f.Kr. Atter kom det nye gudar, og i ei hòle på Gozo er det funne symbolet for den puniske frævleiksguddommen Tanit, og ved Ras iL-Wardija i nærleiken av landsbyen Santa Lucija sørvest på Gozo er det funne ein punisk heilagdom hoggen ut av fjellet.[1]

Kartago synest å ha gjeve ein økonomisk oppgang for Malta. Øya var eit viktig vegemot for handelen med linstoff, olivenolje og honning. Egypt var ein handelspartnar, noko som er vist ved at det er funne skarabéamulettar på Malta frå den aktuelle perioden. I hamnene vart det reist skipsverv for å byggja og vøla puniske skip.

Det er funne gamle greske mynter, påteikningar og keramikk på Malta som viser at grekarane i antikken byrja å verta mektigare i det vestlege Middelhavet. I år 392 f.Kr. vart øya okkupert av den greske tyrannen Dionysios den yngre (ca. 397–337 f.Kr.). Grekarane kalla øya for Melite (frå det dorisk greske ordet for «søt honning» eller «honningbie»). Jamvel punarane var sjøfolk i beste lag, vart Malta likevel stødt herja av piratar som gjorde mange av innbyggjarane til slavar.

Då Roma byrja å utvida seg som ein militær jamgod motpart til Kartago vart Malta ein base mot romarane. I den første punarkrigen, som byrja 264 f.Kr., vart dei djupe, naturlege hamner på øya viktige for puniske krigsskip. På byrjinga av den andre puniske krigen i 218 f.Kr. vart punarane vist bort frå Malta av romarane.

Romarriket (217 f.Kr. – 395 e.Kr.)[endre | endre wikiteksten]

Romarane gjorde Medina til hovudstad, i dag Mdina.

Romarane gjorde Malta romersk, soleis det var for alle land dei hærtok. Dei endra namna frå Malet og Gol til Melita og Gaulus. Truleg har Melita opphavet sitt i det latinske ordet for honning, mel. Malta har ein strategisk posisjon i Middelhavet, og dette kan vera grunnen til at romarane gav innbyggjarane mange vedgåingar, som å halda på deira eige språk og gudar. Ved slutten av den tredje punarkrigen i 146 f.Kr. var Malta kringsett av romerske provinsar, og dei romerske installasjonane på Malta og Gozo gjorde øyane mykje tryggare, noko som hindra dei frå å verta hærtekne og herja av piratar.

Øyane blomstra under romersk styre, og dei vart vurderte som Municipium, den nest høgste klassifiseringa av ein romersk by, og ein Foederata Civitas. Dei mange romerske fornminne som er funne, vitnar om eit tett samband mellom dei maltesiske innbyggjarane og Roma. Romarane bygde òg byen Medina (no Mdina) på ei tidlegare punisk festning på den høgste staden på øya.Victoria på Gozo var ein bygdeborg i bronsealderen og utvikla vidare av punarar til ein liknande by, men han vart bygd om til eit kompleks Akropolis av romarane.[5]

Romarane innførte vatning ved hjelp av akveduktar, og dette gjorde eit meir vidfemnande jordbruk råd. Dei viktigaste landbruksprodukta var lin, voks, kveite, olivenolje og honning. Ei anna inntektskjelde var omvøling av romerske skip. Den aukande velstanden på øyane og ein veksande romersk overklasse førte til at dei gamle fønikiske og puniske guddommane vart skovne ut av det maltesiske dagleglivet. Det vart innvigd eit tempel for Juno i Marsaxlokk, eit Apollontempel i Melita og eit tempel for Proserpina i Mtarfa.

Kristendomen[endre | endre wikiteksten]

Sankt Paulus skriv, frå eit tidleg manuskript av Paulus' brev, 800-talet. Württembergische Landesbibliothek Stuttgart

I år 59 eller 60 e.Kr. var apostelen Paulus på øyane. Han hadde vore i fengsel på Kreta og vart deretter frakta til Roma for å verta dømt av keisaren, noko han hadde rett til som romersk borgar. I staden skal han ha forlist på barden av det som no heiter «Saint Paul's Bay» (Sankt Pauli bukt), noko ein kan lesa ein del om i Apostelgjerningane, men også av arkeologiske utgravingar ved San Pawl Milqghi. Granskingar av noverande og ålmenne vindar frå tida gjer det rimelegare at skipbrotet skjedde i eller i nærleiken av St. Thomas Bay i Marsaskala.

Solnedgang over Sankt Pauli bukt.

