Heading Out to the Highway

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heading Out to the Highway
Singel av Judas Priest
frå albumet Point of Entry
Utgjeve 1981
Innspelt 1981
Sjanger Heavy metal
Lengd 3:47
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Rob Halford
K.K. Downing
Glenn Tipton
Produsent Tom Allom
Judas Priest-kronologi 
«Don't Go»
(1981)
Heading Out to the Highway «Hot Rockin'»
(1981)


«Heading Out to the Highway» er ein song av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest frå albumet Point of Entry frå 1981. Han vart gjeven ut som singel seinare det året.

Songen inneheld ein dobbel gitarsolo mellom K.K. Downing og Glenn Tipton.

Songen vart plassert på lista til VH-1 over dei 40 beste køyresongane.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Konsertopptak av «Heading Out to the Highway» finst på konsertalbuma Priest...Live! og Live in London.

Songen er spelbar i musikkvideospelet Rock Revolution.

Songen er òg blitt spelt av White Wizzard på den avgrensa utgåva av Over the Top. Songen vart spelt av det alternative metal-bandet Stone Sour på EP-en Meanwhile in Burbank... i 2015.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

I USA nådde singelen tiandeplassen på Billboard Top Tracks-lista.[1]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Judas Priest | Awards». AllMusic. Henta 11. september 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]