Beitin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beitin
بيتين, Baytin, Bittin
kommune
Beitin, 2011
Namneopphav: forvansking av det hebraiske «Bethel»,[1] Guds hus[2]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 31°55′42″N 35°14′18″E
Areal 4,8 km²
Folketal 2 143  (2007)
Folketettleik 446 / km²
Grunnlagd Tidleg på 1800-talet
 - Bystatus 1996
Borgarmeister Tawfiq Musa Al-Hajya (Abu-Mazen)
Kart
Beitin
31°55′42″ N 35°14′18″ E
Wikimedia Commons: Beitin

Beitin (arabisk بيتين Bitīn) er ein palestinsk by i Ramallah og al-Bireh guvernement, sentralt på Vestbreidda, 5 km nordaust for Ramallah langs Ramallah-Nablus-vegen. Dei palestinsk byane Dura al-Qar' og Ein Yabrud ligg i nord, Rammun i aust, Deir Dibwan i søraust og al-Bireh i sørvest. Den israelske busetjinga Beit El ligg nordvest for Beitin.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Det ligg fleire kjelder kring Beitin, som er kjend for dyrking av oliven, mandel, fiken og plommer.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oldtida[endre | endre wikiteksten]

Det er datert busetjinagr i Beitin attende til kalkolittisk tid. I 1950 avdekte arkeologiske utgravingar flint reiskap, keramikk og dyrebein frå den tida. I tidleg bronsealder (kring 3200 fvt.) var nomadiske folk busett i området. Kanaanittiske graver, hus og olivenpresser vart oppdaga nord og søraust for landsbyen. Det vart òg grave fram ruinane av eit kanaanittisk tempel.[4] I mellombronsealderen (kring 1750 fvt.) vart landsbyen ein kanaanittisk by med festning, som ein trur hadde namnet Luz.[3][5] Det er grave fram to byportar frå denne tida, ein i nordaust og ein nordvest for muren.[4] Eit andre tempel vart bygd i Luz på denne tida, men øydelagd under eit jordskjelv.[4]

Beitin er blitt identifisetr som den bibelske Betel,[2] staden der Jakob søv og drøymde om englane som kom opp og ned ein stige (Første Mosebok 28:19).[6] Somme forskarar meiner at Betel låg ved ruinane kring Beitin.[7]

I følgje ei jødisk segn møtte Jakob Gud i Luz og kalla byen Betel eller «Guds hus.»

Bysantinsk tid[endre | endre wikiteksten]

Ruinane av al-Burj i 1935.

I bysantinsk tid, var det årlege festivalar i Betel den 18. oktober. Folkesetnaden var austleg ortodokse kristne og munkar frå Sinaihalvøya, særleg Zosimas frå Palestina, var kjend for å vitje byen. Kyrkja fall i ruinar etter at den islamske Rashidunarmeen erobra området, men ho vart bygd opp att av krossfararane på 1100-talet.[5] I krossfarartida vart landsbyen gjeven som eit len av Baldwin V av Jerusalem til Den heilage grav-kyrkja.[8] Etter krossfararane vart slått av ajjubidane under Saladin i 1187, vart kyrkja øydelagd og landsbyen fråflytta.[5]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Regionen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 og etter Beitin vart grunnlagd på ny kom han under Jerusalem mutasarrif («guvernement»).[9] Tidleg på 1800-talet flytta folk frå Transjordan og andre stader til Beitin[5][10] og bygde ein moské nær der den gamle kyrkja hadde stått.[11]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863, og estimerte at han hadde kring 400 innbyggjarar.[12]

I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i «Survey of Western Palestine» Beitin som ein landsby «bygd på sida av ein flat utstikkar som stig opp i nord. I søraust ligg ein flat dal, med gode fiken- og granateple-hagar, og det veks andre fikentre kring landsbyen og mellom husa. Husa er i dårleg stadnd, med grove steinmurar. Det står eit kvitt, firkanta hus, som er synleg på stor avstand. Lendet er særs ope og bakkane slake. Landsbyen heller gradvis mot søraust. Området rundt er ganske bert. Ruinane av eit stort tårn ligg mot nord, og i sør ligg murane av ei kyrkje frå krossfarartida, ein gong tileigna St. Josef. Folketalet er 400. Staden har ei fin kjelde i sør.» [13]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1922 hadde Baitin eit folketal på 446; alle muslimar,[14] som i folketeljinga i 1931 auka til 566, framleis alle muslimar, i 135 hus.[15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 226
  2. 2,0 2,1 Edward Robinson, Biblical Researches in Palestine, 1838–52
  3. 3,0 3,1 «palestinsk Cultural Sites: Beitin-Ramallah». Jerusalem Media and Communications Sentral (JMCC). Arkivert frå originalen 10. mars 2007. Henta 5. september 2015. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Site of the Week: Beitin». This Week In Palestina. 9. juli 2007. Arkivert frå originalen 26. april 2012. Henta 5. september 2015. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Luza, also Bethel - (Beitin) Arkivert 2013-10-03 ved Wayback Machine. Studium Biblicum Franciscanum - Jerusalem. 2000-12-19.
  6. Easton, 1893, s. 94
  7. Trisdam, 1865, s. 164-166
  8. Conder og Kitchener, 1883, s. 11
  9. «palestinsk Places: Beitin». Jerusalem Media and Communications Sentral (JMCC). Henta 5. september 2015. 
  10. Lutfiyya, 1966, s. 36
  11. Visit Palestina: Bittin Visit Palestina.
  12. Guérin, 1869, s. 14-26
  13. Conder og Kitchener, 1882, s. 295-296
  14. Barron, 1923, Table VII, Ramallah underdistrikt, s. 16
  15. Mills, 1932, s. 47

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]