Breaking the Law

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Breaking the Law
av Judas Priest
frå albumet British Steel
Utgjeve 1980
Innspelt Januar-februar 1980,

Startling Studios i Ascot i England

Sjanger Heavy metal
Lengd 2:35
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Rob Halford

K.K. Downing Glenn Tipton

Produsent Tom Allom
Judas Priest-kronologi
«Living After Midnight»

(1980)

Breaking the Law «United»

(1980)


«Breaking the Law» er ein song av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest, opphavleg gjeve ut i 1980 på albumet British Steel. Songen er ein av dei mest kjende singlane til bandet, og kjend for gitarriffet i opninga.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Før Judas Priest gav ut British Steel hadde dei teke grep for å gjere musikken meir straumlinjeforma, enklare og mindre avansert. Dette blømde for fullt på British Steel. «Breaking the Law» kombinerer eit gjenkjenneleg opningsriff og eit rytmisk refreng. Teksten fortel om nokon som slit i livet - manglar arbeid, ikkje klarar å finne sseg jobb, kjenner at ingen bryr seg om dei lever eller døyr, og til slutt vert kriminell for å overleve.[1]

Songen inneheld nokre lydeffektar, som lyden av knust glas og ei politisirene. Bandet spelte inn British Steel i Tittenhurst Park, som var heimen til Ringo Starr. For å få lyden av knust glas, knuste dei mjølkeflasker som mjølkemannen kom med om morgonen. Politisirena vart skapt av gitaristen K.K. Downing ved hjelp av tremoloarmen på Stratocasteren hans.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen har ofte blitt spelt på konsertane til bandet gjennom åra, og har langsamt utvikla seg, tild ømes med ein ekstra gitarsolo av K.K. Downing over mellomspelet.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen vart regissert av Julien Temple og byrjar med vokalisten Rob Halford som syng i ein open Cadillac ned Westway-delen av A40 i Vest-London. Bilen parkerer etter kvart utafor ein bank nær Oxford Street. Halford møter to menn kledde som prestar med gitarkassar og dei går inn i banken i lag. Dei to mennene tar av seg forkledinga og det viser seg at det er gitaristane K.K. Downing og Glenn Tipton. Dei får med seg bassisten Ian Hill og trommeslagaren Dave Holland. Folket i banken vert sett ut av spel av gitarane. Bandet bryt seg inn i safen og Halfor tar ei gullplateversjon av British Steel. Dei forlet banken med plata, set seg i bilen og køyrer bort.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Songen vart plassert på 40. plassen på lista til VH1 over dei 40 beste metal-songane gjennom tidene.[2] I 2009 vart songen kåra til den 12. beste hardrocksongen av VH1.[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre band og artistar som har spelt songen er:

Referansar i popkulturen[endre | endre wikiteksten]

  • Songen vart både nytta og parodiert i «Washing the Dog», ein episode i andre sesongen av MTV-serien Beavis and Butt-head. I episoden syng duoen ein parodiversjon av songen, «Washing the dog, washing the dog» medan dei vaskar nabohunden i ein vaskemaskin. Seinare ser dei den faktiske musikkvideoen av «Breaking the Law» i den tredje sesongen av serien.
  • Songen vert nytta videospela Scarface: The World Is Yours og Guitar Hero Live.
  • Komikaren Noel Fielding lata som han song songen som ein voggesong til ein baby i den britiske musikalske komiserien Never Mind the Buzzcocks i november 2013.
  • Ein «glam folk»-versjon vert nytta under rulleteksten av Mighty Boosh-episoden «Electro».
  • Songen vart nytta i ein episode av The Simpsons. «Breaking the Law» vart òg parodiert i episoden «Steal This Episode» der Homer vert etterfølg av FBI for å ha piratkopiert filmar. Judas Priest vert henta inn for å syngje ein versjon av songen der teksten var «Respecting the law, copyright law.»
  • Songen vert nytta i filmen Adventureland.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rocker, Ron. «Judas Priest - Breaking The Law Lyrics». http://songmeanings.com/songs/view/16360/. Henta 15. september 2016. 
  2. «VH1 40 Greatest Metal Songs», 1–4 May 2006, VH1 Channel, reported by VH1.com; henta 15. september 2016.
  3. «spreadit.org music». http://music.spreadit.org/vh1-top-100-hard-rock-songs/. Henta 15. september 2016. 
  4. Watch Rob Halford Cover Judas Priest Classics With Babymetal
  5. Babymetal Perform With Judas Priest’s Rob Halford at Alternative Press Music Awards

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]