På Malta heldt Paulus seg løynd i ei grotte ved Melita, men han skal samstundes ha konvertert fleire maltesarar til kristendommen. Ein viktig mann på Malta var Publius, den romerske guvernøren, som tok imot Paulus etter at han gjekk i land. Paulus skal ha lækt Publius' far for dysenteri, og av denne grunnen lét Publius seg kristne og vart seinare den fyrste biskopen på Malta. Sankt Publius gjorde Malta til det fyrste kristne landet i vest, og eitt av dei fyrste i verda. Etter tre månader skal havet ha vorte seglande att, og lasta med gåver frå dei maltesiske venene sine drog Paulus vidare til Roma og det fylgjande martyriet sitt.[6]

Det er reist ei kyrkje på den staden der Paulus etter tradisjonen skal ha heila faren til Publius, og etter mange ombygningar har staden i dag ei katedralkyrkje dedisert Sankt Paulus ved Mdina. Kristendommen spreidde seg jamt på Malta, men utøvinga av religionen vart gjort i løyndom for å gjera forfylging mindre rimeleg. Dei store katakombane, mellom anna ved Mdina, tente som bønerom og gravplassar. I åra 305–311 rømde mange kristne frå Sicilia til Malta, men to år seinare gjorde keisar Konstantin den store kristendomen til statsreligion.

Då keisar Theodosius den store døde i 395 vart Romarriket delt mellom sønene hans i ein vestleg og ein austleg del. Malta låg geografisk og politisk innanfor den vestlege delen, men kyrkja tilhøyrde den austlege delen, det seinare bysantinske imperiet.

Germansk og bysantinsk styre (395–870)[endre | endre wikiteksten]

Romarriket vart delt i ein vestleg og ein austleg del då Theodosius den stores døydde i 395

Vestromarriket var særs ustabilt og gjekk i oppløysing innan eit par tiår under dei store folkevandringene. Kongen til dei vandalane og alanarane, Geiserik (døydde 477) skipa eit monaleg kongedøme i Afrika med hovudstad i Saldae (dagens Béjaïa). Herifrå rådde han over øyane i det vestlege Middelhavet, og etter at han hadde herja Roma, tok han òg Malta i år 445. Den greske historikaren Procopius skreiv at i år 533 gjekk den austromerske generalen Belisarius i land på Malta og tok attende øyane for keisar Justinian I den store. Austromarane kunne forsvara øyane mot åtak frå barbarane på grunn av den mektige floten sin.[7]

Særs lite er kjent frå maltesisk landssoge dei fire hundreåra etter 400 e.Kr. Det var stor uro etter Vestromerrikets samanbrot. Middelhavet var dominert av piratar som forstyrra handel, og Nord-Afrika var utsette for krig, uro og folkevandringar. Til og med Italia vart herja. Truleg gjekk Malta inn i ein nedgangsperiode med minka produksjon og handel. På midten av 500-talet vart dei ulike landområda under Austromerriket organisert i ei rekkje militære provinsar kalla themes.[8]

Arabarar[endre | endre wikiteksten]

Sitrusfrukter som sitron vart truleg innført av arabarar.
Foto: Jean-Pol Grandmont

Muslimske åtak på Malta byrja på 800-talet, og Malta vart okkupert av arabarar frå Sicilia som høyrde til det islamske Aghlabidar-dynastiet i Ifriqiya (dagens Tunisia) i år 870, endå Austromerriket freista å taka øyane att. Dei fylgjande 220 åra med arabisk påverknad påverka i stor grad dei innbyggjarane som ikkje vart tekne som trælar.

Den arabiske perioden fjerna alle spor av romersk fortid, men arabarane introduserte òg nye jordbruksteknikkar, mellom anna for vatning og overrisling som noria eller sienja, eit vasshjul med dyr som dragkraft. Dei innførte truleg òg nye jordbruksprodukt som sitrusfrukter som appelsinar og sitronar, og ikkje minst bomullsplanta som vart den viktigaste vare for det maltesiske økonomiet dei komande århundra.[9]

Mange maltesiske stadnamn oppstod i denne perioden. Den nest største øya vart kalla for Ghawdex, som har vorte til det noverande Gozo. Byen Mdina (som er eit arabisk ord for by) vart omfattande ombygd, fekk òg ein ytre likskap med andre byar i Nord-Afrika. Arabarane bygde i tillegg ei festning på staden der Fort St. Angelo ligg i dag.

Det er uklårt om maltesarane enno tala ei form for fønikisk dialekt under romartida, men språket vart uansett påverka av arabisk, mellom anna sidan begge språk er semittiske.

Som alle land i mellomalderen som vart vunne av muslimar, konverterte store delar av innbyggjarane etter kvart. Dei var ikkje naudsynt tvinga til det, men ikkje-muslimar vart avvist frå høgre stellingar og fekk tunge skattebyrdar som muslimar slapp. Etter ei segn var der 6 339 kristne og 14 972 muslimske familiar på øyane i 991. Ein kan trygt gå ut ifrå at kristendommen vart praktisert i løyndom, kanskje i katakombane. Endå i dag finst det stadnamn på Malta som kan peika på samningsplassar for religionsutøving, til dømes Wied IR-Rum, som tyder «Kristnedalen».

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Roger II, frå Liber ad honorem Augusti av Petrus de Ebulo, 1196.

