Bani Zeid al-Sharqiya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°02′N 35°10′E
Bani Zeid al-Sharqiya
بني زيد الشرقية, Bani Zayd ash-Sharqiyya
kommune
Namneopphav: Aust-Bani Zeid
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 32°02′N 35°10′E
Folketal 5 083 (2007)
Borgarmeister Abd al-Rahman al-Nubani
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Bani Zeid al-Sharqiya

Bani Zeid al-Sharqiya (arabisk بني زيد الشرقية) er ein palestinsk by nord på Vestbreidda, nord for Ramallah i Ramallah og al-Bireh guvernement. Han vart danna då landsbyane 'Arura,[1] Mazari al-Nubani og Abwein, sjølv om sistnemnde ligg fråskild frå kommunen.[2] Bani Zeid al-Sharqiya ligg 3 km nord for Ajjul og andre stader i nærleiken er Deir as-Sudan i søraust, Kafr Ein i aust og Abwein i sørvest.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Bani Zeid.

Både Arura og Mazari al-Nubani var ein del av Bani Zeid underdistrikt i Jerusalem sanjak. Dei to landsbyane produsert i lag 99 qintar med olivenolje, det viktigaste jordbruksproduktet frå Bani Zeid.[4]

I 1596 stod 'Arura oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 62 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliventre, vindruer og frukttre, geiter og/eller bikubar.[5] Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen seint på 1800-talet, og han hadde då kring 350-400 innbyggjarar. Guerin observerte fragment av søyler og andre indikasjonar på at det var ein svært gammal stad.[6] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen, kalla Arara, som liten, i høgt lende og merkverdig fordi det låg fem heilage stader på vestsida av landsbyen.[7]

I 1945 var det samla landarealet 10 978 mål, og av dette var 26 utbygde område og 2 550 nytta til olivenlundar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. frå førenamnet 'Arura, i følgje Palmer, 1881, s. 225
  2. [1] Ministry of Local Government of the The Palestinian Territories. (ar)
  3. Satellite view of 'Arura
  4. Singer, 1994, s.78.
  5. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 112.
  6. Guérin, 1875, s. 170, delvis omsett i Conder og Kitchener, 1882, s. 303
  7. Conder og Kitchener, 1882, s. 289

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]