Living After Midnight

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Living After Midnight
av Judas Priest
frå albumet British Steel
Utgjeve 1980
Innspelt Januar-februar 1980 i Startling Studios i Ascot i Berkshire
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 3:31
Selskap Columbia
Tekstforfattar Rob Halford
Låtskrivar(ar) Rob Halford

K.K. Downing Glenn Tipton

Produsent Tom Allom
Judas Priest-kronologi 
«Rock Forever»

(1979)

Living After Midnight «Breaking the Law»

(1980)


«Living After Midnight» er ein song av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest.[1] Han vart opphavleg gjeven ut på albumet British Steel i 1980,[2] som vart det første gullalbumet deira i USA med meir enn 500 000 selde eksemplar.[3] Songen talar til den hedonistiske, opprørske anda seint i 1970- og tidleg i 1980-åra, og er av dei mest populære songane til bandet.

I konsertversjonane vert linja «I took the city 'bout one a.m.» stundom endra til den byen eller staden bandet spelar. Til dømes syng Rob Halford på DVD-en Rising in the East «I took the Budokan 'bout one a.m.», som var arenaen dei spelte på i Tokyo i Japan.

Musikkvideoen vart regissert av Julien Temple og filma i live i Sheffield City Hall, og byrjar med at trommeslagaren Dave Holland spelar lufttrommer. Under gitarsoloen spelar fansen på første rad i lag med gitarar i papp.

Songen har òg blitt spelt av The Donnas på albumet The Donnas Turn 21 (2001), av Saul Blanch på hyllestalbumet Acero Argentino: Tributo a Judas Priest (2006), av L.A. GunsHell Bent Forever: A Tribute to Judas Priest (2008) og av Iron Savior som eit bonusspor på den japanske utgåva av albumet Condition Red (2002). Han vart spelt av DisturbedTribute to British Steel (2010) som musikkmagasinet Metal Hammer gav ut.

Gitarsoloen i songen vert spelt av Glenn Tipton.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bayer, Gerd (editor) (2009). heavy metal in Britain. Farnham, England: Ashgate. s. 23. ISBN 9780754664239. 
  2. Vladimir Bogdanov, red. (2002). All music guide to rock : the definitive guide to rock, pop, and soul (3. utg.). San Francisco, CA: Backbeat Books. s. 605. ISBN 087930653X. 
  3. Bowe, Brian J. (2009). Judas Priest : metal gods. Berkeley Heights, NJ: Enslow. ISBN 0766036219. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]