Qibya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Qibya
قبية
kommune
Namneopphav: Kuppelforma[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 31°58′39″N 35°00′35″E / 31.97750°N 35.00972°E / 31.97750; 35.00972
Areal 16,5 km²
Folketal 4 901  (2007)
Folketettleik 297 / km²
Borgarmeister Fahmi Makhtub
Kart
Qibya
31°58′39″N 35°00′35″E / 31.9775°N 35.009722222222°E / 31.9775; 35.009722222222
Wikimedia Commons: Qibya

Qibya (arabisk skrift قبية, hebraisk skrift קיביה) er ein palestinsk landsby på Vestbreidda, 30 km nordvest for Ramallah og rett nord for den store israelske byen Modi'in. Han er ein del av Ramallah og al-Bireh guvernement, og hadde i følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå eit folketal på kring 4 901 i 2007.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er funne potteskar frå Romarriket, Austromarriket, mamelukkane og tidleg osmansk tid i landsbyen.[3]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Qibya vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i skattelista frå 1596 låg landsbyen i Ramla nahiya i Gaza liwa. Han hadde berre muslimske innbyggjarar fordelt på 29 hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, frukttre, linser, geiter og/eller bikubar og ei presse for oliven eller druer.[4]

I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen (då kalla Kibbiah), som «ei særs lita grend med oliventre, i høgt lende».[5]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde landsbyen (kalla Kibbia) eit folketal på 694, alle muslimar.[6] I folketeljinga i 1931 var folketalet i Qibya 909, framleis alle muslimar, i 204 busette hus.[7]

I 1945 var folketalet i Qibya 1 250, alle arabarar, som eigde 16 504 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[8] 4 788 mål vart nytta for korn,[9] medan 32 mål var utbygd (urbant) land.[10]

Etter 1948[endre | endre wikiteksten]

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, kom Qibya under jordansk styre.

Massakre[endre | endre wikiteksten]

I oktober 1953 var Qibya målet for eit israelsk raid som vart kjend som Qibya-massakren. Denne vart utført av Eining 101, kommandert av Ariel Sharon. 67 eller 69 uvæpna sivile vart drepne og store delar av landbyen øydelagd. Den 18. oktober 1953 gav det amerikanske utanriksdepartementet ut ei pressemelding der dei uttrykte si «djupaste medkjensle for familiane til dei som mista liva sine» i Qibya i tillegg til at dei ansvarlege «bør haldast ansvarleg og effektive tiltak bør gjerast for å hindre slike hendingar i framtida.»[11] USA suspenderte all økonomisk støtte til Israel for ein periode.

Etter seksdagarskrigen i 1967 har Qibya vore under israelsk okkupasjon.

Qibya hamna i søkelyset til media igjen under valkampanjen i Israel i 2001, då Sharon vart den neste israelske statsministeren.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 237
  2. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.113.
  3. Finkelstein et al, 1997, s. 174
  4. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 153
  5. Conder og Kitchener, 1882, s. 297
  6. Barron, 1923, Table VII, Underdistrikt of Ramleh
  7. Mills, 1932, s. 22
  8. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 68
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 116
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 166
  11. The Department of State issued a statement on Oct. 18, 1953 (Department of State Bulletin, Oct. 26, 1953, s. 552).
  12. Guardian From butcher to 'Lion' to Prime Minister in Israel av Jason Burke 4. februar 2001

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]