Jifna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jifna
جفنا, Jufna, Gifna
kommune
Namneopphav: Gophna[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 31°57′43″N 35°12′56″E / 31.96194°N 35.21556°E / 31.96194; 35.21556
Areal 6,0 km²
Folketal 1 716  (2007)[2]
Folketettleik 286 / km²
Borgarmeister Gabi Na'im Kamil[3]
Kart
Jifna
31°57′43″N 35°12′56″E / 31.961944444444°N 35.215555555556°E / 31.961944444444; 35.215555555556
Wikimedia Commons: Jifna

Jifna (arabisk جفنا, Jifnâ) er ein palestinsk landsby i Ramallah og al-Bireh guvernement, sentralt på Vestbreidda i Palestina, 8 km nord for Ramallah og 23 km nord for Jerusalem. Landsbyen har kring 1 400 innbyggjarar,[4] og har hatt ein kristen majoritet sidan 500-talet evt. Jifna vert styrt som ein landsbykommune.

Jifna var kjend som Gophnah under den første jødisk-romerske krigen, og etter erobringa vart han ein romersk regionshovustad. Seinare vart byen mindre viktig, men blømde under bysantinsk og arabisk styre på grunn av plasseringa langs ei handelsrute. St. Georg-kyrkja vart bygd på 500-talet, men fall i ruinar og vart ikkje bygd opp at før krossfararanekom her på 1000-talet. Ho fall igjen i ruinar etter at krossfararane vart drivne bort av ajjubidane. I moderne tid har ruinane av St. Georg-kyrkja vorte ein turistattraksjon.[5] Under osmansk kontroll av Palestina var tårnet frå romartida i Jifna eit fengsel.[6]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Det vart føreslått av Edward Robinson at Jifna var Ophni der Benjamin kom frå, nemnt i Josvas bok som ein av dei «tolv byane.»[7][8] Ingenting er nemnt om denne byen i historia før den romerske erobringa av området i det første hundreåret fvt., då han dukkar opp i forskjellige kjelder som «Gophna». Gophna vart skildra av Flavius Josefus som den andre byen i Judea, etter Jerusalem, i skildringa hans av den første jødisk-romerske krigen i det første hundreåret evt. Byen vart avteikna som Gophna på Madabakartet, nord for Gibeon (al-Jib),[9] og vert òg nemnt i Talmud som Ben Gufnin, ein presteby».[5]

Romarane kalla han Cofna,[6] og han vart ein regionshovudstad i Iudaea provins under Romarriket.[5][10] [11] Kring 50 fvt. selde den romersk generalen Cassius innbyggjarane som slavar, fordi dei ikkje klarte å betale skatt. Dei vart sleppte fri av Marcus Antonius kort tid etter han kom til makta.[5] Jifna låg i området som Hananiah kommanderte i 66 evt., under den første jødisk-romerske krigen, og var hovudkvarteret til ein av dei tolv regionane i Judea. Den romerske keisaren Vespasian okkuperte byen i 68 evt., og sette opp ein garnison der, og sende jødiske prestar og andre adelege som hadde overgjeve seg til han, til denne byen.[5] Titus, den framtidige romerske keisaren, reiste gjennom Gophna på veg for å kringsetje Jerusalem i 70 evt.[12]

Bygginga av St. Georg-kyrkja på 500-talet evt. indikerer at Jifna på den tida, no under bysantinsk styre, hadde blitt ein kristen by. Utanom kyrkja finst det andre ruinar frå denne tida i Jifna, mellom anna ei jødisk grav, eit tårn (Burj Jifna) som osmanarane seinare nytta som fengsel, ein romersk villa, ei olivenoljepresse og ein vingard.[5]

Under muslimar, krossfarar og osmanarar[endre | endre wikiteksten]

Ei kvinne i Jifna vever på den tradisjonelle måten, 1921.

Jifna vart i lag med det meste av Palestina annektert av Rashidun-kalifatet under Umar ibn al-Khattab etter slaget ved Ajnadayn i 634.[13] Byen vart mindre politisk viktig under dei arabiske dynastia til omajadane, abbasidane og fatimidane, men var eit stort regionssenter for handel, på grunn av plasseringa langs vegen mellom Jerusalem og Nasaret. Arabarane kalla han Gafeniyyah.[5]

Den gamle kyrkja vart delvis bygd opp att med gamle materiale av krossfararane, som erobra området i 1099.[5] Krossfararane bygde ein stort atriumhus i Jifna. Det hadde ein monumental port med fallgitter, ein stor kvelva hall og tjukke murar med fint murarbeid.[14] Etter nederlaget for ajjubidane under Saladin i 1187, fall kyrkja igjen i ruinar.[5] Eit dokument datert til 1182 med signaturen til ein Raymundus de Jafenia, kan indikere at det var kristne her på den tida.[5][15]

