Jalazone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jalazone-leiren
مخيّم الجلزون, al-Jalazun-leieren, al-Jalazoun-leiren
flyktningleir
Jalazone-leieren sett frå vegen frå Jifna i 2009, Khaldun Bshara
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 31°57′07.15″N 35°12′41.58″E / 31.9519861°N 35.2115500°E / 31.9519861; 35.2115500
Areal 0,25 km²
Folketal 14 520  (2007)
Folketettleik 58 080 / km²
Kart
Jalazone
31°57′07″N 35°12′42″E / 31.951986111111°N 35.21155°E / 31.951986111111; 35.21155
Wikimedia Commons: Jalazone

Jalazone (arabisk مخيّم الجلزون) er ein palestinsk flyktningleir i Ramallah og al-Bireh guvernement, 7 km nord for Ramallah og like ved landsbyen Jifna i nord, Deir Dibwan i aust, Bir Zeit i vest og den israelske busetjinga Beit El i søraust. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde Jalazone eit folketal på kring 8 700 innbyggjarar i 2006.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jalazone vart grunnlagd i 1949 på 253 mål land, som følgje av palestinsk utvandring etter den arabisk-israelske krigen i 1948. Som alle offisielle flyktningleirar på Vestbreidda, leigde SNs hjelpeorganisasjon (UNRWA) landet frå Jordan. Det meste av området var statseigd før kjøpet, medan resten høyrte til forskjellige landsbyar i nærleiken.[2] Etter Osloavtalen mellom Den palestinske sjølvstyresmakta (PNA) og Israel, vart styret av Jalazone overført til PNA medan Israel framleis hadde tryggleiksansvaret. UNRWA yter òg tenester i leiren.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]