The Green Manalishi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Green Manalishi (With the Two Prong Crown)
Singel av Fleetwood Mac
B-side «World in Harmony»
Utgjeve 15. mai 1970
Innspelt Hollywood, april 1970
Sjanger Bluesrock, psykedelisk rock, hardrock
Lengd 4:36
Selskap Reprise Reprise RS27007
Låtskrivar(ar) Peter Green
Fleetwood Mac-kronologi
«Oh Well»
(1969 UK)

«Rattlesnake Shake»
(1969 USA)
The Green Manalishi (With the Two Prong Crown) «Dragonfly»
(1971 UK)

«Jewel Eyed Judy»
(1971 USA)


The Green Manalishi (With the Two Pronged Crown)
Song av Judas Priest
Utgjeve Mars 1979 (USA) Oktober 1979 (resten av verda)
Innspelt 1978 i Utopia i Basing Street og CBS Studios i London
Sjanger Heavy metal
Lengd 3:23
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Peter Green
Produsent James Guthrie, Judas Priest

«The Green Manalishi (With the Two Prong Crown)» er ein song skriven av Peter Green og spelt inn av Fleetwood Mac. Han vart gjeven ut som singel i Storbritannia i mai 19790 og nådde tiandeplassen på den britiske singellista.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Now, when the day goes to sleep and the full moon looks
The night is so black that the darkness cooks
Don't you come creepin' around - makin' me do things I don't want to

Peter Green (1970)

Songen vart skriven dei siste månadane Green var med i bandet, ei tid då han kjempa med LSD og hadde trekt seg attende frå dei andre medlemmane i bandet. Peter Green valgte å slutte i Fleetwood Mac då bandet ikkje gjekk med på å gje vekk alle inntektene sine, men ikkje før han hadde skrive «Green Manalishi», som verkar å dokumentere kampen hans mot galskapen han var ferd med å søkke ned i.[1] Det finst mange rykte om kva tittelen «Green Manalishi» syner til, og ein er at det er ein referanse til eit mystisk LSD-dop kalla som vart nytta i 1960- og 1970-åra, men Green har alltid hevda at det handlar om pengar, som representert av djevelen.[2]

Green forklarte at han skreiv songen etter ein dop-draum han hadde hatt, der han vart vitja av ein grøn hund som bjeffa til han. Han forstod at hunden representerte pengar. «Det skremde meg fordi eg visste hunden hadde vore død lenge. Det var ein laushund og eg såg etter han. Men eg var død og måtte kjempe meg attende til kroppen min, noko eg til slutt klarte. Då eg vakna var rommet heilt svart og eg byrja å skrive songen.»[2] Han har òg sagt at han skreiv teksten dagen etter, i Richmond Park. Visstnok klarte han ikkje å spele Robert Johnson sin «Hellhound on My Trail» etter hendinga, fordi han meinte helveteshunden i songen til Johnson var den same grøne hunde-demonen i draumen.

B-sida av singelen var ein instrumental skriven av Green og Danny Kirwan kalla «World In Harmony». Dei to songane vart spelte inn på same tid i Warner/Reprise Studios i Hollywood i California.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein 13 minuttar lang konsertversjon av «The Green Manalishi» vart spelt inn i februar 1970, før singelen kom ut i mai, men dette vart ikkje gjeve ut før i 1998 på Live in Boston: Remastered.

Songen vart spelt live av dei neste besetningane av Fleetwood Mac med Bob Welch og sidan Lindsey Buckingham på vokal på songen.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Jeremy Spencer skal ikkje ha vore med på innspelinga, men var i studio då Green spelte inn dei skumle hyla mot slutten av songen, i følgje eit intervju med Spencer i Peter Green-dokumentaren «Man of the World».

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Judas Priest-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Heavy metal-bandet Judas Priest spelte inn songen i 1979 for albumet Hell Bent for Leather (den amerikanske versjonen av Killing Machine) og har blitt så identifiserte med dei at mange trur det er ein original Priest-song. Første gongen songen vart gjeve ut verda over var på konsertalbumet Unleashed in the East, som kom året etter. Ei nyinnspeling av songen finst òg som bonusspor på den tyske og australske utgåva av albumet Demolition frå 2001. Bandet spelte songen på Live AidJFK Stadium i Pennsylvania i 1985. Denne versjonen er spelt med ein dobbel gitarsolo av Glenn Tipton og KK Downing.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er blitt spelt inn av forskjellige andre artistar og band:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Martin and Lisa Adelson, Peter Green, The Penguin: Everything that is Fleetwood Mac.
  2. 2,0 2,1 "Peter Green: Founder of Fleetwood Mac", Martin Celmins, Castle Communications, 1995.