Den normanniske greiven Roger I av Sicilia gjorde det fyrste forsøket på å taka dei maltesiske øyane frå arabarane i 1091, mellom anna av di Malta ligg strategisk som forsvarsverk mot åtak frå Nord-Afrika. I staden for å hærtaka øyane drøfta dei ein avtale der dei arabiske styresmaktene betalte tributt inntil 1127, då sonen til Roger, Roger II av Sicilia, tok øyane formelt i eige. Tankred av Sicilia, kongen over Sicilia frå 1189 til 1194, utpeika Margaritus av Brindisi, admiral av den sicilianske flåten, som den første greiven i Malta, noko som gjorde dei maltesiske øyane til eit len under Sicilia.

Normannisk overherredøme merkte ei gradvis endring frå ein arabisk-kulturell påverknad av øyane til ein kristen-europeisk, men religiøs toleranse var det vanlege. Roger I og Roger II bygde og restaurerte kristne kyrkjer på Malta. Ein monaleg del av dei muslimske innbyggjarane vart på øyane fram til ut på 1200-talet, og liksom på Sicilia freista ikkje normannarane å tvangskonvertera dei. Ein muslimsk adelsmann, Al-Idrisi, arbeidde i hoffet til Roger II og skreiv ei geografibok som vart dedisert til han, Al-Kitab Al Rujari (الكتاب الروجري), det vil seia Boka til Roger. Etter kvart forsvann dei muslimske folka på øyane, kanskje då dei kom inn under det harde styret til spanjolane.[10]

Vitljos, av Abraham Abulafia, 1285

Den religiøse toleransen tydde òg at jødar for ei tid fann ein fristad på Malta i dei neste tre hundre åra, der dei jødiske innbyggjarane auka til eit tal dei ikkje har nått sidan. På byrjinga av mellomalderen budde rundt 500 jødar på Malta, med ein tredjepart i Mdina. På Gozo levde rundt 350 jødar. Flestalle var handelsmenn, men mange var bønder og levde side om side med dei kristne naboane sine og ikkje i ghettoar. Normannarane gav dei maltesiske jødane ei eiga oppgåve med å framstilla banner og faner for galeiane og lamper for palassa. Jødane var likevel ikkje utan avgrensingar, og dei måtte betala rike gåver kvart år. Den mest velkjende maltesiske jøden var nok den spanskfødte mystikaren Abraham Abulafia, som skapte seg ein heim i Comino der han døydde ein gong etter 1291.[11]

Malta var eit politisk og geografisk vedlegg til Sicilia i 400 år, og i denne perioden vart Malta selt og selt på nytt til ulike føydale herrar og baronar, og vart dominert i rekkefølgje av Schwaben (1194), Angevin (1266), Aragón (1282), deretter Castilla og Spania. Aragón, som då styrde Malta, vart slått saman med Castilla i 1479, og Malta vart då ein del av det spanske riket..॥॥79. Administrasjon i Malta vart då valda av den lokale adelen, mest av siciliansk og spansk opphav, som danna eit styreorgan kalla Università.

Riddarane av Malta[endre | endre wikiteksten]

Maltesarkross

Tidleg på 1500-talet byrja Det osmanske riket å spreia seg over regionen til det nådde søraust Europa. Den spanske kongen Karl V ottast at Roma ville falla i hendene på dei muslimske tyrkerne, noko som ville enda det kristne Europa. I 1522 dreiv sultan Suleiman I den store den kristne munkeordenen johanittarordenen ut av Rhodos. Deretter flakka ordenen ikring i Europa, før paven og spanskekongen gav han løyve til å slå seg ned på Malta i 1530 for å verna Europa og spesielt Roma frå muslimsk invasjon frå sør. Som symbolsk leie for øya skulle ordenen gi kongen ein maltesarfalk kvart år på helgemesse. Etter 1530 vart ordenen kjent som Malteserordenen, og han kom til å spela ei viktig rolle i landssoga. Dei neste 275 åra gjorde desse kjende «riddarane av Malta» øyane til maktområdet sitt. Dei bygde byar, palass, kyrkjer og festningar, og flidde øyane med talrike kunstverk, noko som berre tente til å auka den kulturelle arven.

Eit militær drill tilsvarande 1500-talet utført av Johanittarordenen. Fort Saint Elmo, Valletta, Malta, 8. mai, 2005.

Johannittarordenen var opphavleg grunnlaga for å setja opp utpostar langs ruta til Det heilage landet som stødde pilegrimane på ferdene deira. På grunn av dei mange strida som oppstod, vart ein av dei viktigaste oppgåvene deira å gjeva medisinsk hjelp, og enno i dag er det åttekanta maltesarkorset framleis i bruk på ambulansar og organisasjonar som gjev fyrstehjelp.[12] Til gjengjeld og takk for dei mange liva som dei berga mottok ordenen mange av dei landområda som krossfararane hadde hærteke, og desse måtte verjast. Saman med trongen for å verna pilegrimane, gav dette grunnlag for å byggja ut ordenen til ein sterk militær organisasjon. Då størsteluten av det området dei verna låg i Middelhavet vart medlemene i ordenen òg dyktige sjøfolk med ein otteleg marine.

