Turmus Ayya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°02′09″N 35°17′10″E
Turmus 'Ayyā
ترمسعيّا, Turmus'ayyeh, Tourmous Ayyeh
kommune
Turmus Ayya118 1863.JPG
Namneopphav: Thormasia[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 32°02′09″N 35°17′10″E
Areal 17,6 km²
Folketal 3 736 (2007)
Folketettleik 212 / km²
Borgarmeister Mohammed Ibrahim
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Turmus Ayya

Turmus Ayya (arabisk ترمسعيّا, hebraisk skrift תורמוס עיא) er ein palestinsk by som ligg i Ramallah og al-Bireh guvernementVestbreidda. I området rundt ligg landsbyane Sinjil (سنجل), Khirbet Abu Falah (خربة ابو فلاح) og den israelske busetjinga Shilo. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde han eit folketal på 3 736 i 2007.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Turmus Ayya i 2007.

Turmus Ayya ligg 22 km nordaust for byen Ramallah. Han dekkjer kring 18 kvadratkilometer og ligg 720 moh. Han er den nordlegaste byen i Ramallah-distriktet. Turmus Ayya har same klima som resten av det sentrale Vestbreidda, med regn om vinteren, og tørre, varme somrar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1596 var Turmus Ayya oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 43 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliventre, vindruer, frukttre, geiter og/eller bikubar.[3]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1870, og fann her eldgamle cisterner, hus bygde av tilskjerte steinar, ein øydelagd overliggar med ein krans inngravert og fragment av ei søyle.[4] Han skreiv vidare at landsbyen hadde kring 700 innbyggjarar, og vart styrt av to sjeikar og delt inn i to forskjellige område. Somme av dei gamle cisternene var nesten tørre, og kvinnene måtte hente vatn anten frå Ain Siloun eller Ain Sindjel.[5]

Palestine Exploration Fund skildra i Survey of Western Palestine i 1882 Turmus 'Aya som «ein landsby på ei låg høgd, med ei frodig slette, og ei kjelde i sør. Landsbyen er mellomstor, og omgjeve av frukttre. I sør, ved foten av høgda, ligg ein i augefallande kvit kuppel over den heilage staden.»[6]

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Turmus Ayya eit folketal på 707, alle muslimar,[7] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 185 busette hus og eit folketal på 717, alle muslimar, utanom éi kristen kvinne.[8]

I 1945 var folketalet 960, alle arabarar, medan det samla landarealet var 17 611 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[9] Av dette var 3 665 for plantasjar og irrigert land, 7 357 for korn,[10] medan 54 mål var klassifisert som utbygde område.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 246
  2. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.112.
  3. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 113.
  4. Guérin, 1875, s. 28, som omsett i Conder og Kitchener, 1882, s. 378
  5. Guérin, 1875, s. 28
  6. Conder og Kitchener, 1882, s. 292
  7. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table VII, Ramallah underdistrikt. 
  8. Mills, 1932, s. 51.
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 65
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 113
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 163

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]