K.K. Downing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
K.K. Downing

Downing med Judas Priest i 1984.
Fødd27. oktober 1951 (72 år)
FødestadWest Bromwich i Staffordshire i England
FødenamnKenneth Downing jr..
AliasK. K. Downing
OpphavStorbritannia
Aktiv1968–2011, 2012
SjangerHeavy metal, speed metal, hardrock
InstrumentGitar
Kjende instrumentGibson Flying V
Hamer KK Downing Signature model
Fender Stratocaster
Tilknytte artistarJudas Priest
PlateselskapColumbia
Verka somMusikar, låtskrivar

Kenneth «K. K.» Downing jr. (fødd 27. oktober 1951) er ein engelsk gitarist, låtskrivar og opphavleg medlem av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Downing var fødd i West Bromwich. Han vart kasta ut heimefrå då han var 15 år, og droppa ut av skulen kort tid etter.[1] Seint i 1960-åra oppdaga Downing rocken og gitaren. Han var i hovudsak ein sjølvlærd gitarist.[2] Han var kraftig påverka av Jimi Hendrix og prøvde å etterlikne spelestilen hans.[2] Innspelingar som påverka Downing som musikar var mellom anna «Are You Experienced», «Axis Bold As Love» og «Electric Ladyland» av Jimi Hendrix, «A Hard Road» av John Mayall & the Bluesbreakers og «Fresh Cream» av Cream.[3] Downing spelte på alle Judas Priest-albuma frå Rocka Rolla til A Touch of Evil: Live.

Downing starta i det første bandet sitt då han var 17-18 år gammal i lag med tremenningen Brian Badhams på bassgitar (no i The Elkie Brooks Band) og trommeslagaren Martin Philips. Trioen spelte hovudsakleg eit par Cream-låtar og 12-taktsblues. Downing spelte gitar med bandet etter å ha vunne eit myntkast med Badham om kven om skulle spele gitar og bass.[2]

Før han vart med i Judas Priest gjekk Downing på kokkeskule og gjekk i kokkelære ved Lyttelton Arms i Hagley.[4]

Downing var kjend for dei aggressive rockegitarsoloane sine og den doble sologitarspelinga i lag med den andre Judas Priest-gitaristen Glenn Tipton.[5] Sjølv om dei to ofte byta roller, var Downing ofte rytmegitarist, medan Tipton spelte gitarsoloane. Frå Stained Class og framover vart Tipton den satid meir dominerande låtskrivaren i Judas Priest, særleg på dei meir kommersielle songane, og Downing fekk ei mindre rolle i bandet.

Downing slutta offisielt i Judas Priest den 20. april 2011 etter at han kom på kant med resten av bandet. Richie Faulkner erstatta Downing.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Biography». Arkivert frå originalen 6. oktober 2014. Henta 10. september 2016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «K.K. Downing Interview». Guitarhoo!. Guitarhoo.com. 5 December 2012. Arkivert frå originalen 23. oktober 2017. Henta 10. september 2016. 
  3. «K.K. Downing Interview – Fave 5 Reviews». Gitarhoo!. Gitarhoo.com. 17 December 2012. Henta 10. september 2016. [daud lenkje]
  4. Matt Cooper and Dave Tindall (3 November 2009). «interview with KK Downing». Golf365. Henta 10. september 2016. 
  5. Judas Priest Info Pages – K.K. – Glenn Profile, arkivert frå originalen 14. september 2008, henta 10. september 2016 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]