Unleashed in the East

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Unleashed in the East
Konsertalbum av Judas Priest
Utgjeve 17. september 1979[1]
Innspelt 10. og 15. februar 1979
Sjanger Heavy metal
Lengd 44:35
Selskap Columbia
Produsent Judas Priest & Tom Allom
Judas Priest-kronologi
Killing Machine
(1978)
Unleashed in the East British Steel
(1980)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[2]
Rolling Stone(middels)[3]

Unleashed in the East er det første konsertalbumet til Judas Priest, spelt inn i Tokyo i Japan under Hell Bent for Leather-turneen i 1979. Det kom ut i september 1979 og vart det bestseljande albumet til bandet fram til då, og nådde topp 100 i USA[4] og topp 10 i Storbritannia,[5] og etter kvart eit av fem Judas Priest-album som selde til platinaplate i USA.[6]

Det er omdiskutert kor mykje live albumet i røynda er, og ein har på moro stundom kalla albumet Unleashed in the Studio.[5] Fleire år seinare, etter han hadde slutta i Priest, sa Rob Halford i fleire intervju at musikken verkeleg var live, men at vokalen hans hadde blitt øydelagd på den originale innspelinga og at dei spelte inn vokalen på ny i studio, men på ein konsertliknande måte.[7]

Nyare utgåver[endre | endre wikiteksten]

I 2001 kom albumet ut på CD med fire bonusspor, «Rock Forever», «Delivering the Goods», «Hell Bent for Leather» og «Starbreaker», som hadde blitt gjeve ut på ei 7" bonusplate som følgde med den japanske utgåva av albumet i 1979. Tre av desse var frå albumet Killing Machine (gjeve ut i USA som Hell Bent for Leather). «Delivering the Goods» og «Starbreaker» vart berre gjeve ut på den japanske marknaden.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Exciter» (frå Stained Class)Rob Halford, Glenn Tipton 5:38
2. «Running Wild» (frå Killing Machine)Tipton 2:53
3. «Sinner» (frå Sin After Sin)Halford, Tipton 7:31
4. «The Ripper» (frå Sad Wings of Destiny)Tipton 2:44
5. «The Green Manalishi (With the Two Pronged Crown)» (Fleetwood Mac-song; frå Hell Bent For Leather)Peter Green 3:16
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «Diamonds and Rust» (Joan Baez-song; frå Sin After Sin)Joan Baez 3:30
7. «Victim of Changes» (frå Sad Wings of Destiny)Al Atkins, Halford, K.K. Downing, Tipton 7:12
8. «Genocide» (frå Sad Wings of Destiny)Halford, Downing, Tipton 7:19
9. «Tyrant» (frå Sad Wings of Destiny)Halford, Tipton 4:32
Japansk 7"-EP/bonusspor frå 2001
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
10. «Rock Forever» (frå Killing Machine)Halford, Downing, Tipton 3:27
11. «Delivering the Goods» (frå Killing Machine)Halford, Downing, Tipton 4:07
12. «Hell Bent for Leather» (frå Killing Machine)Tipton 2:40
13. «Starbreaker» (frå Sin After Sin)Halford, Downing, Tipton 6:00
Britisk 7"-EP
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Rock Forever» (frå Killing Machine)Halford, Downing, Tipton 3:27
2. «Hell Bent for Leather» (frå Killing Machine)Tipton 2:40
3. «Beyond the Realms of Death» (frå Stained Class)Halford, Les Binks 7:20

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Judas Priest
Produksjon

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1979 UK Albums Chart 10
1979 Billboard Pop Albums (US) 70

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[8] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Unleashed in the East: Live in Japan by Judas Priest». Rate Your Music. Henta 14. september 2016. 
  2. Rivadavia, Eduardo. «Judas Priest - Unleashed in the East review». AllMusic. All Media Network. Henta 22. juni 2015. 
  3. Fricke, David (21 February 1980). «Album Reviews: Judas Priest - Unleashed in the East». Rolling Stone. Arkivert frå originalen den 10 May 2006. Henta 22. juni 2015. 
  4. «Unleashed in the East - Charts & Awards». Allmusic. Henta 14. september 2016. 
  5. 5,0 5,1 Ville Krannila. «Unleashed in the East». K.K. Downing Steel Mill. Henta 14. september 2016. 
  6. «Gold & Platinum Searchable Database - May 18, 2014». RIAA. Henta 10. september 2016. 
  7. Bogdanov, Vladimir; Chris Woodstra; Stephen Thomas Erlewine (2002). All music guide to rock: the definitive guide to rock, pop, and soul. Hal Leonard. s. 606, 605. ISBN 978-0-87930-653-3. 
  8. «American album salstrofé – Judas Priest – Unleashed in the East». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH