Turbo av Judas Priest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Turbo
Studioalbum av Judas Priest
Utgjeve 14. april 1986
Innspelt Juni-november 1985
Studio Compass Point Studios i Nassau på Bahamas
Sjanger Heavy metal, glam metal
Lengd 40:58
Selskap Columbia
Produsent Tom Allom
Judas Priest-kronologi
Defenders of the Faith
(1984)
Turbo Priest...Live!
(1987)
Singlar frå Turbo
  1. «Turbo Lover» / «Hot for Love»
    Utgjeve: April 1986
  2. «Locked In» / «Reckless»
    Utgjeve: Mai 1986
  3. «Parental Guidance»
    Utgjeve: 1986 (berre Europa)
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Metal Hammer (GER)6/7 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[2]
PopMatters(middels)[3]
Martin Popoff6/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]

Turbo er det tiande studioalbumet til det britiske heavy metal-bandet Judas Priest, spelt inn frå juni til november 1985 i Compass Point Studios i Nassau på Bahamas og miksa i januar og februar 1986 i Record Plant Studios i Los Angeles i California. Turbo kom først ut på Columbia den 14. april 1986. Albumet kom ut med nymastra lyd i 2002 med to bonusspor. Albumet var første gongen bandet nytta gitarsynthesizerar.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Etter suksessen med det førre albumet, Defenders of the Faith, ønskte Judas Priest opphavleg å spele inn eit dobbeltalbum som var meint å kome ut med tittelen Twin Turbos. Denne ideen vart skrinlagt. I staden vart materialet delt opp der dei meir kommersielle songane kom ut som albumet Turbo. Tekstane på Turbo var markert forskjellige frå tidlegare Judas Priest-album, med meir vekt på jordnære tema som kjærleik og romantikk i staden for dei vanlege sci-fi- og fantasi-tekstane deira. I det heile var det eit svar på endringa i musikkmiljøet i midten av 1980-åra, som vart meir fokusert på lys, synth-driven pop i staden for den drivande hardrocken frå 1970- og tidleg i 1980-åra.

Etter at Faith-turneen var over i 1985 tok bandet den første lengre pausen sin i karrieren og spelte ikkje i det heile i 1985, utanom på Live Aid der dei spelte tre songar. Dei byrja på Turbo den sommaren og var ferdig seint på året. Denne gongen byrja songaren Rob Halford å slite med aukande dopmisbruk og valdelege kranglar med kjærasten. Etter at kjærasten tok sjølvmord rett føre Halford, ønskte Halford å bli rein og sjekka inn på ein klinikk der han var desember 1985 til januar 1986. Han kom kraftig attende og konsertane hans på den påfølgjande turneen vart skildra som nokre av dei sterkaste prestasjonane han nokon gong gjorde.

Plateosmlaget vart nok ein gong laga av den grafiske kunstnaren Doug Johnson, som òg designa omslaga til Screaming for Vengeance og Defenders of the Faith. Omslgaet syner ei kvinnehand som tar rundt ei girstong.

Judas Priest vart spurt om ein kunne få nytte «Reckless» i filmen Top Gun, men Judas Priest avslo, både fordi dei trudde filmen ville gå dårleg og fordi dei då måtte ha utelate songen frå Turbo. På det neste albumet deira, Ram It Down, finst ein versjon av «Johnny B. Goode» som vart nytta i filmen med same namn.

«Parental Guidance» vart visstnok skrive som eit svar til åtaket til Tipper Gore mot bandet, og heavy metal generelt, i midten av 1980-åra. Organisasjonen hennar, Parents Music Resource Center (PMRC), hadde plassert songen deira «Eat Me Alive» (frå Defenders of the Faith) på tredjeplassen på lista deira over mest støytande songar, ei liste som berre vart kalla «Filthy 15». PMRC hevda at songen var obsøkn fordi han oppfordra til tvungen oralsex.[5]

Turbo var det første Judas Priest-albumet der det står oppført kven av Tipton og Downing som spelar sologitar på kva song.[6]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Turbo selde ganske bra i starten, og selde til gullplate i USA den 10. juni 1986 og platinaplate den 24. juli 1987 for 1 million selde eksemplar.[7] Albumet nådde 33. plassen i Storbritannia og 17. plassen på Billboard 200 i USA, den høgaste plasseringa til bandet før Angel of Retribution i 2005.[8] På lengre sikt har fansen vore ganske negative til dette albumet. Bandet nytta gitarsynthesizerar og brukte hint av glam metal[1] som var særleg upopulært blant fansen deira på den tida. Det var det siste albumet deira som selde til platinaplate i USA.[7]

Sju av ni songar på albumet vart framført på den påfølgjande Fuel for Life-turneen. Tittelsporet har vore på dei fleste setlistene til bandet sidan han kom ut.