Riddarane vedtok at Mdina, Maltas hovudstad, låg for langt inne i landet, og etablerte seg i staden i ein liten landsby som hadde vakse opp bak den gamle sjøfestninga, Castel a Mare. Avgjerda var likleg til stor lette for den maltesiske adelen. I Birgu skipa riddarane seg under det same regelverket som dei utvikla under opphaldet deira på Rhodos, og den fyrste bygninga dei reiste var eit sjukehus som etterkvart vart vurdert som eitt av dei beste i Europa. Orsaka til den låge døyinga til pasientane var at lækjarane i ordenen vyrde reinsemd.[13]

Ordenen var ein fleirnasjonal styrke delt inn i Langues, språk, og ikkje inn i nasjonar (som ikkje fanst på same måten dei gjer i dag), mellom anna fransk, engelsk, tysk og italiensk. Kvart språk hadde sitt eige Auberge, hovudkvarter, forutan visse skyldnader og ansvar for å verja ein einskild seksjon eller bastion.

Tyrkarane gjekk til åtak mot øyane to gonger fyrst i 1547 og å nyo i 1551, og spesielt det siste åtaket vart katastrofalt. Tyrkarane herja landområda på øyane medan dei oversåg dei styrkte byane før dei gjekk til åtak på den mindre øya Gozo og førte bort alle eller mesteparten av av innbyggjarane i trældom. Samstundes dreiv tyrkarane ordenen ut av Tripoli i Libanon. Desse åtaka fekk riddarane til å skjøna kvar utsette dei var og dei sette i gang eit veldig byggjetiltak for å betra forsvarsverket på øyane mot komande og større åtak.[14]

Omleiringa av Malta i 1565[endre | endre wikiteksten]

Stormeister Jean Parisot de la Valette som gav namn til den noverande hovudstaden på Malta, Valletta.
Kampen mot tyrkarane, målarstykke av Matteo Perez d'Aleccio, 1500-talet, Valletta.
Frå ein freske som viser detaljar frå åtaket på Malta. Landområdet til venstre er staden der dagsens Valletta ligg.

Etter at dei maltesiske øyane ved to høve var vorte overfalne og herja av tyrkarane, byrja maltesarordenen å slå attende ved å røyna på osmanske skip. Det varte ikkje lenge før sultan Suleiman I den store baud på eit endeleg åtak på den kristne utposten for å få han utrydda ein gong for alle. På denne tida hadde riddarane busett seg i byen Birgu som hadde utmerkte hamner for krigsflåten deira. Birgu var forutan den gamle hovudstaden Mdina ein av dei to viktigaste byane på øya. Forsvarsverka rundt Birgu var styrkte og nye festningar var bygde på den motsette enden som i dag er Senglea. I tillegg reiste dei ei mindre festning med namnet Fort St. Elmo på enden av halvøya som i dag er byen Valletta.

Omleiringa og åtaket på Malta av tyrkarane, kjent av maltesarane som «Den store omleiringa av Malta», skjedde i 1565. Omleiringa var ein av dei blodigaste og hardaste til då i historia, og vart soleis ein av dei mest velkjende hendingane på 1500-talet. Til dømes, då tyrkarane hadde nedkjempa verjarane av Fort St. Elmo, vart dei drepne og halshogne. Hovuda vart sette på staurar og lika til dei daude riddarane vart krossfesta til plankar før dei var ført over hamna mot riddarane på den andre sida. Den tyrkiske kommandanten ville gjeva ein klår bodskap til verjarane om kva som venta dei. Det groteske synet av dei daude vennene sine skremte jamvel dei mest krigsvande riddarane.

Stormeister Valette gav ordre om at mennene sine skulle halshogga dei tyrkarane som fram til då hadde vorte tekne til fange. Hovuda vart deretter skotne av garde med den største kanonen over mot fienden. Bodskapen var berrsynt: «Det blir inga tinging, ingen kompromiss, inga overgjeving, inga attervende.».[15] Tyrkarane tok på med ein styrke av rundt 48 000 mann. Verjarane av Malta hadde 6 100, der helvta var vanlege maltesarar.[16]

François Voltaire kan ha overdrive då han uttala at «Inkje er meir velkjent enn omleiringa av Malta», men ho sette utviksamt ein slutt på den europeiske trua om at osmanane var uvinnelege, og ho merkte overgangen til det spanske herredømet i Middelhavet.[17] Europearane og maltesarane hadde grunn til å ottast Det osmanske riket. Berre fem år tidlegare hadde ein europeisk flåte vorte heilt gjort til inkjes utanfor dagens Tunis, ikkje langt ifrå Malta, i slaget ved Djerba[18]

Den 18. mai 1565 tok Suleiman I den store til åtak mot Malta. På den tida då den osmanske flåten på 193 skip kom - ein av dei største flåtane sidan antikken - var maltesarordenen so budde som dei kunne vera. Vallette hadde gjeve ordre om at alle avlinger måtte vera hausta, jamvel umogen korn slik at fienden ikkje skulle skaffa seg lokale matforsyningar. Alle brunnar var forgifta med plantar og daude dyr. Tyrkarane seglde sørover og slapp anker ved hamna i Marsaxlokk (Marsa Sirocco), kring 10 km frå Grand Harbour, den store hamna. Dei tok på den nybygde festninga Fort St. Elmo fyrst, men ikkje før ein heil månad hadde gått låg festninga øydde. Likevel kjempa soldatane inntil tyrkarane hadde drepe dei. Deretter byrja dei å røyna på Birgu og festningsverka ved Senglea, men utan resultat trass i at dei vart skote på med 65 omleiringskanonar i noko som truleg var den mest vedvarande bombardement i verdhistoria opp til den tida.

