Deir Jarir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°57′52″N 35°17′45″E
Deir Jarir
دير جرير
landsby
DeirJarir7048.JPG
Namneopphav: Jerir-klosteret eller Jerir-huset[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
guvernement Ramallah og al-Bireh
Koordinatar 31°57′52″N 35°17′45″E
Areal 33,4 km²
Folketal 3 986 (2007)
Folketettleik 119 / km²
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Deir Jarir

Deir Jarir (arabisk دير جرير) er ein palestinsk jordbruksby i Ramallah og al-Bireh guvernement, sentralt på Vestbreidda, 11 kilometer nordaust for Ramallah. Han ligg på ein åstopp oppom Jordandalen i ei høgd på 900 meter over havet.[2] I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde Deir Jarir eit folketal på kring 3 986 innbyggjarar i 2006.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet tyder Jerir-klosteret eller Jerir-huset, kalla opp etter den arabiske diktaren Jarir.[1]

I 1596 stod landsbyen oppført (med namnet Dar Jarir) i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 23 hushaldningar, alle muslimar. Skattar vart betalte for kveite, bygg, oliven, vindruer, frukttre, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.[4]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1860-åra, og estimerte at han hadde kring 200 innbyggjarar.[5] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Dar Jerir som «ein mellomstor landsby, med gamle graver i sør, og ei kjelde i vest; nokre få oliventre på same side.»[6]

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde landsbyen, då kalla Dair Ijreer, eit folketal på 739, alle muslimar.[7] I folketeljinga i 1931 var folketalet i Deir Jarir 847, framleis berre muslimar, i 172 busette hus.[8]

I 1945 var folketalet i Deir Jarir 1 080, alle arabarar, som eigde 33 161 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[9] 3 091 mål var plantasjar og irrigert land, 6 499 nytta for korn,[10] medan 40 mål var utbygd (urbant) land.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Palmer, 1881, s. 228
  2. About Deir Jarir Village The Applied Research Institute - Jerusalem. 30. mars 2015.
  3. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.113.
  4. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 113.
  5. Guérin, 1869, s. 44, and Guérin, 1874, s. 208
  6. Conder og Kitchener, 1882, s. 291
  7. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table VII, Ramallah underdistrikt. 
  8. E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine. s. 48. 
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Centre, 1970, s. 161

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]