Kharbatha Bani Harith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°56′43″N 35°04′21″E
Kharbatha Bani Harith
خربثا بني حارث, Kharbatha al-Harithiyya
kommune
Namneopphav: Ruinane av Harithsønene[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 31°56′43″N 35°04′21″E
Areal 7,12 km²
Folketal 2 846 (2007)
Folketettleik 400 / km²
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kharbatha Bani Harith

Kharbatha Bani Harith (arabisk خربثا بني حارث) er ein palestinsk by sentralt på Vestbreidda, 15 kilometer vest for Ramallah i Ramallah og al-Bireh guvernement. Namnet på byen er truleg ei forvansking av Khirbat Bani Harith. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 2 846.[2] I nærleiken ligg Bil'in i sør, Ras Karkar i aust, og Deir Qaddis i vest.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje ei osmansk folketeljing i 1596 hadde Kharbatha i alt 29 muslimske og fire kristne familiar.[3][4]

I 1882 skildra «Survey of Western Palestina» landsbyen, kalla Khurbetha Ibn Harith, som mellomstor med ein brunn i vest, «i høgt lende mellom oliventre.»[5]

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Kharbata eit folketal på 338, alle muslimar.[6] I folketeljinga i 1931 hadde dette auka til 469, framleis alle muslimar, i 102 busette hus.[7]

I 1945 var folketalet i Kharbata 650, alle arabarar, som eigde 7 120 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[8] 2 788 mål var plantasjar og irrigert land, 591 nytta for korn,[9] medan 9 mål var utbygd (urbant) land.[10]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 237
  2. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.114.
  3. Petersen, Andrew. The Towns of Palestine Under Moslem Rule 600-1600.
  4. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 155
  5. Conder og Kitchener, 1882, II, s. 294
  6. Barron, 1923, Table VII, Underdistrikt of Ramleh
  7. Mills, 1932, s. 21
  8. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 67
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 115
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 165

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]