Etterkvart som tida gjekk vart åtakarane berre fusare etter siger. Mot slutten av august freista dei å taka festninga Fort St. Michael med omleiringsmaskiner, men maltesarane grov seg igjennom mur- og steinblokkene og skaut dei i stykke. På byrjinga av september då vêret tok til å endra seg vart det gjeve ordre om å taka Mdina med tanke på å halda seg der vetteren over, men åtakarane miste motet og snudde. Omleiringa heldt opp den 8. september. Det osmanske riket vægde usiger nederlag etter å ha tapt kanskje ein tredjepart av mennene sine i kamp og sjukdom. Dei samla artilleriet sitt og forlét øya med svekt moral. Dei freista aldri att og sultanen døydde sume få år seinare.

Etter omleiringa[endre | endre wikiteksten]

Året etter åtaket byrja maltesarordenen arbeidet med å byggja ein ny by med festningsverk utan make. Staden var ei halvøy som heitte Gholja Sciberras som osmanane hadde nytta som ein base under omleiringa. Den nye byen vart døypt Valletta etter leiaren i ordenen, stormeister Jean Parisot de la Valette, som hadde ført verjarane til siger. Sidan Det osmanske riket aldri kom att, vart festningsverka aldri prøvd og står i dag som eit av dei best verna festningsverka frå denne tida.

I motsetning til andre herskarar av dei maltesiske øyane hadde maltesarordenen ikkje eit heimland utanfor øyane. Malta vart heimen deira og dei investerte difor meir enn noka anna makt hadde gjort føre dei. Medlemene i ordenen kom frå adelsfamiliar og hadde i tillegg skaffa seg monaleg rikdom frå tenestene sine på ferder til og frå Det heilage landet. Dei kunstnariske og arkitektoniske vitnesbyrda frå denne perioden er sume av dei rikaste i maltesisk historie, og den nye hovudstaden, Valletta, er rekna som sjølve kronjuvelen.

Då ordenens raison d'être, hovudgrunn for å finnast, etter kvart heldt opp, gjekk òg stortida for ordenen over.

Den franske hærtekta[endre | endre wikiteksten]

Seremoniell mynt stempla av maltesarordenen i 1798

Med åra svekte makta til riddarane, og regimet deira møtte enden sin då Napoléon Bonaparte kom med flåte til Malta i 1798 på veg mot Egypt. Napoléon bad om trygg hamn og tilgjenge på forsyningar, men då ordenen neitta å skyta til med vatn, fekk Napoléon den orsakinga han trurvte for å senda ein hær, fyrst mot Gozo og deretter mot Valletta. Stormeister Bolheim kapitulerte og Napoléon vart på Malta i nokre dagar der han samstundes systematisk plyndra eigedelane og rikdomane til ordenen. Han grunnla ein ny administrasjon rådde av sine eigne kandidatar, men også eit nytt, liberalt lovsystem grunna i den tilsvarande frå den franske revolusjonen som avløyste det dåverande føydale systemet. Fyrste kapittelet byrja med orda «Alle som bur på Malta skal verta franske borgarar...» Medan ordenen vart bortvist, vart rundt 2 000 muslimske og jødiske trælar på øya sett fri.[19]

Etter dette seglde han vidare til Egypt, medam han lét bakseg en monaleg garnison på Malta. Sidan malteserordenen i aukande grad hadde vorte mindre og mindre lika av dei lokale maltesarane, vart ikkke franskmennene sett på med utstengjande uvilje. Denne falske vona varte ikkje lenge. På berre nokre få månader hadde franskmennene stengt kloster og rana til seg krykjerikdomane, og dei ovreligiøse maltesarane gjorde oppstand. Den franske garnisonen til general Claude-Henri Belgrand de Vaubois drog seg attende åt Valletta. Etter fleire mislukka freistnader på å taka Valletta, bad maltesarane briteane om stønad. Kontreadmiral lord Horatio Nelson vedtok å gå til total blokade og i år 1800 overgav den franske garnisonen seg.

Britisk styre av Malta[endre | endre wikiteksten]

Valletta og hamnene sine på begge sider av halvøya, 1801 Den sekskanta festninga i forgrunnen er Fort St. Elmo.