Rob Halford kalla Turbo som eit «elsk/hat Judas Priest-album». I 2008 sa han til Kerrang!:

« Den einaste agendaen me nokon gong hadde i Priest var å gje kvart album sitt eige liv og eg trur me klarte det på alle frå Rocka Rolla til Nostradamus. Når det er sagt, om det fanst ei kontroversiell plate i forhold til kva folk venta frå oss, så er det Turbo. Det kom av at me flytta inn i ein ny atmosfære, men det er der me var på den tida. Somme av dei teknologiske nyvinngane som pedalbrettet som Glenn og KK nytta gav oss høvet til å bruke andre lydar og eksperimentere. Personleg syns eg der nokre bra spor på det albumet... det er ei av dei platene som det er delte meiningar om.»[9] »

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av K.K. Downing, Glenn Tipton og Rob Halford

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Turbo Lover»   5:33
2. «Locked In»   4:19
3. «Private Property»   4:29
4. «Parental Guidance»   3:25
5. «Rock You All Around the World»   3:37
Side to
# Tittel Lengd
6. «Out in the Cold»   6:27
7. «Wild Nights, Hot & Crazy Days»   4:39
8. «Hot for Love»   4:12
9. «Reckless»   4:17
Bonusspor frå 2001-utgåva
# Tittel Lengd
10. «All Fired Up» (Spelt inn under Turbo-innspelinga i 1985) 4:45
11. «Locked In» (Live i Kiel Auditorium i St. Louis i Missouri; 23. mai 1986) 4:24
Songar som var att frå Twin Turbos
# TittelAlbum dei seinare dukka opp på Lengd
1. «All Fired Up»  Turbo nyutgjeving 4:45
2. «Red, White & Blue»  British Steel nyutgjeving 3:42
3. «Prisoner of Your Eyes»  Screaming for Vengeance nyutgjeving 7:12
4. «Turn on Your Light»  Defenders of the Faith nyutgjeving 5:23
5. «Ram It Down»  Ram It Down 4:48
6. «Hard as Iron»  Ram It Down 4:09
7. «Love You to Death»  Ram It Down 4:36
8. «Monsters of Rock»  Ram It Down 5:30
9. «Heart of a Lion»  Metalogy 3:53
10. «Under the Gun»  Ikkje gjeve ut  
11. «Fighting for Your Love»  Ikkje gjeve ut  

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Judas Priest
Andre musikarar
  • Jeff Martin – korvokal på «Wild Nights, Hot & Crazy Days»
Produksjon
  • Produsert av Tom Allom
  • Lydteknikar: Bill Dooley, assistert av Paul Wertheimer og Sean Burrows
  • Miksa av Glenn Tipton, K.K. Downing, Tom Allom og Bill Dooley
  • Utstyrsansvarleg: Tom Calcaterra
  • Mastra av Bernie Grundman
  • Plateomslag av Doug Johnson

Lister[endre | endre wikiteksten]

Lister (1986) Plassering
Australian Albums (Kent Music Report)[10] 56
Nederlandske album (MegaCharts)[11] 57
Tyske album (Media Control)[12] 28
Norske album (VG-lista)[13] 13
Svenske album (Sverigetopplistan)[14] 10
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[15] 26
Britiske album (OCC)[16] 33
US Billboard 200[17] 17

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Spania(PROMUSICAE)[18] Gull 50 000^
Australia (ARIA)[19] Platina 70 000^
Canada (Music Canada)[20] Platina 100 000^
USA (RIAA)[21] Platina 1 000 000^
Sal i heile verda: 2 500 000

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Huey, Steve. «Judas Priest - Turbo review». AllMusic. All Media Network. Henta 10. september 2016. 
  2. Kessler, Sebastian (15 July 2014). «Metal-Geschichte: Alle Judas Priest-Alben im Review Metal aus über 30 Jahren» (på German). Metal Hammer. Henta 2015-06-25. 
  3. Begrand, Adrien (20 June 2002). «Judas Priest: Turbo / Priest...Live!». PopMatters. Henta 2015-06-25. 
  4. Popoff, Martin (1. november 2005). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 2: The Eighties. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. ISBN 978-1-894959-31-5. 
  5. «Judas Priest Info Pages - Turbo». Thexquorum.com. Henta 10. september 2016. 
  6. Judas Priest - Turbo Liner Notes
  7. 7,0 7,1 «RIAA Searchable Database: search for Judas Priest». Recording Industry Association of America. Henta 20. september 2016. 
  8. «Judas Priest Chart History: Billboard 200». Billboard.com. Billboard. Henta 20. september 2016. 
  9. Travers, Paul (24 May 2008). «Treasure chest. An Intimate Portrait of Love in Rock. Rob Halford». Kerrang! (1211): 52. 
  10. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, New South Wales: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  11. "Judas Priest – Turbo". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  12. "Judas Priest - Turbo". Charts.de. Media Control. Henta 15. september 2016.
  13. "Judas Priest – Turbo". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  14. "Judas Priest – Turbo". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  15. "Judas Priest – Turbo". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  16. "Judas Priest | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 15. september 2016.
  17. "Judas Priest Album & Song Chart History" Billboard 200 for Judas Priest. Prometheus Global Media. Henta 15. september 2016.
  18. «Spanish album salstrofé – Judas Priest – British Steel» (PDF) (på spansk). Productores de Música de España. 
  19. «ARIA Charts – Accreditations – 1980 Albums». Australian Recording Industry Association. 
  20. «Canadian album salstrofé – Judas Priest – British Steel». Music Canada. 
  21. «American album salstrofé – Judas Priest – British Steel». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH