Vosges

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Departement Vosges)
Vosges er òg det franske namnet på fjellkjeda Vogesane
Vosges
Våpenskjoldet til Vosges
Plassering
[[Fil:|180px|Plasseringa til Vosges i Frankrike]]
Administrasjon
Departmentnummer: 88
Region: Lorraine
Préfecture: Épinal
Sous-préfectures: Neufchâteau
Saint-Dié-des-Vosges
Arrondissement: 3
Kantonar: 31
Kommunar: 515
Président du conseil général: Christian Poncelet
Statistikk
Folketal Rangering 60.
 -1999 380 952
Folketettleik: 65/km²
Landareal¹: 5 874 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Vosges (tysk Vogesen) er eit departementet nordaust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Lorraine, og er kalla opp etter fjellkjeda Vogesane (Vosges på fransk).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vosges er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Lorraine.

I 1793 vart det sjølvstendige fyrstedømet Salm (byen Senones og omgivnadane rundt), som var omgjeve av Vosges, annektert av Frankrike og vart ein del av Vosges. I 1795 vart området Schirmeck tatt frå departementet Bas-Rhin og lagt til Vosges. Vosges hadde no eit areal på 6 127 km², som det hadde fram til 1871.

I 1793 var Vosges åstad for eit stort slag mellom dei revolusjonere styrkane i Frankrike og den allierte koalisjonen. Slaget vart kjend som Slaget i Vosges.

Place des Vosges i Paris fekk dette namnet i 1799 fordi departementet vart det først til å betale dei nye revolusjonære skattane.

Etter at Frankrike tapte den fransk-prøyssiske krigen i 1870-1871 vart 4 % av dei nordaustlegaste områda av Vosges ein del av Tyskland etter Traktaten i Frankfurt. Dette var den tysktalande delen av Vosges. Områda som vart annektert tilsvarar kantonane Schirmeck og Saales. Schirmeck og Saales hadde tidlegare vore ein del av Alsace. Desse områda, i lag med resten av Alsace og dei annekterte områda av Lorraine, vart ein del av Reichsland av Alsace-Lorraine. Arealet av Vosges vart dermed redusert til 5 874 km².

I 1919, etter den første verdskrigen, vart Alsace-Lorraine gjeve tilbake til Frankrike av Tyskland, som følgje av Versaillestraktaten. Schirmeck og Saales vart derimot ein del av departementet Bas-Rhin.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Departementet er i dag ein del av regionen Lorraine og grensar til departementa Meuse, Meurthe-et-Moselle, Bas-Rhin, Haut-Rhin Territoire de Belfort, Haute-Saône og Haute-Marne.

Dei største byane er Épinal, Neufchâteau og Saint-Dié-des-Vosges.

Medan dei vestlege delane av Vosges er eit flatt sedimentærland (med gode mineralkjelder), er dei austlege delane kupert. Her ligg òg den høgast fjelltoppen, Grand Ballon på 1 424 m.

Elva Saône har sitt utspring i Vioménil i Vosges.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i departementet vert kalla vosgiens.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vosges