I 1800 vart Malta friviljug ein del av Det britiske imperiet, men britane var mindre interessert i dei maltesiske øyane med ein gong franskmennene var kasta ut. Fredstraktaten i Amiens i 1802 avslutta fiendskapen mellom Frankrike og Storbritannia, og som ein del av avtalen skulle Malta atter falla under styret av (den reformerte) maltesarordenen under vern av Kongedømet Dei to Sicilia og dei store maktene skulle vissa at Malta heldt på å vera nøytral. Fleirtalet av maltesarane var endå imot avtalen, men freden var stuttvarande og napoleonskrigane braut ut å nyo i 1803. Britane skjøna kjapt at Malta var avgjerande for den britiske flåten i Middelhavet. Dei byggverka som maltesarordenen hadde reist i hamna i Valletta gjorde henne til ein av dei mest styrkte hamnene i Europa.

Krigsskip, skipsverv og store festningsverk er den gamle sjela til Valletta
Foto: Myriam Thyes

Britane bygde eit skipsverv, lagerhus og eit sjukehus på Malta. Endå maltesarordenen kravde Malta tilbake, heldt britane på øyane og Paris-traktaten av 1814 fastssette britisk overherredøme på øyane. Ein britisk guvernør vart sett på Malta, men Malta heldt på rettskrava sine og religionsfridom vart godteken.

Nærleiken øyane hadde til Sicilia og det at Malta lenge hadde vore eit len under Sicilia, hadde gjort italiensk til eit framskote språk attmed maltesisk. Italiensk vart nytta for kultur og undervisning, og var både språket til adelen og den politiske administrasjonen. Med britisk innverknad kom engelsk språk inn i dagleglivet og administrasjonen, og engelsk trengde ut etterkvart italiensk. I 1934 kunne berre 15 prosent av innbyggjarane snakka italiensk.[20]

Den strategiske posisjonen til Malta midt i Middelhavet, spesielt etter at Suezkanalen vart grave ut i åra 1859 og 1869, gjorde Malta til ein viktig marinebase for både segl- og dampskip. Under Krimkrigen, 1853–1856, viste Malta igjen den militær-strategiske vekta si.[21]

Etter opninga av Suezkanalen vart Malta òg ein viktig stasjon for kolpåfyll. Skipsvervet vart vida og gav arbeid for ein monaleg del av innbyggjarane. Mykje av handelen i Middelhavet gjekk innom Malta. Jordbruket auka og var med på å gjera øyane nesten sjølvforsynte, og poteter vart eit nytt eksportprodukt. Berre tilgjenge på vatn var eit stendig og uløyst problem.

Etter eit hundreår med fred plasserte den fyrste verdskrigen Malta i frontlina av ein krig att. Malta forsynte dei allierte med hamn og skipsverv, men vel so viktig var ytinga på øya for sjuke og såra soldatar. Dette gav Malta tilnamnet «Sjukepleiaren på Middelhavet». På byrjinga av 1915, då Det osmanske riket gjekk inn i krigen på sida til Sentralmaktene, vart mange private og offentlege bygningar på Malta gjort om til sjukehus, og midt på 1916 var det vakse til 27 hospital haldne i gang med rundt 300 lækjarar og 1000 sjukepleiarar. Der det var rom og seng, vart ein pasient stuva inn. Jamvel skuleelevar vart sette til å rulla bandasjar, og speiderrørsla gjekk ærend.[22]

Då freden kom vart likevel mange arbeidarar i skipsverva og andre stader tarvlause, slik at arbeidsløysa steig mykje. I 1919 vart arbeidet med ei ny grunnlov sett i gang, men då uroa spreidde seg i ei forsamling, vart politiet tilkalla og i tumultane vart det skote inn i mengda og tre maltesarar vart drepne. I 1921 vart den nye grunnlova vedtatt. Ho gav endeleg maltesarane sjølvstyre over indre tilhøve. Den britiske regjeringa heldt på kontrollen over utanrikspolitikken, forsvaret og immigrasjon.[21].

Den andre store omleiringa av Malta: 1940–43[endre | endre wikiteksten]

Kingsway, ei hovudgate i Valletta, vart hardt øydelagt av bomber. Soldatar og sivile er til stades for å rydja opp i ruinane, foto frå april 1942
Foto: Russell, J E (Lt) - Royal Navy offisiell fotograf
Faith (N5520), ein Gloster Sea Gladiator Mk I, stasjonert på ein flyplass i Malta i september 1940. Gladiatorane vart nytta i 1940 i rundt ti dagar før Malta fekk stønad av andre fly.
Maltakonvoi under luftåtak den 11. august 1942 med intens sperreeld frå eskorteskipa. Slagskipet HMS Rodney til venstre og kryssaren HMS Manchester til høgre.
Foto: Roper F G (Lt), Royal Navy offisiell fotograf

Før den andre verdskrigen braut ut var Malta den viktigaste basen for den britiske middelhavsflåten. Oppgåva si var å verna transporten av forsyningar aust-vest, og samstundes sperra sambandet imellom Italia og Nord-Afrika. Malta var strategisk viktig ved at øya hadde fleire flyplassar, og var den einaste allierte hamna mellom Gibraltar og Alexandria i Egypt.

