Burqa i Ramallah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°53′45″N 35°15′15″E
Burqa
بُرقة
kommune
Burqa6939.JPG
Burqa-moskeen frå nord
Namneopphav: Flekkete bakke[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 31°53′45″N 35°15′15″E
Folketal 2 090 (200)
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Burqa, Ramallah

Burqa (arabisk بُرقة) er ein palestinsk by i Ramallah og al-Bireh guvernement, 6 km aust for Ramallah nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde byen eit folketal på kring 2 090 innbyggjarar i 2007.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1596 stod Burqa oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 28 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, frukttre, geiter og/eller bikubar.[3]

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Burkah som «ein ganske stor landsby i høgd lende i ei berr åsside, med ei kjelde i dalen i sør.»[4]

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Burqa eit folketal på 268, alle muslimar,[5] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 66 busette hus og eit folketal på 320, framleis alle muslimar.[6]

I 1945 var folketalet 380, alle arabarar, medan det samla landarealet var 6 001 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[7] Av dette var 1 297 mål for plantasjar og irrigert land, 2 460 for korn,[8] medan 22 mål var klassifisert som utbygde område.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 292
  2. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.112.
  3. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 112
  4. Conder og Kitchener, 1883, s. 9
  5. Barron, 1923, Table VII, Underdistrikt of Ramleh
  6. Mills, 1932, s. 48.
  7. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64
  8. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 161

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]