John Hinch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Hinch
Fødd19. juni 1947 (71 år)
FødestadLichfield i Staffordshire i England
OpphavStorbritannia
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarHiroshima, Bakerloo, Judas Priest
Verka sommusikar

John Frederick Hinch (fødd 19. juli 1947) er ein britisk trommeslagar. Han var den originale trommeslagaren i heavy metal-bandet Judas Priest.[1] Hinch har ein jazzrock-aktig og særs kompakt trommestil.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Hinch spelte i fleire rockeband i Birmingham, som The Pinch, The Generation og The Bakerloo Blues Line, seinare Bakerloo. Med vokalisten Rob Halford spelte han i bandet Hiroshima frå 1972 til 1973.

I mai 1973 leita gitaristen K.K. Downing og bassisten Ian Hill i Judas Priest etter musikarar for bandet sitt då vokalisten Alan Atkins og fleire midlertidige trommeslagarar slutta. Dei gjekk til Halford og Hinch etter å ha sett dei spele med Hiroshima. Glenn Tipton kom inn som andre gitarist og fullførte den førte offisielle besetninga av Jurdas Priest, og i 1974 gav dei ut debutalbumet Rocka Rolla. Hinch var òg sjåfør og turnémanager for bandet. Musikalske skilnader og kranglingar, særleg med Glenn Tipton, ørte til at Hinch slutta og vart erstatta av Alan Moore. Hinch fortsette karrieren som manager for artistar som Jameson Raid, Uli Jon Roth, Fashion, Steel, The Bureau og Zeno.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas; Prato, Greg. «Biography: Judas Priest». AMG. Henta 14 May 2010.