Då Europa hadde vore i krig i ni månader, lyste Italia strid på sida av aksemaktene den 10. juni 1940. Malta kom då brått i frontlina. Det største uroa var vel at matlageret berre heldt nok til å strekka til ei fire-fem veker for eit innbyggjartal på om lag 300 000. Den 11. juni fall dei fyrste italienske bombene over skipsverva i Valletta. Det var til saman seks åtak berre den fyrste dagen, og deretter vart resten av byane bomba. Kring 6 700 tonn med bomber vart slept over Malta dei fyrste vekene åleine.

Malta hadde ein garnison på mindre enn fire tusen soldatar som vern. Luftvernet var samansett av 42 luftvernskanonar og fire jagarfly av typen Gloster Gladiator, men berre tre pilotar. Flya vart døypte «Faith», «Hope» og «Charity» (Tru, Von og Velgjerd). Luftstyrken til fienden var samansett av rundt 200 fly som var basert berre 100 km lengre nord, på Sicilia. Likevel tvinga dei tre maltesiske flya fienden til å sleppa bombene sine frå høgre opp. Maltesarane nytta dei antikke katakombane og ein nedlagd jernbanetunnel som tilfluktsrom under luftåtaka, men andre tunnelar vart grave ut av fjellet òg. Mange av bygningane, særleg dei ved hamna og flyplassen, vart jamna med jorda eller sterkt øydelagde.

I desember 1940 kom det tyske Luftwaffe til Sicilia for å hjelpa italienarane med hærtekta av Malta. Tyske og italienske undervassbåtar tok til åtak på alle forsyningsskip til Malta. I juni 1941 tok Tyskland til åtak mot Russland, og størsteluten av det tyske luftvåpenet på Sicilia vart flytta. Åtaka mot Malta tok av, men heldt ikkje heilt opp. I desember 1941 vart bombinga teken opp att med same krafta som før. Mellom 1941 og 1942 vart fleire enn 3 000 flytokt gjennomførte. Innan dei fyrste seks månadene av 1942 var det berre éin einaste periode på eit døger der det ikkje var eit bombetokt. Valletta var den mest bomba byen under andre verdskrigen (Kirkenes i Noreg har den tviksame æra av å koma på andreplass).[23]

Byane rundt industriområda og hamnene vart sterkt øydelagt, og flestalle innbyggjarane vart evakuert til øysentrumet. Innbyggjarane fekk knappe matrasjonar, og det vart sagt at dei heldt ut på eit kost av «tre kokte drops, ein halv sardin og ei skei syltetøy». 1 493 sivile vart drepne og 3 674 vart såra.[24] Lidingane til barna var enorme.[25]

Det var avgjerande for at Malta skulle overleva at forsyningar kom fram. Til dømes hadde ein konvoi i mars 1942 på fire handelsskip overlevd italienske krigsskip berre for å møta tyske bombefly med ein gong dei nærma seg Malta. Eit skip vart søkkt berre 30 km frå Malta, det neste sokk 12 km unna, medan dei to som var att nådde fram til jubel frå maltesarane, berre for å verta søkkt i hamna. Lukka snudde i august same året, då det amerikanske tankskipet SS Ohio greidde å koma fram. Skipet var vorte treft av torpedoar, bomber og til og med ein stupbombar, men overlevde med eit naudrop. Kostnadene var store: berre 5 transportar av 14 kom fram.[26]

Luftwaffe freista å auka bombinga i oktober, men dei allierte krafttaka i Midtausten byrja å syna verknadene sine. Stødt fleire forsyningar kom fram til Malta, og då aksemaktene i aukande grad vart overvunnen i Nord-Afrika vart omleiringa av Malta gjeven opp. Den infrastrukturen som var vorte bygd opp på Malta vart snudd frå forsvar til åtak. Jagarfly frå Malta deltok i den allierte invasjonen av Sicilia i byrjinga av juli 1943.

Sjølvstende[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen fekk dei maltesiske øyane sjølvstyre. Det maltesiske arbeidarpartiet (MLP) leidde av Dom Mintoff ynskte tettare integrering med Storbritannia, men nasjonalistpartiet (PN) leidde av dr. George Borg Olivier ynskte auka sjølvstende.

Malta har eit nasjonalt flyselskap som har vorte med på å auka kor viktig turisme har vorte for økonomien i landet.
Foto: Adrian Pingstone

I desember 1955 vart det halde ein rundebordskonferanse i London om framtida for Malta, der dei ovannemnde og andre maltesiske politikarar deltok i lag med den britiske koloniministeren. Den britiske regjeringa var viljug til å gjeva Malta representasjon i Underhuset, og ein del andre vedgåingar som var eineståande jamført med andre britiske koloniar. Den katolske kyrkja i lag med nasjonalistpartiet meinte at forhandlingsresultatet likevel ikkje var godt nok, og samtalane braut saman i 1958. Dei maltesiske innbyggjarane stødde sjølvstende.

Den 21. september 1964 vart Malta ein sjølvstendig stat, og denne datoen vert feira som sjølvstendedag, eller på maltesisk «Jum l-Indipendenza». Malta vart verande i Samveldet av nasjonar, og godkjende den britiske dronninga (formelt) som overhovudet til staten. Maltesisk pund vart døypt om til maltesisk lire og avslutta sambandet til britisk pund.

