Exciter av Judas Priest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Exciter
Song av Judas Priest
frå albumet Stained Class
Utgjeve 10. februar 1978
Innspelt Oktober-november 1977, Chipping Norton Recording Studios i Oxfordshire
Sjanger Heavy metal, speed metal
Lengd 5:34
Selskap CBS, Inc. (UK)
Columbia Records (US)
Låtskrivar(ar) Rob Halford

Glenn Tipton

Produsent Dennis MacKay, Judas Priest

«Exciter» er ein song av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest frå 1978 på albumet Stained Class. Det er opningssporet og eit tidleg døme på speed metal.

Rettssak i 1990[endre | endre wikiteksten]

Under det sivile søksmålet mot bandet i 1990, der dei vart skulda for å plassere skjulte meldingar i songane sine som fekk ungdom til å ta livet av seg, vart «Exciter» spelt av baklengs i retten. Vokalisten Rob Halford synte med dette at når songen blir spelt baklengs verkar det som det vert sagt «I asked for a peppermint, I asked for her to get one.» [1] Dette synte for retten at alle songar som vert spelt baklengs kan innehalde setningar som vert forma av hjernen. Det same gjaldt «Better By You, Better Than Me», som hadde ein lyd som kunne tolkast som «do it».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Townshend, Tom (6. oktober 2009). «Judas Priest Cause Suicide - Debunking music’s biggest myths». Entertainment.ca.msn.com. Henta 11. september 2016.