Etter krossfararane overtok ajjubidane og så mamelukkane, medan osmanske tyrkarar erobra Palestina i 1517,[16] og Jifna kom under deira kontroll dei neste 400 åra. Osmanarane gjorde lite i landsbyen, men dei brukte ruinane av borga i Jifna som fengsel ei stund på 1800-talet.[6] Tidleg i 1830-åra erobra Ibrahim Pasha av Egypt det meste av Levanten og tok ei stund kontroll over Palestina. I 1834 var det eit opprør mot dei lokale egyptiske styresmaktene i Jifna-området. 26 innbyggjarar frå Jifna vart sende i eksil til Egypt for å ha delteke i opprøret.[5][17]

Ei austleg-ortodoks kyrkj vart bygd i landsbyen i 1858, og ei større latinsk kyrkje, tileigna St. Josef vart bygd i 1859, like ved ruinane av St. Georg-kyrkja.[18] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i «Survey of Western Palestine» staden som ein viktig kristen landsby, me dei latinsk kyrkje og eit nonnekloster.[19]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

I 1947 føreslo Dei sameinte nasjonane ein deling av Palestina i ein jødisk og ein arabisk stat, der Jifna skulle vere ein del av den arabiske staten.[20] Men etter den arabisk-israelske krigen i 1948 vart heile Vestbreidda, inkludert Jifna, annektert av Transjordan og vart ein del av kongedømet Jordan. I 1967 okkuperte Israel Vestbreidda, etter sigeren deira i seksdagarskrigen.[21]

I 1995 vart området overført til Den palestinske sjølvstyresmakta som ein del av «Område B».[22]

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Jifna ligg i ei åsside, i ei høgd på 661 meter over havet.[23] Han ligg mellom to gamle handelsruter, fjellruta frå nord til sør og ruta frå aust til vest mellom Jordandalen og kysten av Middelhavet.

Landsbyen ligg 8 km nordvest for Ramallah og al-Bireh og kring 23 km nord for Jerusalem. Den palestinske flyktningleiren Jalazone vart bygd sør på området til Jifna og har vegsamband til landsbyen. Landsbyane Dura al-Qar' og Ein Siniya ligg like ved Jifna i aust og nordaust. Andre stader i nærleiken er Abu Qash i sørvest, Beitin i søraust, Ein Yabrud i aust, 'Atara i nord og Bir Zeit i nordvest.[23] Jifna er knytt til Ramallah-Nablus-vegen via ein veg på austsida av landsbyen.[24]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 230
  2. 2007 Census Final Results (PDF), Palestinian Central Bureau of Statistics, henta 14. april 2009 
  3. Jifna Council Members, Jifna Village Council, 5. september 2005, arkivert frå originalen 9. januar 2008, henta 7. mai 2009 
  4. Projected Mid-Year Population for Ramallah & Al Bireh Governorate by Locality 2004–2006, Palestinian Central Bureau of Statistics, henta 14. april 2009 
  5. 5,00 5,01 5,02 5,03 5,04 5,05 5,06 5,07 5,08 5,09 5,10 Discussion Mount Efraim and Benjamin: 51. Gophna (Jifna), Studium Biblicum Franciscanum–Jerusalem, 19. desember 2001, arkivert frå originalen 5. mars 2016, henta 30. mars 2015 
  6. 6,0 6,1 6,2 Historie of Jifna, Jifna Hope Association, henta 5. september 2015 [daud lenkje]
  7. Robinson & Smith, 1841, s. 79
  8. Van de Velde, 1858, s. 317.
  9. Donner, 1992, s.52.
  10. Farsakh, Mai M. (21. juni 2006), «The rich flavors of Palestine», This Week in Palestine (Institute for Middle East Understanding), arkivert frå originalen 16. april 2009, henta 14. april 2009 
  11. Goodrich-Frier, 1905, s. 186.
  12. Robinson, 1860, s. 262–264.
  13. Gil, 1997, s.43.
  14. Boas, 1999, s.74.
  15. Röhricht, 1893, s. 162
  16. Chase, 2003, s.104–105.
  17. Robinson og Smith, 1841, s. 78 -80
  18. Conder og Kitchener, 1882, s. 323
  19. Conder og Kitchener, 1882, s. 294
  20. Kramer and Harman, 2008, p. 163.
  21. Kramer and Harman, 2008, s.319–320.
  22. Palestina Facts Timeline: 1994–1995 Arkivert 2013-07-29 ved Wayback Machine.. Palestinian Academic Society for the Study of International Affairs. Henta 30. mars 2015.
  23. 23,0 23,1 Jifna Excerpt, Palestinian Association of Cultural Heritage, arkivert frå originalen 11. august 2007, henta 14. april 2009 
  24. The West Bank: Access and Closures, United Nations Office of the Coordination of Humanitarian Affairs, January 2006, henta 5. september 2015