Beit Ur al-Fauqa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°53′09″N 35°06′51″E
Beit Ur al-Fauqa
بيت عور الفوقا, Bayt ’Ur al-Fauqa, Beit ’Ur al-Foqa
kommune
PikiWiki Israel 9676 matat look-out in bet-horon.jpg
Namneopphav: Det øvre Ur-huset[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 31°53′09″N 35°06′51″E
Folketal 864 (2007)
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Beit Ur al-Fauqa

Beit Ur al-Fauqa (arabisk skrift بيت عور الفوقا) er ein palestinsk landsby i Ramallah og al-Bireh guvernement nord på Vestbreidda, 14 km aust for Ramallah og 3 km søraust for Beit Ur al-Tahta. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde han 864 innbyggjarar i 2007.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Beit Ur al-Fauqa hra bevart delar av det originale kanaanittiske namnet på landsbyen,[3] og har blitt identifisert som staden Øvre Bethoron.[4] Arkeologiske funn indikerer at Nedre Bethoron (Beit Ur al-Tahta) vart grunnlagd før Øvre Bethoron; potteskar som er funne i Beit Ur al-Fauqa er dater frå jernalderen og framover, medan potteskar frå den nedre landsbyen er datert frå sein bronsealder.[3] Ein stor birkeh (dam) nordaust i landsby er hogd ut i berget.[5]

Hashmonarane stoppa hellenarane to gonger på veg mot Jerusalem i Øvre Bethoron. I eit tredje forsøk, klarte Bakkhides å slå hashemonane og bygge ei borg i dette strategiske passet.[6] Det var i dalane nær Bethoron at den 12. romerske legionen under Cestius Gallus vart øydelagd i 66 evt. i starten på det store jødiske opprøret.[7] Etter at det jødiske opprøret var over i 70 evt., bygde romarane ei festning i byen for å vakte over vegen inn til Jerusalem.[6] Seint i romartida og under austromarane, vart Beit Ur al-Fauqa mindre viktig og hadde blitt ein liten landsby på 400-talet.[8]

Landsbyen er blitt identifisert som Bethoron Superior eller Vetus Betor i krossfarartida. Dronning Melisende av Jerusalem gav landsbyen som eit len til Mar Saba. I 1165/64 vart han seld til prestane i Den heilage grav-kyrkja.[9][10] Ruinane av eit tårn, Al-Burj, i landsbyen er datert til denne tida.[10][11]

Ein arabisk inskripsjon med eit vers frå Koranen vart funnen i ruinane av ein steinstruktur i Beit Ur al-Fauqa, som Moshe Sharon meinte kom frå tida då ajjubidane herskar i Palestina.[8]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Beit Ur al-Fauqa vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i skattelistene i 1596, var landsbyen oppført i skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 5 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, geiter og/eller bikubar.[12]

Flyfoto av Beit Ur al-Fauqa, 1931

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863, og han estimerte eit folketal på kring 150 innbyggjarar, og skildra omliggande hagar medoliventre. Han noterte òg ruinane av ei lita borg.[13] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Beit Ur Al Foka som «ein liten landsby bygd av stein på enden av utstikkar frå ei høgd. Lendet er særs bratt i vest. Vassforsyninga er kusntig, og i nord og sør ligg djupe dalar. Ein har flott utsyn mot vest, inkludert havet, slettene i Lydda og Ramleh, og delar av Ajalondalen[14]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Beit 'Ur al-Fuqa eit folketal på 147, alle muslimar.[15] Under folketeljinga i 1931 hadde Beit 'Ur al-Fauqa 47 busette hus og eit folketal på 173, framleis alle muslimar.[16]

I 1945 var folketalet 210, alle arabarar, medan det samla landarealet var 3 762 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[17] Av dette var 989 for plantasjar og irrigert land, 1 277 for korn,[18] medan 26 mål var klassifisert som utbygde område.[19]

Etter 1948[endre | endre wikiteksten]

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 og våpenkvileavtalen i 1949 var Beit Ur al-Fauqa under Jordan sitt styre.

Sidan seksdagarskrigen i 1967 har Beit Ur al-Fauqa vore under israelsk okkupasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 287
  2. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.115.
  3. 3,0 3,1 Eugenio Alliata (19. desember 2000). «Bethoron (Bayt Ur)». Studium Biblicum Franciscanum. Henta 5. september 2015. 
  4. John Gray (January 1949). «The kanaanitt God Horon». Journal of Near East Studies 8 (1): 27–34. JSTOR 542437. doi:10.1086/370902. 
  5. Conder og Kitchener, 1883, s. 86
  6. 6,0 6,1 Sharon, 1999, s. 165
  7. Goodman, Martin. (2007). Rome and Jerusalem; The Clash of Ancient Civilizations. s. 14.
  8. 8,0 8,1 Sharon, 1999, s. 166
  9. de Roziére, 1849, s. 279, sitert i Röhricht, 1893, RRH, s. 106-107, No 409
  10. 10,0 10,1 Pringle, 1997, s. 29
  11. Beyer, 1942 identifiserte Vetus Betor med Beit Ur al-Tahta, i følgje Finkelstein et al, 1997, s. 304
  12. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 112
  13. Guérin, 1868, s. 346-347
  14. Conder og Kitchener, 1883, s. 17
  15. Barron, 1923, Table VII, Ramallah underdistrikt, s. 16
  16. Mills, 1932, s. 47.
  17. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64
  18. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111
  19. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 161

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]