Kharbatha al-Misbah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°53′30″N 35°04′18″E
Kharbatha al-Misbah
خربثا المصباح, Kharbatha al-Misbah, Khirbet al-Misbah, Khurbetha ibn es Seba
kommune
Khirbat Misbach.jpg
Namneopphav: Ruinane av sonen av villdyret, eller «dei sju»[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 31°53′30″N 35°04′18″E
Areal 4,4 km²
Folketal 5 211 (2007)
Folketettleik 1 184 / km²
Borgarmeister Sa'di Jabir Ibrahim Daraj[2]
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kharbatha al-Misbah

Kharbatha al-Misbah (arabisk خربثا المصباح) er ein palestinsk by sentralt på Vestbreidda, 15 km vest for Ramallah i Ramallah og al-Bireh guvernement. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 5 211 i 2007.[3] I nærleiken ligg Beit Liqya i sør og Beit Ur at-Tahta i aust. Han vart styrt som ein landsbykommune.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1883 skildra «Survey of Western Palestina» landsbyen, som då vart kalla Khurbetha ibn es Seba, som «ein liten landsby på ein rygg, med ein brunn i aust.»[5]

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Kherbet al-Mesbah eit folketal på 369, alle muslimar.[6] I folketeljinga i 1931 hadde dette auka til 488, framleis alle muslimar, i 121 busette hus.[7]

I 1945 var folketalet i Khirbat el Misbah 600, alle arabarar, som eigde 4 438 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[8] 1 026 mål var plantasjar og irrigert land, 2 133 nytta for korn,[9] medan 25 mål var utbygd (urbant) land.[10]

Det ligg to moskéar i byen: Omri-moskeen og al-Kawthar-moskeen. Den førstenemnde vart bygd over ruinane av ei eldgammal kyrkje og renovert i 1965. Innafor kommunegrensa ligg eldgamle romerske graver og jødiske synagoger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 313
  2. Vestbreidda Local Elections ( Round two)- Successful candidates by local authority, gender and No. of votes obtained, Kharbatha Misbah p 22
  3. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.113.
  4. Historie of the Village Palestina Remembered.
  5. Conder og Kitchener, 1882, III, s. 15
  6. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table VII, Ramallah underdistrikt. 
  7. E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine. s. 50. 
  8. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 65
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 112
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 162

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]