Ajjul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ajjul
عجّول, 'Ajjul, Ajoul
kommune
Namneopphav: Calves[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 32°01′22″N 35°10′49″E / 32.02278°N 35.18028°E / 32.02278; 35.18028
Areal 6,6 km²
Folketal 1 237  (2006)
Folketettleik 187 / km²
Borgarmeister Moussa Moussa
Kart
Ajjul
32°01′22″N 35°10′49″E / 32.022777777778°N 35.180277777778°E / 32.022777777778; 35.180277777778
Wikimedia Commons: Ajjul

Ajjul (arabisk skrift عجّول) er ein palestinsk landsby i Ramallah og al-Bireh guvernement nord på Vestbreidda, kring 19 kilometer nord for Ramallah. Det er to arkeologiske stader (khirbet) aust for landsbyen. Ein av desse er tileigna ein tidlegare innbyggjar i Ajjul, sjeik Abdul.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ajjul ligg 500 meter over havet. Han ligg kring 20 kilometer nordvest for byen Ramallah. Andre byar i nærleiken er Abwein i nordaust, 'Arura i nord og 'Atara i sørvest.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ajjul er ein landsby som ligg på ein eldgammal stad. Det er funne graver hogde inn i fjellet, og arkitektoniske element er nytta om att i ein moské.[3] Ein har òg funne potteskar frå jernalderen, persarane, grekarane, romarane og austromarane, krossfararane/ajjubidane, mamelukkane og dei tidlege osmanarane.[4] Ajjul er blitt identifisert som ein stad krossfararane kalla Gul.[5]

Ein moské i landsbyen har ein inskripsjon i sørveggen som er datert til 1196.

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 79 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, vindruer og frukttre, oliven, geiter og/eller bikubar.[6]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen, som han kalla A'djoul, i 1870, og estimerte at han hadde kring 300 innbyggjarar. Kring Ajjul fann han svære fiken- og johannesbrødtre, i tillegg til granateple, morbær og aprikos-tre.[7] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Ajul som «ein mellomstor landsby, med ein brunn. Han ligg i høgt lende, med oliven rundt, og gamle graver. Ein eldgammal veg fører fram til staden i sør.»[8]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Ajjul eit folketal på 202, alle muslimar.[9] Under folketeljinga i 1931 hadde Ajjul had 79 busette hus og eit folketal på 292, framleis alle muslimar.[10]

I 1945 var folketalet 350, alle arabarar.[11] I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde Ajjul eit folketal på 1 450 innbyggjarar i 2006.[12]

I 1945 hadde landsbyen eit samla areal på 15 007 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[11] Av dette var 3 507 for plantasjar og irrigert land, 863 for korn,[13] medan 14 mål var klassifisert som utbygde område.[14]

Etter 1948[endre | endre wikiteksten]

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949 kom Ajjul under Jordan sitt styre.

Etter seksdagarskrigen i 1967 har Ajjul vore under israelsk okkupasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 224
  2. Ajjul Village Ajjul Village Council. (Translated from Arabic)
  3. Dauphin, 1998, s. 824
  4. Finkelstein et al, 1997, s. 415
  5. Röhricht, 1887, s. 223, sitert i Finkelstein et al, 1997, s. 415
  6. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 117.
  7. Guérin, 1875, s. 169-170
  8. Conder og Kitchener, 1882, s. 289
  9. Barron, 1923, Table VII, Ramallah underdistrikt, s. 16
  10. Mills, 1932, s. 47.
  11. 11,0 11,1 Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64
  12. Projected Mid -Year Population for Ramallah & Al Bireh guvernement by Locality 2004- 2006 Palestinsk statistisk sentralbyrå.
  13. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111
  14. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 161

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]