Deir Dibwan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°54′39″N 35°16′14″E
Deir Debwan
دير دبوان, Deir Debwan, Dayr Debwan
kommune
DeirDibwan.jpg
Namneopphav: Divanklosteret[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 31°54′39″N 35°16′14″E
Folketal 5 252 (2006)
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Deir Dibwan

Deir Dibwan (arabisk دير دبوان) er ein palestinsk by i Ramallah og al-Bireh guvernement, sentralt på Vestbreidda 7 kilometer aust for Ramallah. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på kring 5 252 innbyggjarar i 2006.[2] Deir Dibwan vart bygd nær ruinane av Et-Tell.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Ordet Deir tyder kloster (kyrkje eller tempel) og ordet dibwan kjem frå namnet på «divan» eller eit råd. Han har òg blitt kalla Deir Dubwan, der Dubwan er eit eigennamn.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Et-Tell er ein haug som ligg like vest for landsbyen.

Seint i osmansk tid, i 1838, skildra den amerikanske vitskapsmannen Edward Robinson Deir Dibwan som «forholdsvis velståande» og det vart produsert store mengder fiken.[3]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i juli 1863, og estimerte at han hadde 500 innbyggjarar, liggjande på ei steinete slette. Det høgaste punktet på sletta var dekt av ruinane av eit gammalt bygg, som folk kalla Ed-Deir (klosteret). Han noterte òg fleire cisterner hogde ut i berget, som han meinte var datert til antikken.[4]

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Deir Diwan som ein «stor og velhalden steinlandsby, på flatt lende med ein kupert dal i nord og ope lende i sør. Det ligg nokre få oliventre kring staden. Ein del av innbyggjarane er kristne.»[5]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde landsbyen, kalla Dair Dilwan, eit folketal på 1 382, alle muslimar,[6] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 384 busette hus og eit folketal på 1688, framleis alle muslimar.[7]

I 1945 var folketalet 2 080, alle arabarar, medan det samla landarealet var 73 332 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 5 052 for plantasjar og irrigert land, 10 695 for korn,[9] medan 164 mål var klassifisert som utbygde område.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Palmer, 1881, s. 293
  2. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.114.
  3. Robinson and Smith, 1841, s. 118 ff, 312
  4. Guérin, 1869, s. 53-54
  5. Conder og Kitchener, 1883, s. 9
  6. Barron, 1923, Table VII, Ramallah underdistrikt, s. 16
  7. Mills, 1932, s. 48.
  8. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 161

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]