Arbeidarpartiet vann valet i 1971 med Dominic Mintoff som statsminister, og arbeidde for å losna banda til Storbritannia, og orienterte seg mot den arabiske verda, først og fremst Libya. Den 13. desember 1974 vart Malta ein republikk.

Ein visjon om ein sosialistisk stat fekk Arbeidarpartiet til å endra undervisinga frå tradisjonell katolsk til ein statleg og langt meir radikal undervisingsform.[27] Ei antikolonialistisk stemning førte òg til ein avvising av dei gamle militære banda til Storbritannia og USA, og dei siste britiske styrkane forlét Malta i 1979. I staden vende Malta seg mot den arabiske verda. Air Malta vart grunnlagt og flygarutdanninga vart utført i Saudi-Arabia. Same året søkte ein maltesisk delegasjon om investeringar frå Dei sameinte arabiske emirata. På 1980-talet snudde den politiske stemninga att. I 1982 vart Agatha Barbara den fyrste kvinnelege, og den tredje presidenten i landet. I 1987 kom det endelege skiftet då Nasjonalistpartiet kom til makta, og Eddie Fenech Adami vart statsminister.

Etter vala i 1987 og endringar i grunnlova søkte Malta å styrkja banda sine til Europa og USA. Malta vart medlem av Den europeiske union i mai 2004, og den 1. januar 2008 innførte Malta euro som nasjonal valuta. Maltesisk lire var gjeldande valuta fram til 1. februar 2008

Malta vart det fyrste EU-landet til å gjera rekreasjonell bruk av cannabis lovleg den 14. desember 2021.[28]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 islandofgozo.org/history Arkivert 22. august 2008 på Wayback Machine.
  2. Endemic elephants of the Mediterranean Islands: knowledge, problems and perspectives Arkivert 26. juni 2006 på Wayback Machine. (Rome 2001)
  3. Namnet vart etter segn gjeve av ein engelskmann sidan spora minte han om den store jarnbanestasjonen Clapham Junction i London. Sjå Megalithic.co.uk: Clapham Junction Cart Ruts
  4. «Clapham Junction». Arkivert frå originalen 10. juni 2015. Henta 13. september 2008. 
  5. Namnet er av nyare dato, tvinga på innbyggjarane på øya i 1887 av engelskmennene. I dag refererer dei til det gamle namnet, Rabat
  6. Saint Paul
  7. Byzantine and Muslim Malta (5th Century C.E. -1090) Arkivert 18. mai 2008 på Wayback Machine.
  8. The Empire’s End
  9. The Arabs
  10. Arab Heritage in Malta
  11. The Jews of Malta
  12. Teknisk er malteserkrosset et krossymbol for johannittarordenen, men namnet «maltesarkross» har festa seg. Det vart ikkje nøytt av ordenen i byrjinga. Opphavleg var det eit gresk kross med V-forma ender, den tradisjonelle forma med fire pilendar på endane, vart fyrst nøytt då riddarane etablerte seg på Malta. Sjå History of the Maltese Cross, as used by the Order of St John of Jerusalem Arkivert 15. september 2008 på Wayback Machine.
  13. Knights of Malta (1530–1798) Arkivert 18. mai 2008 på Wayback Machine.
  14. Knights of St. John
  15. Jackson, James: History's bloodiest siege used human heads as cannonballs (2007)
  16. Opplysningane for talet på åtakarane og verjarane er ymsande, sjå hovudartikkelen Den store beleiringen av Malta i 1565 for ei drøfting om kjeldene.
  17. The Great Siege
  18. Braudel, Fernand: The Mediterranean and the Mediterranean World in the Age of Philip II, vol. II ( University of California Press: Berkeley, 1995).
  19. The Egyptian Campaign of 1798 og Davis, S.L. (2000): The Jews In Malta
  20. Luke, Sir Harry (1949): Malta – An Account and an Appreciation. Great Britain: Harrap. Side 113.
  21. 21,0 21,1 The British
  22. History of Nursing in Malta [4 The British Period – World War I&II][daud lenkje]
  23. Finnmark i flammer
  24. «...a diet of three boiled sweets, half a sardine and a spoonful of jam a day», jfr. Fortress Malta: An Island under Siege 1940-1943 by James Holland
  25. BBC: Fact File - Siege of Malta
  26. Operation Pedestal and SS Ohio save Malta
  27. education.stateuniversity.com : Malta – History & Background
  28. Bubola, Emma (15. desember 2021). «Malta Becomes First E.U. Country to Legalize Marijuana». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Stephenson, Charles: The Fortifications of Malta 1530-1945. Great Britain: Osprey Publishing Ltd., 2004
  • Attard, Joseph: Britain and Malta. Malta: PEG Ltd88.
  • Luka, Sir Harry: Malta – An Account and an Appreciation. Great Britain: Harrap, 1949
  • Elliot, Peter: The Cross and the Ensign. Great Britain. Patrick Stephens. 1980

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]