Al-Midya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°56′08.91″N 35°00′18.91″E
al-Midya
المديه, al-Midyah
kommune
Midya5070.JPG
al-Midya frå aust
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 31°56′08.91″N 35°00′18.91″E
Areal 0,9 km²
Folketal 1 301 (2007)
Folketettleik 1 446 / km²
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Al-Midya

al-Midya (arabisk المديه) er ein palestinsk landsby i Ramallah og al-Bireh guvernement nord på Vestbreidda, 20 kilometer vest for Ramallah. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen 1301 innbyggjarar i 2007.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den gamle landsbyen ligg ved Ras al-Midya, søraust for landsbyen, der ein har funne keramikk frå jernalderen og seinare periodar. Han vart visstnok nemnt av Ishtori Haparchi under mamelukkane.[2]

Osmans tid[endre | endre wikiteksten]

Al-Midya vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelister som ein del av Ramla nahiya i Gaza liwa. Han hadde eit folketal på 25 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar eller oliven eller frukttre, og ei presse for oliven eller druer.[3]

I 1870 vitja Victor Guérin landsbyen og meinte at ruinane her var graver etter makkebarane.[4] Men Clermont-Ganneau gjorde omfattande utgravingar seinare og fann kristne krossar i dei eldste delane av den største strukturen. Han konkluderte med at ruinane var frå 400-talet eller seinare, i bysantinsk tid.[5]

I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Midieh som ein ganske stor landsby med hus anten bygd av adobe eller stein. I nord låg ein liten olivenlund, i sør ein tank. Det «raraste» dei fann vart kalla er Ras. Det var ein høg, kjegleforma knaus, med ein muqam på toppen, og graver hogde ut i sidene.[6]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i Palestina i 1922, utført av dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Midya ein muslimsk folksetnad på 245 innbyggjarar,[7] og dette auka i folketeljinga i 1931 til 286, framleis alle muslimar, 59 hus.[8]

I 1945 var folketalet i el Midya 320 arabarar, som eigde 7 020 mål med land i følgje ei offisiell måling.[9] Av dette var 688 mål plantasjar og irrigert land, 2 304 mål for kornåkrar,[10] medan 8 mål var utbygd (urban) område.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 2007 PCBS Census. Palestinian Central Bureau of Statistics. p.113.
  2. Finkelstein and Lederman, 1997, pp. 133-134
  3. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, p. 154
  4. Guérin, 1875, pp. 404- 13, 415-26
  5. Clermont-Ganneau, 1996, pp. 89, 219, 244, 358-374, (pic) 470 476
  6. Conder and Kitchener, 1882, SWP II, pp. 297-298
  7. Barron, 1923, Table VII, Sub-district of Ramleh, p. 21
  8. Mills, 1932, p.67
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, p. 67
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, p. 116
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, p. 166

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]